Handlingsprogram folkehelse 2026–2027

Fylkestinget vedtok i juni 2026 eit rullert handlingsprogram for folkehelse for 2026 - 2027. Her finn de oversikta over tiltak fylkeskommunen skal arbeide med for å betre folkehelsa i Vestland.

foto frå Trivselsskogen på Sandane
Trivselsskogen på Sandane. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Handlingsprogrammet for folkehelsearbeidet i Vestland er utvikla ved å ta i bruk ulike verkemiddel og i tett samhandling med ulike aktørar frå kommunane, frivillig sektor, statlege aktørar med fleire.

Det er prioritet tolv delmål/satsingar frå dei regionale planane som tiltaka skal bidra til måloppnåiing på. Vidare er det lagt føringar på at tiltaka skal svare ut fire innsatsområde der folkehelsearbeidet i Vestland treng styrkast i åra som kjem.

Innsatsområde for tiltaka

  1. Kunnskapsbasert folkehelsearbeid
  2. Sosial utjamning
  3. Trygge og inkluderande lokalsamfunn
  4. Barn og unge – livskvalitet og psykisk helse

 

Bakgrunn

Det er i Utviklingsplan for Vestland 2024 - 2028 bestemt at dei regionale folkehelseplanane frå Sogn og Fjordane (pdf) og Hordaland (pdf) framleis er gjeldande. Det vert difor ikkje laga ny regional folkehelseplan for Vestland i denne planperioden, men ei rullering av handlingsprogrammet som vart utarbeidd i 2022. Samstundes er folkehelse gjennomgåande plantema i arbeidet med to nye regionale planane knytt til areal og mobilitet og verdiskaping og kompetanse