Kontakt mobbeombodet

Slik kan du kontakte mobbeombodet i Vestland.

Du kan ta kontakt med meg på telefon eller e-post. Ikkje send sensitiv informasjon som t.d. namn på barn eller skule/barnehage om du nyttar e-post.

Mobbeombodet på Instagram (mest for deg mellom 13 og 20 år)

Du finn oss på Instagram, som ombodvestland. Her gir vi tips og råd, skriv litt om kva vi driv på med og ting vi tenkjer det kan vere nyttig for deg å vite.

Mobbeombodet på Facebook (mest for føresette og lærarar)

På Facebook legg vi ut nyttige lenker, tips, råd og nyhende. 

Om du treng nokon å snakke med på kveldstid kan du til dømes chatte med nokon på www.snakkommobbing.no eller www.korspahalsen.no.

Du kan også ringe Alarmtelefonen for barn og unge som er døgnopen 116 111.

Om du er forelder kan det vere godt å snakke med Foreldresupport på telefon 116 123

Vi treng ikkje vite kven du er eller kor du eller barnet ditt går i barnehage eller på skule. Du kan velje om du vil vere anonym eller ikkje når du er i kontakt med oss.

Vi lagrar nokre opplysningar sjølv om du vil vere anonym. Til dømes dato du tok kontakt, korleis du tok kontakt (SMS/e-post, osb), kven som tok kontakt (elev, ein ven, far/mor/lærar), om du/barnet går i barnehage eller kva trinn på skulen du går på, stikkord om kva situasjonen handlar om (til dømes utfrysing).

Ingen av opplysningane vi lagrar kan identifisere deg om du vil vere anonym.

Om du vil at vi skal følgje opp eller at vi lett skal finne igjen saka, kan vi lagre kontaktinformasjonen din om du ønskjer det.

Vi gir ikkje ut opplysningar til andre. Mobbeomboda slettar informasjonen etter fem år.