Kva er og kva gjer mobbeombodet

Mobbeombodet i Vestland er eit lågterskeltilbod for barn, elevar i grunnskulen og føresette i Vestland. Alle kan spørje ombodet om råd om barnehage- og skulemiljø.

Ombodet skal bidra til at barn og unge får oppfylt rettane sine til trygge og gode barnehage- og skulemiljø.

Dette gjer mobbeombodet:

  • Støttar og rettleiar barn, elevar og føresette i saker om psykososialt miljø.
  • Gir informasjon og opplæring til barn, elevar og føresette (førebygging).
  • Jobbar for å skape dialog og oppfølging, også etter at saker er handtert.
  • Samarbeider med barn og unge, og aktørar som arbeider med barn og ungdom på ulike nivå (til dømes: elevråd, ungdomsråd og ungdommens kommunestyre, Elevorganisasjonen, kommunar, barnehage- og skuleeigarar, PPT, skulehelsetenesta, helseaktørar, politiet, frivillige organisasjonar, høgskular og universitet).
  • Er ein informasjonsressurs og rettleiar for tilsette i barnehage og skule.
  • Støttar elev- og lærlingombodet i arbeid med psykososialt miljø i vidaregåande opplæring.
  • Bidrar til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt.

Årsmelding – slik var året for mobbeombodet

Årsmeldinga til Mobbeombodet i Vestland viser nokre trendar og utvikling i fylket. I skule- og barnehageåret 2025–2026 har mobbeombodet motteke 188 førespurnader som gjeld barnehage- og skulemiljø i Vestland. Det er flest foreldre som tek kontakt, 
men i større grad enn tidlegare tek også tilsette i skule og barnehage kontakt oss for å sparre eller få råd og rettleiing i krevjande saker. Årets elevundersøking viser at mobbetala i Vestland framleis er høge.

Som i førre årsmelding ser vi at det er nødvendig å rette søkelyset mot brot på aktivitetsplikta. Vi har også mange førespurnader som omhandlar ufrivillig skulefråvær og om manglande eller konfliktfylt samarbeid mellom heim og skule.

Innsparingar i kommunane har stor innverknad på tilbodet til barn og unge, både i og utanfor skule og barnehage, men dette er ikkje den einaste årsaka til mobbing og utrygge leike- og læringsmiljø. Vi opplever eit strekk i laget, både mellom skular og barnehagar og mellom tilsette i same skule eller barnehage.

Det vi veit, er at vi må halde fram med å arbeide mot mobbing og for trygge og inkluderande fellesskap i barnehage og skule. Skal vi få det til, krev det vilje, kunnskap og samarbeid – på alle nivå.

Les heile årsmeldinga for mobbeombodet i Vestland 2025 – 2026.

Oppgåver

Mobbeombodet skal bidra til at barn og unge i Vestland fylke får ivaretatt rettane sine til eit godt barnehage- og skulemiljø.

Ombodet er eit lågterskeltilbod for barn i barnehage, elevar i grunnskulen og deira føresette. Omboda skal utføre arbeidet sitt på eit fritt og sjølvstendig grunnlag.

Mobbeombodet skal også, i samarbeid med elev- og lærlingombodet i Vestland, bidra til at elevar og lærlingar får ivaretatt rettane sine til eit godt psykososialt miljø i vidaregåande opplæring.

Målgruppe

Målgruppa til mobbeombodet er barn og unge i barnehage og grunnskule i Vestland, samt deira føresette.

Teieplikt

Ombodet har teieplikt og opplysningar blir ikkje brakt vidare utan samtykke

Rapportering og initiativrett

Ombodet skal utarbeide årsmelding til fylkestinget.

Ombodet skal ha systematisk kontakt med administrativ og politisk leiing i fylkeskommunen med faste møtepunkt fleire gonger i året.

Mobbeombodet er ein del at eit nasjonalt nettverk for fagleg utvikling og erfaringsdeling på tvers av fylka.