Søk om opphald i forskingsorganisasjon

Opphald i ein forskingsorganisasjon kan være ein god start for bedrifter som har eit prosjekt kor dei treng meir kompetanse frå eit forskingsmiljø. Ordninga har også som hensikt å etablere betre kontakt mellom bedrift og  forskingsorganisasjon. Bedrifter kan søkje om støtte til slikt opphald.

Kven er ordninga relevant for?

Aktuelle kandidatar for forskingsopphald er frå enkeltbedrifter. Vi prioriterer kandidatar frå:

  • Små- og mellomstore bedrifter som har lita forskingserfaring
  • Bedrifter som søker samarbeid med forskarar med mål om å få fram nye prosjektidear og koplingar som kan føre til konkret samarbeid om innovasjonar tilknytt eit forskingsprosjekt.

Kandidaten får moglegheit til å sette seg inn i og definere forskingsproblemstillingar som er relevant for bedrifta som sender ut kandidaten. Opphaldet kan også danne grunnlag for ein søknad om Nærings-ph.d. eller andre forskingsmidlar.

Kandidatar kan ha opphald på den forskingsorganisasjonen i Vestland som passar best i høve til det faglege tema som er aktuelt for bedrifta. Det kan vere opphald på universitet, høgskule eller forskingsinstitutt.

Kva kan du søkje om støtte til?

Det er mogeleg å få inntil kr. 100 000 i støtte til "Opphald i forskingsorganisasjon". Bedrifta må bidra med minimum 30 prosent av samla kostnader for gjennomføringa av prosjektet i form av lønna eigeninnsats

Korleis søkjer du?

Ta kontakt med kompetansemeklar for kartlegging og identifisering av mogleg "Opphald i forskingsorganisasjon".

Kompetansemeklaren kan hjelpe til med identifisering og konkretisering av tema for prosjektet, basert på konkrete utfordringar som bedrifta fremjar. Vidare hjelper kompetansemekklaren med å kartlegge potensielle forskingsorganisasjonar som kan ta imot kandidaten og med utforming av søknaden. Kompetansemekling er ein gratis rådgjevningsteneste.

Søknad om støtte til skal skje i samarbeid med ein kompetansemeklar i FORREGION Vestland.

Søknaden vert sendt Vestland fylkeskommune gjennom regionalforvaltning.Støtteordninga heiter FORREGION Vestland. Marker i søknadsskjema at det gjeld «Opphald i forskingsorganisasjon».

Nye brukarar må registrere seg i regionalforvaltning.no. Du må registrere deg som organisasjon (ikkje privat søkjar).