Mobbeombodet i Vestland

Aina Drage og Mari-Kristine Morberg er mobbeombod for barnehagebarn og elevar i grunnskulen. Vi jobbar for at barn og elevar skal ha det trygt og godt i barnehagen og på skulen. Vi kjenner barn og unge sine rettar og kan fortelje deg korleis du skal gå fram om eit barn ikkje har det bra. Alle kan ta kontakt med mobbeombodet. Vi har teieplikt, det tyder at vi ikkje seier noko vidare utan at du ønskjer det.