Utvidar massetestinga til 24 skular etter påske

Etter påske kjem Vestland fylkeskommune til å utvide prosjektet med å masseteste elevar og skuletilsette for covid-19.

rektor tester seg for korona
MEIR AV DETTE: 24 skular blir med på koronamassetestinga etter påske. Her er det rektor Karen Kristine Rasmussen som får opplæring i sjølvtesting. Fyllingsdalen vgs har vore ein del av pilotprosjektet sidan midten av mars.

Frå før har fylkeskommunen gjort seg gode erfaringar i pilotprosjektet der Fyllingsdalen vgs og Askøy vgs er med. I dei siste to vekene har det på desse skulane blitt avlagt 2358 hurtigtestar, og heile 88 prosent av elevane har delteke frivillig. Ingen har vore smitta av viruset, sjølv om éin hurtigtest var positiv. 

Målet er å oppdage smitte tidleg, og dermed bidra til å halde skulane opne 

Nvil desse skulane vere med i prosjektet:

  • Amalie Skram vgs 
  • Arna vgs 
  • Austevoll vgs 
  • Bergen katedralskole – avdeling Kyrre 
  • Bergen katedralskole - vaksenopplæringa 
  • Bergen katedralskole 
  • Bømlo vgs 
  • Eid vgs 
  • Firda vgs 
  • Fitjar vgs 
  • Høyanger vgs 
  • Kvam vgs 
  • Kvinnherad vgs 
  • Laksevåg og Bergen maritime vgs 
  • Manger folkehøyskole 
  • Nordahl Grieg vgs 
  • Olsvikåsen vgs 
  • Rubbestadnes vgs 
  • Slåtthaug vgs 
  • Sogndal vgs 
  • Stend vgs 
  • Stord vgs 
  • Stryn vgs 
  • Askøy vgs 
  • Fyllingsdalen vgs 

– Vellykka pilot

– Slik vi har innretta prosjektet no vil elever og tilsette vil bli tilbudt å teste seg to gonger i veka. Dersom det kjem sentrale retningslinjer for testing i skulane, kan dette endre seg. Etter mi vurdering er det svært gode tilbakemeldingar frå elevar og tilsette som har delteke i prosjektet. Blant anna blir det peika på at testinga skapar tryggleik i skule- og arbeidskvardagen. Vidare indikerer den høge deltaking på nesten 90 prosent og at oppslutninga har vore aukande gjennom oppstartsvekene på dei to pilotskulane at dette har vore vellukka, seier prosjektleiar Odd Bjarne Berdal. Han er til dagleg regionleiar i avdeling for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.  

Opnar for munnbind på skulane 

Kunnskapsdepartementet tilrår no at skuleeigarane - som fylkeskommunen - kan i samråd med lokale helsemyndvurdere bruk av munnbind utanfor undervisningsom eit ekstra smitteverntiltak for elevar og tilsette. Dette kan gjelde til dømes i friminuttene og på veg til og frå timane 

Dette tiltaket innfører Vestland fylkeskommune i sine vidaregåande skular frå 12. april 

– Elevane og dei tilsette vil få utdelt munnbind på skulen, og skal ikkje betale for dette. Det er frivillig å bruke det. Sjølv om dei har munnbind på må dei framleis halde avstand og følge smittevernsreglane, seier opplæringsdirektør Bjørn Lyngedal 

Open skule i påskeferien 

Ni skular har open i påskaein, to eller tre dagar. Då kan elevane vere med på ulike aktivitetar som leksehjelp, idrett, spill og liknande. På fleire av skulane vil elevane også få eit gratis måltid. Dette tilbodet er ei oppfølging av suksesen frå vinterferien, då 14 skular hadde opna dørane for elevane, som eit tiltak for betre psykisk helse.  

Skulane som held open er (med tal dagar i parentes):

  • Amalie Skram vgs (3)
  • Høyanger vgs (3)
  • Arna vgs (2)
  • Hyssingen produksjonsskule (3)
  • Sogndal vgs (1)
  • Nordahl Grieg vgs (2)
  • Langhaugen vgs (3)
  • Kvinnherad (2)
  • Åsane vgs (3)