Fagprøven

På denne sida finn du blant anna informasjon om kven som skal melde deg opp til fag- og sveineprøven, korleis prøven går føre seg, og korleis prøven er oppdelt.

Kva er ein fag- og sveineprøve?

Fag- og sveineprøven er praktisk og skal teste dei faglege kunnskapane og ferdigheitene dine.

Etter at du har bestått prøven, og du har fullført læretida, får du utstedt fag- eller sveinebrevet. Dette er det endelege beviset ditt på utdanninga og yrkestittelen din, og du kan kalle deg fagarbeidar.

Lærling og lærekandidat

Lærlinger som er knytt til ein skule, ei lærebedrift eller eit opplæringskontor skal meldast opp av lærebedrifta og opplæringskontoret. Dette gjer du i Vigo bedrift.

Lærlingen/lærekandidat skal gjennomføre fag- og sveineprøva innan de siste tre månadane av læretida. Oppmeldinga må difor vere sendt til fylkeskommunen i god tid før utløp av læretida.

Praksiskandidat

Praksiskandidatar skal sjølve melde seg opp via det elektoniske oppmeldingsskjema vårt. Her finn du oppmeldingsskjema og informasjon om kva som skal leggjast ved skjema.  

Det er ingen frist for å melde seg opp til fag- eller sveineprøve som praksiskandidat. Du melder deg opp når du har:

  • bestått teorifaga som er obligatorisk for fagfeltet ditt
  • tilstrekkelig med relevant praksis i faget


Meld deg opp til teorifaga

Les meir om krava for å gå opp til fag- eller sveineprøve som praksiskandidat.

Når oppmeldinga di er godkjent av fylkeskommunen, vil du få ei stadfesting.  Prøvenemnda vil ta kontakt med deg og lærebedrifta di for å avtale prøvetidspunkt og prøvearbeid.

Om du er lærling eller lærekandidat, er det lærebedrifta di som skal kontakte prøvenemnda. Om du er praksiskandidat, er det du sjølv som skal kontakte prøvenemnda.

Når tid og stad er avtalt vil du motta ei skriftleg innkalling frå prøvenemnda. Det er viktig at du svarar på innkallinga, det gjeld uansett om du kan møte til den datoen som er satt eller ikkje.

For lærlinger og lærekandidatar skal prøven haldast i den bedrifta der hovuddelen av læretida er gjennomført. I nokre tilfelle blir fagprøven halden på ein prøvestasjon.

Praksiskandidatar har sjølve ansvar for å finne ein stad for å gjennomføre prøven, enten det er i bedrifta der du arbeider eller du leiger ein prøvestad.

Prøvenemnda skal godkjenne prøvestaden for å sikre at forholda er lagt til rette for at du får mogelegheit til å vise det du har lært.

Prøven startar når prøvenenmda deler ut oppgåva. Du startar med planleggingsdelen, og du skal grunngi dei løysningane du vel. Etter at planlegginga er ferdig går du i gang med utføringa. Til slutt skal du lage eit samla dokument av eige prøvearbeid. Der skal du vurdere planleggingsdelen og det praktiske prøvearbeidet.

Prøvenemnda kan stille spørsmål for fagleg avklaring knytt til oppgåvene som er gjort.

Oppgåvene blir basert på kompetansemåla i læreplanen og skal prøve deg i følgjande:
• planlegging av prøvearbeidet og grunngi dei valde løysningane
• gjennomføring av fagleg arbeid
• vurdering av eige prøvearbeid
• dokumentasjon av eige prøvearbeid

Oppgåva er laga slik at du skal få vise kvalitet i arbeidet du utfører under fag- eller sveineprøven. Alle hjelpemidla du har hatt tilgang til under læretida kan brukast under fag- og sveineprøven.

Etter at prøven er fullført, fyller prøvenemnda ut ein prøveprotokoll som dei returnerer til fylkeskommunen. Fylkeskommunen gir deg ei skriftleg melding om prøven er bestått eller ikkje.

Utdanningsdirektoratet sine sider finn du oversikt over kompetansemåla i dei ulike faga og kor lang du kan forvente at prøven er. Lengda på prøven varierer avhengig av fag.

Om du har behov for tilrettelegging under fag- eller sveineprøven kan du søkje til fylkeskommunen om det.

 

Du kan lese meir om tilrettelegging i Forskrift til opplæringslova.

 

Lærling og elev

Saman med søknaden må du legge ved ei sakkunnig vurdering som er skrive etter at du starta på vidaregåande. Vurderinga må seie kva type tilrettelegging du har behov for.

Her finn du søknaden om særskilt tilrettelegging. Den skal sendast til fylkeskommunen saman med den sakkunnige vurderinga.

Om du ikkje allereie har ei sakkunnig vurdering kan du kontakte PPT og avtale time for utgreiing. Her finn du informasjon om korleis du går fram for å få time til vurdering.

Praksiskandidat

Som praksiskandidat melder du deg opp til fag- og sveineprøve sjølv, det gjer du elektronisk. I den elektroniske oppmeldinga vil du få mogelegheit til å krysse av for om du treng særskilt tilrettelegging og legge ved nødvendig dokumentasjon.

Eksempel på dokumentasjon kan vere uttale frå ein sakkunnig person, til dømes lege eller psykolog. Dersom du har lese- og skrivevanskar (eks. dysleksi), må uttalen kome frå Pedagogisk /psykologisk teneste (PPT) eller logoped (MNLL).

Dokumentasjonen skal beskrive vanskane dine og korleis desse påverkar deg under prøvesituasjonen. Grunnen til at vi ber om opplysningar om helsetilstanden din er at fylket skal gjere eigne vedtak etter gjeldande regelverk.

Vi har teieplikt.

Klage

Det er tre mogelege karakterar å få på ein fag- eller sveineprøve. Desse er Bestått mykje godt, Bestått eller Ikkje bestått. 

Du kan berre klage dersom du har fått resultat Ikkje bestått.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket er, eller burde vore kjent med vedtaket.

Du kan klage på to grunnlag:
1. formelle feil eller andre ikkje-faglege forhold
2. fagleg vurdering

Ved klage på formelle feil/andre ikkje-faglege forhold

Klagen blir behandla av fylkestinget eller den dei gir myndigheit.

Dersom du får medhald i at det er gjort formelle feil som hadde avgjerande innverknad på prøveresultatet, blir resultatet oppheva. Prøven vil då reknast som ikkje gjennomført og du kan ta ny prøve å snart som mogeleg.

Ved klage på fagleg vurdering

Du sender klagen til fylkeskommunen der fagprøven er gjennomført.

Fylkeskommunen innhentar ei uttale til klagen frå prøvenemnda og sender denne, klagen din og all dokumentasjon frå fagprøven til faget si klagenemnd. All dokumentasjon knytt til fagprøven må vere med for at klagenemnda skal ha eit vurderingsgrunnlag.

Klagenemnda kan omgjere resultatet frå Ikke bestått til Bestått, eller dei kan avvise klagen.

Klagen skal sendast til fylkeskommunen via eDialog.

Dersom du ikkje kan møte til fagprøven, må du melde frå om dette snarast. Du melder frå ved å kontakte prøvenenmda. Kontaktinformasjonen til prøvenemnda har du fått tilsendt frå fylkeskommunen saman med brev om godkjent oppmelding.

Gyldig fråvær frå prøven er når hindringa er uføreseieleg og du ikkje kan lastast for hindringa. Du må legge fram dokumentasjon på dette. Eksempel på dette er sjukemelding ved sjukdom. Du vil då ha rett på utsett prøve som skal haldast så snart det er praktisk mogeleg.

Utan dokumentasjon for gyldig fråvær, blir prøven registrert som «ikkje møtt til prøve». Dersom du er lærling og ikkje kan levere gyldig dokumentasjon for fråværet, må du melde deg til fag- eller sveineprøve som praksiskandidat.

Les meir om krava for å ta fag- eller sveineprøven som praksiskandidat.

Om du kjem for seint til prøven, mistar du retten til å starte prøven. Prøven blir rekna som «ikkje møtt til prøve».

Her finn du ei oversikt over saksgangen frå du blir meldt opp til fagprøve og til du og lærebedrifta får resutlatet.

Forklaringar
  • Når vi skriv lærling meiner vi lærling, lærekandidat, praksisbrevkandidat og fagbrev på jobb-kandidat
  • Når vi skriv bedrift meiner vi lærebedrift eller opplæringskontor
  • Når vi skriv prøve omhandlar det fag-/ sveine- og kompetanseprøve

Lærling

Lærling
Fylkeskommunen
Lærling og lærebedrift må sjekke at all teori er bestått.  
Lærebedriften melder lærlingen opp til prøve ca 6 månader før kontraktslutt  
  Fylkeskommunen sender automatisk kvittering på at oppmeldinga er motteken til lærling med kopi til lærebedrift.
Informasjon om krav til teori og moglegheit for å søke om tilrettelegging av fag-sveine prøve
  Fylkeskommunen godkjenner oppmelding ca. 4 mnd. før kontraktslutt og sender vedtak til lærling med kopi til lærebedrift
  Godkjent oppmelding blir sendt til prøvenemnd
  Prøvenemnd tek kontakt med opplæringsstaden og avtaler prøvetid, -stad og innhald.
Bedrift kan inntil 14 dagar før prøven melde relevant innhald til prøvenemnda.
Kandidaten skal ha skriftleg varsel om prøve 14 dagar før prøvestart.
  Prøvenemnda gjennomfører og vurderer prøven og sender resultatet til fylkeskommunen.
Prøvenemnda har ei oppsummerande samtale etter prøven og formidlar resultatet til kandidaten.
  Fylkeskommunen sender skriftleg melding om resultat til lærling med kopi til lærebedrift/opplæringskontor
  Fylkeskommunen sender ut vitnemål eller kompetansebevis til lærling
  Fylkeskommunen sender ut fag-/sveinebrev evt. inviterer til utdeling
Lærling og bedrift mottek skriftleg resultat om at prøven ikkje er bestått med tilleggsprotokoll.  

Lærling har klagefrist på tre veker frå han har motteke skriftleg melding om resultat.

Merk at du berre kan klage på fag-/sveineprøven dersom du har fått resultat ikkje bestått.

Du kan lese meir om klage under overskrifta "Bestod du ikkje prøven?" på denne sida.

 
Om lærlingen ikkje vil klage, melder lærebedrifta opp til 2. gongs prøve  
  Fylkeskommunen godkjenner oppmelding og sender oppmelding til prøvenemnd, ca 3 vekers sakshandsamingstid
  Gjennomføring, sjå 1. gongs prøve.