Skuleelevar koronatestar seg sjølve i stort pilotprosjekt

Fyllingsdalen og Askøy vgs er først ute i landet i eit pilotprosjekt der elevar og tilsette skal koronateste seg sjølve to gongar i veka. Målet er å oppdage smitte tidleg og halde skulane opne.

jente tek koronaprøve i si eige nase
SJØLVTESTING: Amalie Øvrebø Soleim synes det gjekk greit å ta prøva sjølv. Pinnen er tynn og fleksibel.

Ved Fyllingsdalen vidaregåande skule sit elevar frå ein førsteklasse spente med  koronaprøveutstyr framfor seg på pulten. Dei skal snart stikke ein lang pinne inn i nasen for å øve seg på koronateste seg sjølve i eit pilotprosjekt som Vestland fylkeskommune er med på saman med Helse Vest. 

– Det er spennande å gjere det på skulen. Det er litt skummelt å måtte gjere det sjølv, men det går nok fint, seier elev Amalie Øvrebø Soleim, før sjukepleiarane frå Arsana -Din HMS (bedriftsheletenesta) forklarar i detalj korleis dei skal utføre prøva. 

Rektor er prøvekanin

Elevane skal nemleg teste seg sjølve to gonger i veka ut mai månad. Sjukepleiarane er med og rettleiar elevane dei første to vekene. Fyllingsdalen vgs saman med Askøy vgs er plukka ut av fylkeskommunen til å vere pilotar i dette prosjektet, som testar ut gjennomføring av massetesting av elevar. Målet er å oppdage smitte tidleg, og slik bidra til å halde skulane opne.

Dei to skulane har helse og oppvekst som undervisningstilbod. Skulane kan bidra med kompetanse, og elevane kan få god og relavant læring i smittevern.

– Det er viktig å få ein god start på dette, så elevane føler meistring. Så blir dei proffe etter kvart, seier rektor Karen Kristine Rasmussen, før ho sjølv stiller seg som prøvekanin framfor klassen.

sjukepleiarar i klasserom viser korleis en skal teste
GOD OPPLÆRING: Sjukepleiar Ida P. Grevstad forklarte grundig korleis ein skal teste. Rektor Karen Katrine Rasmussen testar seg først for å vise kor enkelt det er.


Frivillig å delta

Testen er frivillig for elevar og lærarar, og ein kan trekke seg når som helst. Men alle blir oppmoda om å vere med. Ingen journalfører kven som er testa, men dersom nokon i ein klasse testar positivt, vil alle bli sende heim og i karantene. Dei som avlegg positiv prøve blir personleg orienterte av skulen og skal i isolasjon, og må så vidare til testing i kommunen. Personvern er viktig, så klassen får ikkje vite kven som eventuelt testar positivt.

Av 38 potensielle deltakarar på første pilotdag på Fyllingsdalen vgs, var det heile 33 som deltok. Skulen har hatt mange smittetilfelle og vil forhåpentlig ha god nytte av tiltaket.

– Ved å teste elevar og tilsette to gonger i veka vil vi redusere risikoen for spreiing. Vi vil oppdage smitte frå elevar som ikkje har symptom og kan trygge elevar og lærarar i skulekvardagen, seier Bjørn Lyngedal, direktør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune. 

Mål: mest mogleg opne skular

Målet med prosjektet er å halde skulane opne og tilby elevane ein mest mogleg normal undervisningssituasjon.

– Heimeskule kan ikkje erstatte ordinær undervisning fullt ut. Dette ser vi spesielt i praktiske fag. Dessutan har skulene i Vestland eit stort fokus på å ivareta den psykiske helsa til elevane. Skulane som sosial møteplass er eit viktig element i dette arbeidet, legg Lyngedal til. 

Vestland er først i landet til å prøve ut denne type massetesting av elevar og tilsette. Liknande er prøvd ut i andre land, og i Austerrike er massetesting av elever to gonger i veka hovudstrategien for å få bukt med korona.

– Styresmaktene prioriterer opne skular samtidig som smittenivået blant ungdom aukar. Eg trur massetesting av elevar kan vere eit tiltak som er avgjerande for å nå målet til styresmaktene, seier Bjørn Lyngedal.

– Kan be om fritak for eventuell skulestengning

Dersom koronasituasjonen forverrar seg, og det blir aktuelt stenge skulane i fylket, kan fylkeskommunen be om fritak for Fyllingsdalen og Askøy vgs. 

– Fylkeskommunen, som leiar styringsgruppen for dette prosjektet, kan då be om unntak for desse skulane. Grunnen er at det er viktig å gjennomføre testinga, og fordi vi ser det som ein stor helsegevinst å halde desse skulane opne, på grunn av testinga, seier Ola Jøsendal, som er prosjektleiar og ass. fagdirektør i Helse Vest.

– Denne piloten handlar først og fremst om den praktiske gjennomføringa av slik massetesting, og det er svært stor interesse for prosjektet, seier han.

prøvetaking
TESTAR: Etter at naseprøven er tatt og blanda med væske frå eit lite røyr, må elevane overføre væska på ein brikett. Denne legg dei i ein konvolutt som dei skriv namn og klokkeslett på, og leverer til sjukepleiarane. Foto: Jennifer Fossnes/Vestland fylkeskommune


Blanke auge er eit godt teikn

Tilbake til klasserommet i Fyllingsdalen. Elevane er spente, men sjølv om nokre er litt engstelege for at det skal vere ubehageleg, gjennomfører alle elevane med glans. Det er ikkje fritt for at det kjem nokre tårer, men slik skal det vere.

– Gret du? Då har pinna vore langt nok inne.

– Gret du? Då har pinnen vore langt nok inne, skryt sjukepleiar Britt Fossdal til ein av elevane, som var litt usikker på om ho fekk det til i starten.

Også Amalie er litt blank i auga.

– Det gjekk fint. Det var betre å gjere det sjølv i eiga tempo enn då nokon andre tok testen på meg, seier ho.

Etter 15 minutt får klassen svar. Dei kan alle puste letta ut. Alle prøvene var negative. Elevane er ei erfaring rikare, og klare til å teste seg igjen – neste veke.

negative koronatester
NEGATIV: Det er akkurat som ein graviditetstest. Etter 15 minutt kan ein lese av svaret: Ein strek = negativ, to strekar = positiv.