Opnar opp igjen støttetelefon for ungdom

Kvar ettermiddag fram til august sit psykologistudentar klare til å prate med skuleungdom som har det tøft for tida. Støttetelefonen for betre psykisk helse opnar 29. mars.  

siluett av gutt som kikker med på mobilen sin
foto: Shutterstock.com

Det er ingen tvil om at fleire unge slit psykisk for tida, etter meir enn eitt år med skulestenginger, minke i fritidstilbod og andre koronarestriksjonar. For å hjelpe ungdommane har Vestland fylkeskommune gjenoppretta støttetelefonen som var i drift i fjor vår. Denne gong er tenesta forsterka; det er psykologistudentar på siste året frå Universitetet i Bergen (UiB) som skal står klar i den andre enden av røyret, og opningstida er utvida sidan sist.  

- Tenesta er eit lågterskeltilbod for ungdom på om lag 16 til 21 år som er i vidaregåande opplæring. Årsaka er at det er ei markant auke i talet elevar og lærlingar som slit psykisk, meir enn behandlingsapparatet i rettleiingstenesta klarer å handtere, seier Cecilie Øvstedal.  

Det er ho som koordinerer arbeidet med telefonen og er til dagleg leiar av rettleiingstenesta i Bergen sør.  

Støttetelefonen opnar måndag 29. mars, og tenesta vil etter planen halde fram til august.   

Øvstedal seier at det skal vere ein støttetelefon der psykologane har samtalar med ungdomane om korleis dei har det, svarer på spørsmål og rettleiar dei vidare. Ungdomen kan vere anonym.  

Forbetra tenesta frå ifjor 

Rundt påske i fjor og fram til sommaren hadde fylkeskommunen eit liknande tilbod, og gjorde seg gode erfaringar med det praktiske rundt ein slik teneste. Men det var ikkje mange som nytta seg av tilbodet. I dag er både situasjonen og behovet noko anna, meiner Øvstedal.  

Skulane melder at elevane er slitne etter eit år med pandemi. Meldingar frå behandlingsapparatet viser òg ei dramatisk auke i førespurnadar frå ungdom.  

- Mange har vi diverre måtte avvise grunna manglande kapasitet, og det er lange ventelister. Det er ikkje eit behandlingstilbod, men ein stad dei kan ringe og få råd og rettleiing, seier Øvstedal.  

Telefonen vil vere betent måndag til fredag kl 14.00-21.30.

Samarbeid med UiB 

Det som er nytt i år er samarbeidet med Universitetet i Bergen. Fylkeskommunen har rekruttert psykologistudenter i sluttfasen av studiet til å betene telefonen, det er opningstid både på ettermiddag og kveld, og tilbodet skal gjerast meir kjent. Psykologane i retteliingstenesta, som har arbeidsplassen sin ute på skulane, er med og rettleiar studentane fagleg.