Fagbrev som praksiskandidat

Har du erfaring frå eit yrke, men er ufaglært? Då kan du ta fagbrev / sveinebrev som praksiskandidat.

Kven

Du kan ta fagbrev som praksiskandidat dersom du kan:

  • dokumentere om lag 5 år med allsidig erfaring frå yrket
  • dokumentere bestått teorieksamen i lærefaget (VG3-nivå)

Med bestått eksamen og relevant praksis frå yrket kan du melde deg opp til fag- eller sveineprøve.

Praksis

Dersom du lurar på om du har nok praksis kan du bruke skjemaet vårt for utrekning av praksis (pdf)

Les meir om gjennomføringa av fag-/sveineprøven

Ønskjer du teoriundervisning før du tar vg3-eksamen i faget ditt? Då kan eit praksiskandidatkurs vera noko for deg.

Kurset skal førebu deg til skriftleg privatisteksamen på vg3-nivå.

For å vere aktuell for kurset bør du ha rundt 4000 timar relevant erfaring (tilsvarar ca. 2,5 år i 100% stilling).  

Vi tilbyr kurs i følgjande fag: 

  • Barne- og ungdomsarbeidarfag  
  • Helsearbeidarfag
  • Logistikkfag  
  • Reinhaldsfag 

Vi startar kurs når vi har nok søkjarar i eit fag. Kursa går for det meste føre seg på ettermiddag/kveld ein gong i veka over ca. 1 skuleår. 

Vi set opp kurs i område der vi har søkjarar, men ved behov set vi også opp nettkurs, gjerne med nokre fysiske samlingar. 

Kurset er gratis, og inkluderer undervisning, lån av bøker og privatisteksamen.

Du treng eigen PC for å delta på kurset. Fylket si PC-ordning for elevar gjeld ikkje deltakarar på desse kursa. 

Du søkjer om kurset på vigo.no. Søknaden blir behandla når all dokumentasjon er lasta opp:

  • Tidlegare skule og utdanning
  • Dokumentasjon på relevant erfaring (attest)
  • Gyldig opphaldsløyve for søkjarar med anna statsborgarskap enn norsk.

    Du bør kunne snakke, lese og skrive norsk, fordi undervisninga og eksamen er på norsk.

For å melde deg til fagprøve som praksiskandidat i Vestland fylkeskommune, må du ha folkeregistrert adresse i Vestland.

Prøveavgift

Du må betale prøveavgift. Prøveavgifta er 1011 kroner for førstegongsprøve og 2027 kronar for andregongsprøve. Du betalar prøveavgifta med kort når du sender inn oppmeldingsskjemaet.

Teorieksamen

Du må ha bestått teorieksamen i lærefaget på vg3-nivå for å kunne gå opp til fag-/sveineprøve i lærefaget. Eksamen tar du som privatist.

Du treng ikkje å legge ved dokumentasjon på at du har bestått eksamen når du melder deg opp. Vi har tilgang til eksamensresultat i systema våre.

Meir om oppmelding til privatisteksamen

Tilleggsdokumentasjon

I nokre fag må du dokumentere at du har førarkort eller andre sertifikat. Sjå læreplanen for faget om det er spesielle krav i lærefaget ditt på Udir si nettside.

Tilrettelegging

Dersom du treng tilrettelegging på fag-/sveineprøva, må du søkje om det. Det er ei eiga fane i oppmeldingsskjemaet der du søkjer om tilrettelegging. Du må laste opp sakkunnig uttale av nyare dato.

Innhald i attestar

Du har sjølv ansvar for å laste opp dokumentasjonen på praksis som trengst. Dette gjer du ved oppmelding. Om det manglar dokumentasjon, vil saksbehandlinga ta lenger tid.

Attestar frå arbeidsgjevar må innhalde:

  • Namn og fødselsdato
  • Informasjon om arbeidsgjevar
  • Startdato
  • Sluttdato eller informasjon om at du framleis er tilsett
  • Arbeidstittel
  • Detaljert beskriving av arbeidsoppgåve 
  • Stillingsstorleik. Om du har deltidsstilling og har arbeidd ekstravakter eller vore ringevikar, må du dokumentere kor mange timar du har arbeidd.

Driv du eige firma?

For å dokumentere relevant praksis frå eige firma må du sende inn følgjande:

  • Firmaattest eller utskrift frå Brønnøysundregisteret som inneheld organisasjonsnummer, beskriving av firmaet si verksemd og tal frå rekneskap.
  • I tillegg til informasjonen frå Brønnøysundregisteret, må du leggje ved attest frå autorisert rekneskapsførar eller oppdragsgjevar som opplyser om at du har utført arbeid som er relevant for faget og omfang av utført arbeid (arbeidstimar, stillingsstorleik).
  • Dokumentasjon på arbeidserfaring innan det aktuelle lærefaget frå andre som har fagleg kompetanse.

Meir informasjon

På Utdanningsdirektoratet (Udir) si nettside finn du meir informasjon om vurdering av praksis.

Her finn du ei oversikt over saksgangen frå du blir meldt opp til fagprøve og til du og lærebedrifta får resutlatet.

Forklaringar

  • Når vi skriv bedrift meiner vi lærebedrift eller opplæringskontor
  • Når vi skriv prøve omhandlar det fag-/ sveine- og kompetanseprøve

Praksiskandidat

Praksiskandidat
Fylkeskommunen
Teori må være bestått i forkant av oppmelding til fagprøve.  
Melder seg opp og tek teoretisk eksamen, oppmeldingsfrist 1.2 om våren, 15.9 om hausten
Vlfk.no/praksiskandidat
 
Betaler oppmeldingsavgift og melder seg opp til praktisk prøve på vlfk.no/praksiskandidat, ingen frist Sakshandingstid på minst 6 mnd.
Fylkeskommunen sender automatisk kvittering på at oppmeldinga er motteken.
  Praksiskandidaten får vedtak om at oppmeldinga er godkjent.
Godkjent oppmelding blir sendt til prøvenemnd
  Prøvenemnd tek kontakt med kandidaten og avtaler prøvetid -stad og innhald
Praksiskandidaten må sjølv dekkje utgifter til prøve gjennomføring  
  Prøvenemnda gjennomfører og vurderer prøven og sender resultatet til fylkeskommunen
  Prøvenemnda har ei oppsummerande samtale etter prøven og formidlar resultatet til kandidaten.
  Fylkeskommunen sender melding om resultatet til kandidaten
  Fylkeskommunen sender ut kompetansebevis
  Fylkeskommunen sender ut fag-/sveinebrev evt. inviterer til utdeling
Praksiskandidat mottek skriftleg melding om at prøve ikkje er bestått med tilleggsprotokoll.
Klagefristen er tre veker. Merk at du berre kan klage på fag-/sveineprøven dersom du har fått resultat ikkje bestått.
Du kan lese meir om klage under overskrifta "Bestod du ikkje prøven?" på denne sida.
 
Praksiskandidaten kan melde seg til 2. gongs prøve tidlegast 6 månader etter at han var oppe til prøve  
  Saksbehandlingstid 4 -6 mnd
  Gjennomføring, sjå 1. gongs prøve.