Open skule i vinterferien - tiltak for betre psykisk helse

Om du trudde at vinterferien betyr slokne lampar og låste skuledørar, må du tru om igjen. Ved fleire av dei vidaregåande skulane i Vestland er det full aktivitet i feriedagane. –Eit krafttak for betre psykisk helse, seier fylkesdirektør Bjørn Lyngedal.

13 elevar i kajakk
KAJAKK, JA TAKK: I staden for å la elevane sitte heime i vinterferien opnar mellom anna Amalie Skram vgs dørane. Kajakkpadling på Store Lungegårdsvann er ein av aktivitetane som skulen tilbyr. (Arkivfoto: Ivar Gundersen, Amalie Skram vgs)

Amalie Skram vgs i Bergen er ein av 14 vidaregåande skular i fylket som trass i ferie har ein tettpakka plan denne veka. Men i staden for matte, norsk og naturfag er faga på timeplanen bytta ut med aktivitetar som kajakk, påskeverkstad, bordtennis, badminton, volleyball, brettspel og bridge, fjelltur - og rosina i pølsa - gratis tilgang til symjehallen AdO Arena som ligg i same bygg som skulen. I tillegg kan dei som vil få hjelp til lekser og studiar.  

Tilbodet varierer frå skule til skule, både på innhald og omfang, og er sjølvsagt gratis for elevane.  

På Bergen Katedralskole kan elevane velje å fordjupe seg i mellom anna yoga og filosofisk samtale, mens dei på Askøy vgs ein dag vil ta turen til aktivitetssenteret på Herdla. I Fusa har elevane mellom anna ønskt seg gaming, brettspel og graffiti.  

– Psykisk helse viktigare enn korona no 

– Vi ønsker å vri søkelyset vekk frå smittefrykt og over til å gjere noko for elevane omkring psykisk helse. No er det lite smitte hos oss, men vi merkar ein betydeleg auke i førespurnadar frå ungdom som går ut på det psykiske. I samband med krafttak for psykisk helse skulle vi i fylkesadministrasjonen finne tiltak for å  betre dette for elevane, seier Bjørn Lyndedal, som er fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune. 

Han legg ikkje skjul på at koronasituasjonen har vore tøff for enkelte.

– Elevane har det siste året mista mange møteplassar. Mange sit berre heime på fritida, og no i vinterferien er det òg færre enn normalt som kjem til å reise vekk. Derfor er vi glade for at mange av skulane på kort varsel har vore med på å lage eit slikt tilbod i vinterferien, seier Lyngedal.  

Desse skulane er med 

Skulane i gamle Sogn og Fjordane har hatt vinterferie i veke 8, mens skulane i gamle Hordaland har ferie i veke 9. Dette er skulene som har eller har hatt vinterferietilbod: 

  • Amalie Skram vgs
  • Askøy vgs
  • Bergen katedralskule
  • Dale vgs
  • Eid vgs
  • Firda vgs
  • Fitjar vgs
  • Fusa vgs
  • Fyllingsdalen vgs
  • Nordahl Grieg vgs
  • Olsvikåsen vgs
  • Stend vgs
  • Tertnes vgs
  • Årstad vgs