Det du treng å vite om vitnemål

Eit vitnemål er ein offentleg dokumentasjon på at du har fullført og bestått vidaregåande opplæring som gir studiekompetanse og/eller yrkeskompetanse.

Det finnes fleire typar dokumentasjon:

  • vitnemål 
  • kompetansebevis 
  • fag- og sveinebrev

Under kan du lese meir om dei.

For elevar eller tidlegare elevar

Det er skulen du fullførte/bestod opplæringa som skrive ut vitnemålet.

Dersom du har mista det originale vitnemålet ditt kan du få duplikat ved å kontakte skulen din/den tidlegare skulen din.

Finn skulen din

Er skulen din lagt ned

Dersom skulen din er lagt ned kan du bestille vitnemål/kompetansebevis ved å sende inn det digitale skjemaet vårt.

Vitnemål utferda før 1998

Dersom du ønskjer å få kopi av vitnemål utferda før 1998 må du ta kontakt med oss på eksamen@vlfk.no

For privatistar

Har du tatt privatisteksamen og vil oppdatere vitnemålet ditt må du ta kontakt med skulen som sist skreiv ut vitnemål for deg.

Finn skulen din

Dersom du har tatt Påbygging til generell studiekompetanse vg4 (etter bestått fag-/sveineprøve) som privatist kan du bestille vitnemålet ved å følgje lenka under.

Bestill oppdatert vitnemål

For lærlingar

Lærlingar får vitnemål etter bestått og fullført fagopplæring. Vitnemålet blir skrive ut av fylkeskommunen etter at læretida di er gjennomført, og fag-/sveineprøven er avlagt og bestått.

Dersom du har mista det originale vitnemålet ditt kan du få duplikat ved å bestille det hos oss. 

Bestill kopi av vitnemål

Elektronisk vitnemål

Dersom du har fullførte norsk vidaregåande skule i 2000 eller seinere, har du mest sannsynleg også eit elektronisk vitnemål. Du finn det i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB).

Du kan også lese meir om dette på nettsida til Samordna opptak

Vitnemål på engelsk

Når du søkjer på skular i utlandet, vil du ofte bli bedt om å sende med godkjent kopi av vitnemålet oversatt til engelsk. Du kan be om å få vitnemålet ditt på engelsk ved å ta kontakt med den skulen som skreiv ut vitnemålet (t.d. skulen du var avgangselev ved).

Finn skule

Kompetansebevis er ein offentleg dokumentasjon på gjennomført vidaregåande opplæring som ikkje kvalifiserer for vitnemål eller fag-/sveinebrev. Unntak er for praksiskandidatar og kandidatar i ordninga Fagbrev på jobb.

Du kan få kompetansebevis dersom du har:

  • fullført, men ikkje bestått eit fastsett opplæringsløp i Kunnskapsløftet
  • fullført årstrinn, men ikkje eit heilt opplæringsløp i Kunnskapsløftet
  • fullført eitt eller fleire fag, eller deler av fag, i vidaregåande opplæring
  • fullført opplæringskontrakt og bestått kompetanseprøve som lærekandidat
  • fullført og bestått fagopplæring som praksiskandidat eller kandidat i ordninga Fagbrev på jobb
  • avlagt eksamen i fag som privatist

For elevar eller tidlegare elevar

Skulane skriv ut kompetansebevis til elevar som har fullført eitt eller fleire fag, eller deler av vidaregåande opplæring.

Dersom du har mista eller treng duplikat av kompetansebeviset ditt, kan du kontakte skulen du var avgangselev ved.

Finn skulen din

Er skulen din lagt ned

Dersom skulen din er lagt ned kan du ta kontakt med oss på eksamen@vlfk.no.

Kompetansebevis utferda før 1998

Dersom du ønskjer å få kopi av kompetansebevis utferda før 1998 må du ta kontakt med oss på eksamen@vlfk.no

For deg som er praksiskandidat, lærekandidat eller kandidat i ordninga Fagbrev på jobb

Når du har bestått fag-, sveine- eller kompetanseprøven sender vi eit kompetansebevis til den folkeregistrerte adressa di.

Kompetansebevis er gyldig dokumentasjon som du t.d. kan bruke til jobbsøknad, opptak til fagskule eller liknande.

Dersom du har mista kompetansebeviset ditt kan du bestille nytt hos oss.

Bestill nytt kompetansebevis

For lærlingar

Lærlingar som ikkje består fag-/sveineprøven blir ikkje kvalifisert for vitnemål, men kan då be om å få tilsendt kompetansebevis. Dette gjeld også deg som har bestått fag-/sveineprøve, men ikkje bestått eitt eller to fellesfag frå vidaregåande opplæring.

Bestill kompetansebevis

For deg som er privatist

Privatistar som tar fag eller ønskjer å fornye karakter i eit fag får ikkje automatisk tilsendt kompetansebevis etter avlagt eksamen. Privatisar må sjølve bestille ei utskrift av kompetansebeviset dersom ein treng det.

Bestill kompetansebevis

Kompetansebevis på engelsk

Dersom du treng kompetansebevis på engelsk tar du kontakt med den skulen som skreiv ut kompetansebeviset ditt (t.d. skulen du var avgangselev ved). Finn skule

Dersom det var fylkeskommunen som skreiv ut kompetansebeviset ditt og du ønskjer det på engelsk, bruker du det digitale bestillingsskjemaet vårt.

Fag-/sveinebrev-diplom får du etter bestått og fullført fagopplæring. Har du bestått kompetanseprøve får du eit kompetansebrev-diplom. Diplomet er i A3-format som du kan henge på veggen.

Hugs at det er vitnemålet/kompetansebeviset du må bruke når du skal dokumentere at du har bestått opplæringa.

Har du mista fag-/sveinebrev- eller kompetansebrev-diplomet ditt kan bestille eit nytt hos oss.

Bestill diplom

Lommefagbevis

Har du gjennomført og bestått fagopplæring som gir fag-/sveinebrev kan bestille eit lommefagbevis. Dette er eit bevis på størrelse med eit bankkort og som kan vere greit å ha for deg som jobbar på anlegg.

Du bestille lommefagbevis hos Idemia AS.

Bestill lommefagbevis