Føresette i barnehage

Aina Drage og Mari-Kristine Morberg er mobbeombod for barnehagebarn i Vestland. Kva kan du gjere om barnet ditt ikkje har det bra i barnehagen?

Barnehagen skal bidra til at barna skal trivast og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi. Barnehagen skal førebyggje krenkingar og mobbing. Om eit barn opplever å bli krenka eller mobba, må barnehagen handtere det, stoppe det, og følgje det opp.

Om barnet ditt ikkje kjenner seg trygg og som ein del av fellesskapet, må du melde frå til barnehagen. Du finn mykje informasjon om barn sine rettar på www.nullmobbing.no/barnehage. Det er også derfrå mykje av informasjonen nedover på denne sida er henta frå.

 

Vi kjenner barn sine rettar og kan fortelje deg korleis du skal gå fram om eit barn ikkje har det bra i barnehagen.

Vi:

  • svarer på spørsmål om barnehagemiljø og mobbing
  • svarer på spørsmål om barn sine rettar til eit trygt og godt barnehagemiljø
  • tar i mot informasjon om barnet ditt sine opplevingar
  • gir råd og rettleiing i saker
  • informerer om framgangsmåte ved melding til barnehagen eller til barnehagemynde
  • kan hjelpe deg med å melde saken til barnehage, barnehageigar, barnehagemynde eller eventuelt statsforvaltaren
  • kan ta kontakt med styrar for å diskutere saka di om du ønskjer det
  • kan i nokre saker stille i møter saman med deg for å få svar på spørsmål du har
  • gir deg informasjon om kor du kan vende deg om vi ikkje kan hjelpe deg

All hjelp frå oss er gratis - vi har teieplikt. Du kan vere anonym når du tar kontakt med oss.

Det er ikkje alltid barn fortel om det som skjer i barnehagen. Spørsmål du kan stille deg:

  • Viser barnet glede over å vere i barnehagen?
  • Kva fortel barnet heime om barnehagen?
  • Verkar det som om barnet ditt har vener i barnehagen?
  • Verkar det som om barnet ditt kjenner seg trygg i barnehagen?
  • Fortel barnet om leik og morosame opplevingar?
  • Er dei vaksne i barnehagen opptatt av korleis barnet ditt har det i barnehagen?

Det er viktig at du melder frå til barnehagen dersom du oppdagar at ditt eller andre barn ikkje har det bra. Barnehagen har plikt til å sikre barnehagebarn eit trygt og godt miljø. Om eit barn i barnehagen ikkje har det trygt og godt, må barnehagen følgje opp dette. I alle handlingar og avgjersler som gjeld barn i barnehage, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggande omsyn (§ 3 i barnehagelova).

  • Ta kontakt med pedagogisk leiar eller styrar og fortel om uroa di. Det kan vere lurt å gjere dette skriftleg. Be barnehagen undersøke korleis barnet har det i barnehagen og korleis samspelet med andre barn er, vis til kapittel 8 i barnehagelova.
  • Be om ein skriftleg plan om kva tiltak som blir sett i verk. Tiltaka er det konkrete barnehagen skal gjere for at barnet skal få det betre. Planen må innehalde informasjon om
    • A) kva problem tiltaka skal løyse
    • B) kva tiltak barnehagen har planlagt
    • C) når tiltaka skal gjennomførast
    • D) kven som skal gjennomføre dei
    • E) når dei skal evaluerast.

Tiltaka bør vere så konkrete som mogleg. Hugs òg at barnehagen kan utarbeide ein plan for ei avdeling eller ei gruppe.

Dersom du opplever at barnehagen ikkje tek uroa di på alvor, kan du kontakte kommunen (barnehageeigar). Er det ein privat barnehage, tar du kontakt med eigaren av barnehagen, eventuelt med kommunen som barnehagemynde dersom eigaren ikkje lyttar. Det finst ingen formell framgangsmåte, men her er nokre forslag til kva du kan gjere:

  • Be om eit møte for å høyre korleis dei kan hjelpe. Vis til kapittel 3 og 8 i barnehagelova. Både kommunen/barnehageeigaren og leiinga i barnehagen bør vere til stades. Det er også mogeleg for deg å ta med andre du ønskjer i dette møtet.
  • Barnehagen må lage en skriftleg plan, og dei må følgje planen. Hugs at barnet sitt beste alltid skal vurderast.
  • Avtal oppfølgingsmøte.

Det er mogleg for statsforvaltaren å gjere tilsyn i barnehagar basert på konkrete hendingar.

Nettsider

Her er nokre nettsider som kan vere til hjelp / nokon å snakke med

Brevmalar du kan bruke: