Regional plan for kultur, idrett og friluftsliv

Vestland fylkeskommune har starta arbeidet med ein regional plan for fylket. På denne sida legg vi ut informasjon og oppdateringar om arbeidet.

Dette skal bli den langsiktige planen for utviklinga av kulturfeltet i Vestland fylke og kjem til å gjelde frå 2023 til 2035. Planen skal også syne korleis feltet kan bidra i samfunnsutviklinga.

Fylkestinget skal vedta planen hausten 2022.

(trykk på pila for å utvide)

Dersom du ikkje får opna dashbordet, trykk her for å opne det i eiga fane.

Fire sentrale tema i vidare arbeid med planen

Plantema er område som vi skal arbeide med dei neste 12 åra. Det er difor viktig at dei er overordna, samtidig som dei er relevante for alle aktørane i heile planperioden. Dei skal gir rom for konkret handling og utforming av dei felles satsingane dei neste åra. Måla i utviklingsplanen styrer også prioriteringane i arbeidet vidare. 

Fylkesutvalet har i planprogrammet for planen vedteke desse fire sentrale plantema:

  • Vestland – ein leiande region for kultur, idrett og friluftsliv
  • Berekraft
  • Demokrati, deltaking og mangfald
  • Verdiskaping

Det breie kulturfeltet er vidt og mangfaldig. Når vi i planen snakkar om kulturfeltet inkluderer det alle sektorane, både frivillig og profesjonelt kunst- og kulturliv, frivilligheita, friluftsorganisasjonar, idretten og andre aktørar i feltet. Ingen vert ekskluderte i det store fellesskapet, sjølv om nemninga kan vere framand for enkelte sektorar.

Det er utfordrande å omhandle og omtale feltet under eitt. Målet med den regionale planen er likevel å finne fellesnemnarar og felles satsingar som heile feltet kan einast om og trekke saman fram mot felles mål, sjølv om alle sektorar arbeider etter eigne føresetnader. 

 

Regional plan

Regional plan skal i utgangspunktet dekke eit stort og variert fagfelt som dreier seg om så vidt forskjellige sektorar som idrett og friluftsliv, kulturminne og kulturarv og den kulturelle grunnmuren i kommunane, der opne møteplassar som bibliotek og kulturhus er viktige.

Vidare dreier det seg om anlegg for fysisk aktivitet og for kunst og kultur – og om institusjonar, museum, arkiv og kulturhistorie og kunnskap om og tilhøyrsle til stadar.

Formidling og oppleving av kunst og kultur, profesjonell kunst samt kulturell og kreativ næring. Frivillig arbeid og engasjement, inkludering og integrering, demokrati og fellesskap.

Opplevingsøkonomien er sterk, med t.d. reiseliv, filmnæring og turisme basert på kulturell eigenart.

Tidsplan

Regional plan skal gjelde frå 2023, og fylkestinget skal vedta planen i desember 2022.

Vi skal også lage eit fireårig handlingsprogram, som fylkestinget også skal vedta i desember 2022. Handlingsprogrammet skal gjelde for heile kulturfeltet.

Planprogrammet (planen for planen) vart vedteke i fylkesutvalet 22. juni 2021.

tidsplan reg. plan kultur.JPG

Medverknad

Vi legg opp til brei medverknad. Innspel frå alle delar av fylket er viktig i arbeidet med planen. Det skal vere innspelsmøte om ulike delar av planarbeidet og høyringar i fleire rundar. Planutkastet blir sendt på høyring i mai 2022

Uformell spørjeundersøking

Vi vil også gjerne ha innspel på kva som er viktig for deg og kjem til å lage ei uformell spørjeundersøking om kva tema du meiner er viktig å ha med i ein ny regional plan. Vi legg ut lenke til spørjeundersøkinga når ho er klar.

Styringsgruppe

Vi har etablert ei styringsgruppe, som skal representere det breie kulturfeltet i Vestland.

Dei som sit i styringsgruppa er

  • Øyvor Johnson, direktør for fagavdeling for kunst og kulturutvikling i byrådsavdeling for kultur, mangfald og likestilling, Bergen kommune
  • Hilde Bjørkum, kommunalsjef kultur og idrett, Sunnfjord kommune
  • Eirik Bouwer Utne, leiar kultur, Alver kommune
  • Bjørn Håvard Bjørklund, kommunalsjef, Bømlo kommune
  • Helene Ødven, dagleg leiar i Bergen og Hordaland turlag
  • Christoffer Knagenhjelm, Rådgjevar for kulturbygg og ungdomslag i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane ungdomslag
  • Anne-Kristine Aas, seniorrådgjevar, Vestland idrettskrets
  • Benedict Ernest Peter, ungdom og idrettssekretær i styret, Vestland innvandrerråd
  • Per Idar Almås, direktør, Førde internasjonale folkemusikkfestival
  • Øyunn Viken, dagleg leiar, Kultur Vest
  • Åsmund Kristiansen, direktør, Hardanger og Voss museum
  • Ane Kristiansen Solbraa, assisterande instituttleder og førsteamanuensis, Høgskulen på Vestlandet, fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
  • Kim Ove Hommen, fakultetsdirektør, Universitetet i Bergen, Det humanistiske fakultet
  • Agnes Nedregård, tidlegare styreleiar i BKFH, Biletkunstnarane Hordaland og Sogn og Fjordane

  • Geir Kjell Andersland, saksordførar for planen, nestleiar i hovudutval for kultur, idrett og integrering

Avdelingsdirektør kultur, idrett og inkludering: Per Morten Ekerhovd leiar styringsgruppa.

Styringsgruppa sitt oppdrag er å gi retning og innhald til arbeidet med regional plan for kultur, idrett og friluftsliv. Dei skal vere ein lyttepost for feltet og bringe inn eitt breitt og representativt syn på utvikling av feltet i Vestland.

Styringsgruppa møtast med jamne mellomrom. Det er sett opp ein møteplan der styringsgruppa skal møtast: 

9. september 2021
8. desember 2021
20. januar 2022
16. juni 2022
1. september 2022

Arbeidsgrupper

Arbeidsgruppene har ansvar for å løfte fram plantemaa, altså område vi skal arbeide med dei neste 12 åra. Arbeidsgruppene skal utgreie feltet basert på fagleg kunnskap og kompetanse og skal peike på utfordringar og moglegheiter, satsingar og samarbeidsformer for å løfte feltet inn i framtida.

Arbeidsgruppene er sett saman av eit breitt og representativt utval av aktørar innan feltet i Vestland. Arbeidsgruppene jobbar no med sine innspel som skal vere ferdige innan 1. desember 2021.

Dei som sit i arbeidsgruppene er

Arbeidsgruppe 1 - Ein leiande region for kultur, idrett og friluftsliv

Leiar
Inga Moen Danielsen, Tekstallianse

Deltakarar
Inga Moen Danielsen, Verdsarv, Bergen kommune
Else Marie Sandal, Ullensvang kommune
Tone Tjemsland, Carte Blanche
Torkil Sandsund Lie, Teaterfestivalen i Fjaler
Randi Marie Berntsen Farnes, Idrettsklynge Vest
Arve Lindgren, Visit Bergen, Arrangørforum

Koordinator
Tone Stedal Haugland, kunst- og kulturutvikling, Vestland fylkeskommune 

Arbeidsgruppe 2 - Berekraft

Leiar
Elisabeth Halvorsen , MUHO

Deltakarar
Trude Letnes, Voss herad
John Fritjof Fosse, Bergen og Omland friluftsråd 
Elise Hessevik, BRAK
Hanna Lønning Gjerdi, Riksantikvaren

Koordinator
Peter Forras, kulturarv, Vestland fylkeskommune

Arbeidsgruppe 3 – Demokrati, ytringsfridom og medborgarskap

Leiar
Kristin Helle Valle, Litteraturhuset i Bergen

Deltakarar
Geir Netland, Olav H. Haugesenteret
Oddmund Løkensgard Hoel, Høgskulen på Vestlandet
Solveig Morldheim, Raftostiftelsen
Ragnar Andreas Audunson, Professor emeritus, OsloMet
Kjellbjørg Lunde, fylkeseldrerådet
Maria Sung Ae Lervik, Litteraturhuset i Bergen
Svein Ekrem, Ungdom og fritid

Koordinator
Terje Haugsgjerd, bibliotekutvikling, Vestland fylkeskommune

Arbeidsgruppe 4 - Deltaking, mangfald og inkludering

Leiar
Vincent Mrimba, Bergen kommune

Deltakarar
Heidi Rhode Rafto, Skeivt Arkiv
Kari Pettersen, Bymuseet i Bergen
Brynjulf Stige, Polyfon 
Ragna Sofie Grung Moe, Bjørgvin bispedøme
Elise Barsnes, Vestland idrettskrets
Vibecke Magnus, FFO Vestland
Inger Paulsen, Vestland innvandrerråd 
Bente Borghild Undertun, RMNF Vestland
Sigrid Kvåle Myksvoll, Bergen og Hordaland turlag
Annett Eidsvåg Garvik, RMNF Bergen

Koordinator
Charlotte Espeland, kulturformidling, Vestland fylkeskommune 

Arbeidsgruppe 5 - Verdiskaping

Leiar
Knut Markhus, Kraftmuseet

Deltakarar
Jon Nedkvitne, Kvam herad
Margunn Grytten Selvik, Teater Vestland
Liv Hege Skagestad, Jakob Sandeselskapet
Therese Birkelund Ulvo, Hardanger musikkfest
Gunvar Mikkelsen, FNF Hordaland
Ingrid Hansen, PreForm 
Kirsti van Hoegee, Kraft  
Nina Torske, Vestnorsk Jazzsenter 
Pål Fidjestøl, Sparebankstiftingene 
Anne Øvrebø, Innovasjon Norge

Koordinator
Elin Storøstevik, arkiv, Vestland fylkeskommune

Arbeidsgruppe 6 – kunnskapsutvikling og formidling

Leiar
Torkjell Solbraa, Sogndal kommune 

Deltakarar
William Hazel, Bergen kommune
Helga Bjørnøy Urke, UIB, institutt for helse, miljø og likeverd
Ellen Eimhjellen Blom, HVL, fakultet lærarutdanning, kultur og idrett
Anne-Irene Myhr, Distriktssenteret
Mette Bøe Lyngstad, HVL, drama og anvendt teater
Linda Hovland, Framtidsfylket Vestlandet 
Aud Sissel Hestenes, Biletkunstnarane SF
Thora Vibecke Magnus, FFO Vestland - inkludering
Bodil Ryste, Vestland idrettskrets 
Sølvi Olrich Sørebø, KS Vest-Norge
Lars Peder Bovim, Energisenteret, Helse Bergen

Koordinator
Hanne Espe, idrett og friluftsliv, Vestland fylkeskommune

 

 

Plantema er område som vi skal arbeide med dei neste 12 åra. Det er difor viktig at temaa er overordna, samtidig som dei er relevante for heile planperioden og gir rom for konkret handling og utforming av dei felles satsingane dei neste åra. 

Plantema skal vere relevante for alle aktørane i regionen. Dei skal løfte på tvers og mobilisere til utvikling og saman skape eit større, sterkare og meir heilskapleg kulturfelt, som bidreg til å oppfylle ambisjonane i utviklingsplanen på kulturen sine premissar.

På bakgrunn av måla i utviklingsplanen er det peika ut fire sentrale plantema der heile kulturfeltet vert invitert til å utvikle innhald, utfordringar og handlingar som kan løfte kulturfeltet inn i framtida.

  • Vestland som ein leiande kulturregion
  • Eit berekraftig kulturliv
  • Deltaking, medborgarskap og mangfald
  • Kulturell verdiskaping

Dei vedtatte regionale planane for kultur i Hordaland og Sogn og Fjordane set rammene for det kulturpolitiske arbeidet inntil ein regional plan for Vestland er på plass:

Planane og strategiane gjeld i det geografiske området dei er vedtatt.

Realiseringa av dei regionale planane er eit ansvar for partnarskapen, dvs. staten, kommunane, frivillig sektor, private, kulturinstitusjonane og fylkeskommunen.

I tillegg gjeld temaplan Anleggspolitikk og kriterier for tildeling av spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv for Vestland fylkeskommune med handlingsprogram 2020–2024.

Vi har laga ein eittårig handlingsplan 2021 for Vestland fylkeskommune, som byggjer på dei regionale planane for kultur. 

Planprogrammet for kulturplanen var på høyring fram til 20. april 2021. Planprogrammet er "planen for planen" og gjer greie for blant anna

  • målet med planarbeidet og kva tema planen tek føre seg
  • planprosessen med fristar og deltakarar
  • korleis vi legg til rette for medverknad, spesielt når det gjeld grupper vi reknar med blir særleg berørte av planen

Høyringsinnspel

Vi har samla alle høyringsinnspela til planprogrammet i dette dokumentet.

Høyringsmøte

Fylkeskommunen arrangerte tre høyringsmøte om planprogrammet 16. mars. Mange aktørar innan det utvida kulturfeltet deltok, kom med gode innspel og ytra ønske om å vere med vidare i prosessen.

Geir Kjell Andersland er nestleiar i hovudutval for kultur, idrett og integrering og saksordførar for den nye regionale planen. Han innleia høyringsmøta med denne presentasjonen. Her kan du også sjå presentasjonen fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd heldt i møta.