Føresette i skule
Aina Drage er mobbeombod for elevar i Vestland.
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.
Det må ikkje vere mobbing for at de skal melde i frå. Viss barnet ditt ikkje har det bra, har ho eller han rett på hjelp frå dei vaksne på skulen.
Du finn meir informasjon om dette på www.nullmobbing.no/skole Det er også derfrå mykje av informasjonen på denne sida er henta frå.
Kva kan mobbeombodet hjelpe deg med?
Eg kjenner barn og unge sine rettar og kan fortelje deg korleis du skal gå fram om barnet ditt eller eit anna barn ikkje har det bra på skulen eller om klassemiljøet er utrygt.
Eg:
- svarer på spørsmål om klassemiljø og mobbing
- svarer på spørsmål om ditt barn sine rettar til eit trygt og godt skulemiljø
- tar i mot informasjon om ditt barn sine opplevingar
- gir råd og rettleiing i saker
- informerer om framgangsmåte ved melding til skulen eller til statsforvaltaren
- kan hjelpe deg med å melde saken til skule eller statsforvaltaren
- kan ta kontakt med rektor på skulen for å diskutere saken om de ønskjer det
- kan i nokre saker stille i møter saman med dykk for å få svar på spørsmål de har
- gir dykk informasjon om kvar de kan vende dykk om vi ikkje kan hjelpe dykk
All hjelp frå meg er gratis - eg har teieplikt. Du kan vere anonym når du tar kontakt med meg.
Kva kan du sjå etter?
Det er ikkje alltid barn fortel om det som skjer på skulen. Spørsmål du kan stille deg:
- Viser barnet glede over å vere på skulen?
- Kva fortel barnet heime om skulen?
- Verkar det som om barnet ditt har vener på skulen?
- Verkar det som om barnet ditt kjenner seg trygg på skulen?
- Fortel barnet om leik eller morosame opplevingar?
- Er dei vaksne på skulen opptekne av korleis barnet ditt har det på skulen?
- Endringar i åtferd
Kva skal du gjere?
Det er viktig at du melder frå til skulen dersom du oppdagar at ditt eller andre sitt barn ikkje har det bra.
Du kan melde frå munnleg eller skriftleg. Det kan vere lurt å melde frå skriftleg. Du kan bruke brevmal som du finn nedst på denne sida.
Om eit barn på skulen opplev å bli mobba eller utestengd, må skulen følgje opp dette.
Kva skal skulen gjere?
- Skulen skal ta eleven og deg som føresett på alvor! Det er eleven si oppleving av korleis han/ho har det som betyr noko.
- Alle tilsette i skulen har plikt til å hjelpe eleven(e).
- Den du fortel det til skal varsle rektor.
- Skulen skal undersøkje saka.
- Skulen skal halde eleven/føresette oppdaterte undervegs om kva dei gjer og kva dei planlegg å gjere. Det er vanleg å bli invitert til eitt eller fleire møte.
- Etter grundig undersøking skal skulen lage ein aktivitetsplan. Elev og føresette skal få medverke i utforminga planen. Planen skal innehalde dei tiltaka de og skulen meiner vil sørgje for at eleven får det bra på skulen.
- Skulen skal sette i gong eigna tiltak for at eleven skal få det betre på skulen. Det kan til dømes vere oppfølging av dei som plagar barnet eller opplegg for å betre klassemiljøet.
- Tiltaka skal bli evaluert. Om tiltaka ikkje hjelper, må skulen sette i gong nye tiltak.
Hugs at skulen skal følgje med på om alle har det bra. Alle som jobbar på skulen skal gripe inn om dei ser eller mistenkjer at nokon blir plaga eller krenka.
Kva skal aktivitetsplanen innehalde?
Planen skal innehalde:
- Kva problem ein skal løyse
- Kva skulen har planlagt
- Når tiltaka skal gjennomførast
- Kven som er ansvarleg
- Når tiltaka skal evaluerast
- Det må også stå noko om evaluering og korleis skulen skal følgje opp
Dei må også vise korleis dei vurderer kva som er eleven sitt beste. Det bør kome fram korleis barnet har blitt høyrt.
Kva om skulen ikkje gjer nok(o)?
Du kan gi skrifteleg melding til:
- Rektor ved skulen. Vis til retten til eit trygt og godt skulemiljø etter kapittel 9A i opplæringslova. (Lenger nede på sida finn du forslag til mal du kan bruke)
- Opplæring-/utdanningsavdelinga i din kommune (for barne- og ungdomsskulen) /fylkeskommune (for vidaregåande) eller styret om du går på privatskule.
- Har du allereie gitt melding og skulen har fått tid å jobbe med saka (minst ei veke) kan du melde frå til Statsforvaltaren i Vestland.
- Om du ønskjer rettleiing eller vil drøfte saka, kan du kontakte mobbeombodet.
Nettsider og malar
Nettsider
Her er nokre nettsider som kan vere til hjelp/nokon å snakke med:
- https://www.udir.no/nullmobbing/ - Utdanningsdirektoratet si side for barnehage- og skulemiljø
- https://barnasjurist.no/ - Rettshjelp for barn
- https://slettmeg.no/ - Ei råd- og rettleiingsteneste for deg som kjenner deg krenka på nett
- https://www.dubestemmer.no/ - Om personvern, nettvett og digital dømmekraft
- https://ensnap.no/ - Om rett på nett
- https://www.politiet.no/ - Dersom du har vore utsatt for noko som kan vere kriminelt
- https://mentalhelse.no/fa-hjelp/foreldresupport - Foreldresupport (mentalhelse)
Malar du kan bruke:
- Melde sak til skulen (.docx) - Nynorsk
- Melde sak til skolen (.docx) - Bokmål