Kompetansemekling (FORREGION Vestland)

Ønsker bedrifta di å komme i gang med forsking? Står bedrifta di framfor problemstillingar der du trur forsking kan bidra til utvikling og auka verdiskaping? Ta kontakt med ein kompetansemeklar i FORREGION Vestland, som kan gi gratis hjelp til å finne ut av kva som er rett veg vidare.

Kompetansemekling er ei gratis rådgjevingsteneste. Kompetansemeklaren hjelper med å identifisere og konkretisere prosjektidear basert på utfordringar i bedrifta di. Vidare kan kompetansemeklaren hjelpe til å få fram om du har behov for forsking for å kome vidare med prosjektet/innovasjonen. Du får også hjelp til å identifisere potensielle forskarar som kan bidra og tips om aktuelle finansieringskjelder.

Kompetansemeklaren kan tilby deltaking i FoU-møte for å avklare forskingsbehov knytt til konkrete utfordringar for fleire bedrifter i fylket, i ei spesifikk næringskjede e.l.

Prosjektet FORREGION Vestland har knytt til seg 14 fagpersonar på Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking som kompetansemeklarar. De dekker eit breidd spekter av fagområde og har erfaring frå forskingsarbeid og samarbeid mellom forskarar og bedrifter.

Alle typar bedrifter kan få hjelp av ein kompetansemeklar. Vi prioriterer likevel bedrifter som har lita forskingserfaring og som har idear som kan føre til innovasjon, berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft eller klimaomstilling i Vestland.