Meld deg opp til fagprøve eller sveineprøve

Praksiskandidatar skal melde seg opp til fag-/sveineprøve sjølve. Dersom du er lærling i ei bedrift er det lærebedrifta di som har ansvar for å melde deg opp til fagprøve.

Du skal melde deg opp til fagprøven i det fylket der du har di folkeregistrerte adresse. Om bedrifta du arbeider i ligg i Vestland, men du bur eit anna fylke, skal du melde deg opp i fylket der du bur.

Les meir om praksiskandidatordninga

Sjå Utdanningsdirektoratet for meir informasjon

Lurer du på om du har nok praksis?

Her finn du eit skjema du kan bruke for å rekne ut kor mykje praksis du har. (pdf)

Sakshandsamingstid

For tida må du rekne med at sakshandsamingstida er 4 til 6 månader.

Prisar i 2021:

  • For førstegongsprøve er prisen 1011 kr.
  • For andregongsprøve er prisen 2027 kr.

Du betaler prøveavgifta med kort i oppmeldingsskjemaet.

Prøveavgifta dekker ikkje utgifter til prøvestaden. Praksiskandidatar må sjølv organisere prøvestad og betale for den.

Kontroller at du melder deg opp i rett fylkeskommune. Du skal melde deg opp i den fylkeskommunen du har folkeregistrert adresse.

Dersom du tidlegare har tatt fagprøven som lærling men ikkje bestått og no skal ta fagprøven som praksiskandidat for første gong, er prisen 981 kr.


Dokumentasjon på praksis

Attestar skal vise kor lang praksis du har og at kunnskap og praksis er i samsvar med kompetansemåla som står i læreplanen.

Her finn du ein attest som arbeidsgivarar kan nytte dersom dei ikkje har ei eiga mal. Det er viktig at ein attest innehald namn, fødselsdato, startdato for tilsetjingstilhøve, sluttdato eller informasjon om at kandidaten framleis er tilsett, arbeidstittel og detaljert beskriving av arbeidsoppgåver. Ein attest må underskrivast, daterast og stemplast med bedriftstempel.

Forslag til arbeidsattest

Finn aktuell læreplan med kompetansemål hos Utdanningsdirektoratet

Dokumentasjonskrav ved oppmelding til fag- eller sveineprøve

Driver du eiga firma?

Dersom du driv eiga firma kan du ikkje nytte denne attesten. Du må i staden leggje fram attest frå rekneskapsbyrå, oppdragsgivarar og attest frå Skatt Vest som viser omfanget av aktiviteten i firmaet dei siste 5 åra. Bakgrunnen for dette er Udir sine retningsliner om at praksis som sjølvstendig næringsdrivande berre kan godkjennast dersom tenestene kan dokumenterast av andre med fagleg kompetanse. Det er og krav om registrering i Brønnøysundregisteret og momsregistret som viser reell næringsverksemd.

Er du lærar eller ingeniør?

Praksis som lærar, ingeniør, formann, arbeidsleder o.l. godkjennast ordinært ikkje, med mindre arbeidet har vore utført i eit arbeidsfellesskap. Bakgrunnen for dette er Udir sine retningsliner kor arbeidspraksis skal opparbeidast ved å delta i eit arbeidsfellesskap med andre.

Søknad om tilrettelegging

Dersom du har behov for det må du legge ved søknad om tilrettelegging og sakkunnig uttale av nyare dato. 

Kopi av gyldig førarkort i yrkessjåførfaget

Kandidatar som skal melde seg opp til fagprøve i yrkessjåførfaget må legge ved kopi av framside og bakside av gyldig førarkort.

Har du behov for særleg tilrettelegging må du legge ved søknad og sakkunnig uttale av nyare dato. 

Les meir i Forskrift til opplæringslova § 3-58

Søknad om særskild tilrettelegging av fagprøve

Utanlandske statsborgarar utan folkeregistrert adresse i Norge kan òg melde seg opp som praksiskandidatar.

Dei må då vere tilsette i ei bedrift som ligg i Vestland fylke.

Bedrifta må stille med ein skriftleg garanti på 12 000 kroner. Dette skal dekke fylkeskommuna sine kostnader i samband med fagprøva.

Kandidaten må oppfylle alle krava til norsk teorieksamen og praksis etter opplæringslova. Kravet om garanti gjeld ikkje for utanlandske statsborgarar med folkeregistrert adresse i Vestland. For dei gjeld dei vanlege reglane for praksiskandidatar.

Her finn du eit rekneark som du kan nytte for å sjå kor mykje praksis du har i det faget du ynskjer å søke om å gå opp til fag- eller sveineprøve i.

Reknearket er meint å vere til hjelp for deg og er ikkje ein stadfesting på praksistida di. Når du har sendt inn ein oppmelding til fylket skal det handsamast før du får eit endeleg svar på om du har tilstrekkeleg praksis i faget.

Klikk her for å gå til reknearket.