Søk om støtte til forprosjekt

Forprosjekt er eit innleiande forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt). Bedrifter i Vestland med lita eller inga forskingserfaring kan søkje om støtte til å starte arbeidet med å utvikle ein innovasjon ved hjelp av forsking.

Bedrifta må samarbeide med ein godkjend forskingsorganisasjon. Bedrifta må ha ambisjon om at forprosjektet skal føre til vidare arbeid med forsking eller samarbeid med forskingsorganisasjonar.

Ein av kompetansemeklarane i FORREGION Vestland må hjelpe med identifisering og konkretisering av tema for forprosjektet, basert på dei utfordringar som bedrifta fremjar.

Prosjektideen må ha som mål å utvikle ein innovasjon som kan bidra til berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft eller klimaomstilling i Vestland.

Så mykje kan du søkje om

Bedrifter i Vestland fylke kan søkje om støtte på inntil kr. 200 000,- til å starte arbeidet med eit FoU-prosjekt. Minst 70 prosent av støtta skal gå til å finansiere innsatsen til forskingspartnaren. Bedrifta må stille med 30 prosent eigenfinansiering av samla prosjektkostnader.

Du må gjennomføre prosjektet i samarbeid med ein godkjend forskingsorganisasjon. Kompetansemeklaren kan hjelpe med å finne dei rette forskarane til ditt prosjekt.

Bedrifta di kan berre sende søknad etter å ha inngått eit samarbeid med ein av våre kompetansemeklarar.

  • Prosjektet du søker støtte til, må vere eit samarbeid mellom bedrifta di og minst ein godkjend forskingsorganisasjon.
  • Bedrifta må ha en ambisjon om at arbeidet skal føre til vidare arbeid med forsking eller samarbeid med forskingsorganisasjonar. Forprosjektet bør være ei førebuing til å delta i andre finansieringsordningar for forsking, til dømes Regionalt forskningsfond Vestland, Forskningsrådet eller Horisont Europa.
  • Prosjektsøknaden må ha informasjon om den planlagde innovasjonen som forskinga skal bidra til å utvikle.
  • Prosjektet kan få inntil kr. 200 000,- i støtte. Midlane vert gjeve som bagatellmessig støtte.
  • Minimum 70 % av støttebeløpet skal gå til innkjøp av tenester frå ein godkjend forskingsorganisasjon.
  • Bedrifta må bidra med minimum 30 % av godkjente prosjektkostnader i eigenfinansiering.
  • Prosjektet varar i 4 – 12 månadar

Kompetansemeklaren kan gi nærare informasjon om krava til søknaden, og hjelpe bedrifta i arbeidet med å etablere prosjektet i tråd med dei reglar som gjeld.

Kompetansemeklaren hjelper bedrifta med kvalitetssikring av søknaden før innsending til den nasjonale utlysinga av forprosjekt gjennom Forskingsrådet sin søknadsportal for vidare behandling

Kva kan vi gi støtte til?

Følgjande kostnader kan inngå i prosjektet:

Kartlegging av litteratur og forskingsfronten på aktuelle tema for prosjektet kan berre inngå som ei mindre aktivitet.

Midlane vert tildelt etter ordninga Bagatellmessig støtte i statsstøtteregelverket. For meir informasjon om denne ordninga sjå her

Korleis søkje

Bedrifter som vil søkje om støtte til forprosjekt må først etablere kontakt med ein kompetansemeklar i FORREGION Vestland.

Kompetansemeklaren hjelper bedrifta med kvalitetssikring av søknaden før innsending til den nasjonale utlysinga av forprosjekt gjennom Forskingsrådet sin søknadsportal for vidare behandling.