Om mobbing - for deg som er elev
Går du på skulen og treng hjelp frå mobbeombodet?
Kva kan mobbeombodet hjelpe deg med?
Eg kjenner barn og unge sine rettar og kan fortelje deg korleis du skal gå fram om du eller ein du kjenner ikkje har det bra på skulen, eller om du opplever utrygt klassemiljø.
Eg:
- svarer på spørsmål om skulemiljø og mobbing
- svarer på spørsmål om rettane dine til eit trygt og godt skulemiljø
- tar i mot informasjon om opplevingane dine
- gir råd og rettleiing i saker
- informerer om framgangsmåte ved melding til skulen eller til statsforvaltaren
- kan hjelpe deg med å melde saka til skule eller statsforvaltaren
- kan ta kontakt med rektor på skulen for å diskutere saka di om du ønskjer det
- kan i nokre saker stille i møter saman med deg for å få svar på spørsmål du har
- gir deg informasjon om kvar du kan vende deg om vi ikkje kan hjelpe deg
All hjelp frå meg er gratis - eg har teieplikt. Det vil seie at eg ikkje seier noko vidare utan at du vil det. Du kan vere anonym når du tar kontakt med meg.
Kva kan du gjere om du eller nokon du kjenner blir mobba?
- Fortel det til nokon du stoler på (til dømes føresette, søsken, vener).
- Fortel det til nokon på skulen (til kontaktlærar eller nokon andre du stoler på).
- Fortel det også om du blir mobba/krenka digitalt eller på fritida.
- Ta kontakt med oss (mobbeombodet) om du ikkje blir høyrt på skulen eller ønskjer råd.
- Hugs også at du kan melde saka til Statsforvaltaren i Vestland
Kva skal skulen gjere?
- Skulen skal ta deg på alvor! Det er di oppleving av korleis du har det som betyr noko.
- Alle tilsette i skulen har plikt til å hjelpe deg.
- Den du fortel det til skal varsle rektor.
- Skulen skal undersøkje saka.
- Skulen skal halde deg oppdatert undervegs om kva dei gjer og kva dei planlegg å gjere. Det er vanleg å bli invitert til eitt eller fleire møte.
- Skulen skal snarast lage ein aktivitetsplan. Du skal få vere med å utforme planen. Planen skal innehalde dei tiltaka du og skulen meiner vil sørgje for at du får det bra på skulen.
- Skulen skal sette i gong eigna tiltak for at du skal få det betre på skulen. Det kan til dømes vere oppfølging av dei som plagar deg eller opplegg for å betre klassemiljøet.
- Tiltaka skal bli evaluert. Om tiltaka ikkje hjelper, må skulen sette i gong nye tiltak.
Hugs også at skulen skal følgje med på om alle har det bra. Alle som jobbar på skulen skal gripe inn om dei ser eller mistenkjer at nokon blir plaga eller krenka.
Kva skal aktivitetsplanen innehalde?
- Kva problem ein skal løyse
- Kva skulen har planlagt
- Når tiltaka skal gjennomførast
- Kven som er ansvarleg
- Når tiltaka skal evaluerast
- Det må også stå noko om evaluering og korleis skulen skal følgje deg opp
Dei må også skrive at dei har vurdert kva som er til det beste for deg (barnet sitt beste).
Kva om skulen ikkje gjer nok(o)?
- Du kan gi skrifteleg melding til skulen (ved rektor)
- Opplæring-/utdanningsavdelinga i din kommune (for barne- og ungdomsskulen) /fylkeskommune (for vidaregåande) eller styret om du går på privatskule
- Har du allereie gitt melding og skulen har fått tid å jobbe med saka (minst ei veke) kan du melde frå til Statsforvaltaren i Vestland.
- Om du ønskjer råd eller vil drøfte saka, kan du kontakte oss.
Nettsider som kan vere til hjelp / nokon å snakke med
- https://www.udir.no/nullmobbing/ - Utdanningsdirektoratet si side for barnehage- og skulemiljø
- https://barnasjurist.no/ - Rettshjelp for barn
- https://slettmeg.no/ - Ei råd- og rettleiingsteneste for deg som kjenner deg krenka på nett
- https://www.dubestemmer.no/ - Om personvern, nettvett og digital dømmekraft
- https://ensnap.no/ - Om rett på nett
- https://www.politiet.no/ - Dersom du har vore utsatt for noko som kan vere kriminelt
- https://korspaahalsen.rodekors.no/ - Snakk eller chatt med ein vaksen
- https://www.snakkommobbing.no/ - Chatteteneste om mobbing