Søk om forskar til låns (FORREGION Vestland)

Målet med "Forskar til låns" er å auke samarbeidet mellom bedrifter og forskarar. Forskaren jobbar med forsking, utvikling og nyskaping saman med tilsette i bedrifta i ein avgrensa periode.

 "Forskar til låns" skal utvide nettverk, stimulere til samarbeid og gi utveksling av kunnskap mellom forsking og næringsliv.

Kven kan søke?

Bedrifter i Vestland kan søke om støtte.

Det er mogeleg å få inntil kr. 100 000 i støtte til "Forskar til låns". Kravet til eigenfinansiering er minimum 30 prosent av samla kostnader for gjennomføringa av prosjektet.

Kom i gang

Ta kontakt med ein kompetansemeklar for identifisering og kartlegging av mogleg "Forskar til låns".

Meir informasjon kjem.