Søk om støtte til FoU-møte for å avklare forskingsbehov i næringslivet (FORREGION Vestland)

Eit FoU-møte tek utgangspunkt i ei konkret problemstilling som interesserer fleire bedrifter. I møtet samlar vi fleire bedrifter til diskusjon. Målet er å avklare kunnskapsstatus, behovet for ny kunnskap og å drøfte korleis bedriftene ved hjelp av forsking kan finne nye gode løysingar til den aktuelle problemstillinga.

Kven kan søkje?

Næringshagar, inkubatorar og næringsklynger i Vestland kan søkje om støtte til å gjennomføre FoU-møte.

Korleis kan du søkje?

FoU-møta vert organisert av samarbeidspartnarane våre, som er næringshagar, inkubatorar og næringsklynger i Vestland. Samarbeidspartnarane kan søkje inntil kr. 70 000 i støtte til kvart FoU-møte for å dekke førebuing, gjennomføring og etterarbeid.

Det kjem snart meir informasjon om ordninga og korleis samarbeidspartnarane kan søkjer om støtte.