Tiltaksliste til fylket frå LO og NHO

NHO og LO har på bestilling frå fylkesordførar Jon Askeland levert ei ti-punkts liste over tiltak dei meiner fylket bør setje i verk for å hjelpe næringslivet og sikre arbeid for innbyggjarane i Vestland. Forslaga er retta mot blant andre bygge- og hotellbransjen, lærlingar og bedriftsintern opplæring.

foto av lærling i gravemaskin
LÆRLINGAR: Fleire i punkta på tiltakslista går på tiltak for lærlingar, blant anna at dei skal kunne halde fram læretida si i samarbeid med og med tett oppfølging frå fylkeskommunen. (Foto: Steffen H. Starheim)

– Trepartssamarbeidet med LO og NHO har frå første time i den vanskelege tida vi er i no, fungert utmerka. I tillegg til andre tiltak fylket alt har sett i verk, ønska eg meg òg ei bestillingsliste frå dei retta mot dei fylkeskommunale ansvarsområda. Lista på ti punkt frå LO og NHO stiller eg meg fullt bak for raskast mogleg å setje i verk endå fleire tiltak for nærings- og arbeidslivet som merkar konsekvensane av nedstenginga, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Trepartssamarbeid

Vestland fylkeskommune tok kontakt med LO og NHO, i tillegg til NAV, med ein gong det vart klart at fylket og landet elles blei stengt ned. I tillegg til å følgje dei helsemessige råda og førebygge smitte, meiner representantane i samarbeidet at det no hastar med å få i gang tiltak som kan avhjelpe situasjonen i nærings- og arbeidslivet. I Vestland er det no rekordhøg arbeidsløyse, og det er viktig at aktivitet som kan sysselsetje fleire kan kome i gang.

– Vi må no saman gjere alt vi kan for å halde oppe aktiviteten i næringslivet, og sikre at det framleis er arbeidsplassar å gå til når krisa er over. Samtidig har vi no ein sjanse til å bruke auka offentlege investeringar på å ruste regionen for grøn omstilling, seier regionleder i LO, Roger Pilskog og regiondirektør i NHO, Grete Karin Berg.

Tiltaksliste til Vestland fylkeskommune

  1. Framskunde planlagde investeringar og vedlikehald av eigen eigedom, infrastruktur og fylkesveg. Lag oversikt over prosjekt som raskt kan realiserast. Det er viktig at prosjekt som alt er sette i gang, blir sluttførte.
  2. Bruke offentlege innkjøp som reiskap for å halde oppe sysselsetjinga og aktiviteten i regionen med framleis merksemd på omstilling til det grøne skiftet (energi, klima og miljø).
  3. Sikre at fylkeskommunen har tilstrekkeleg kapasitet i eige innkjøpsapparat til snarleg å framskunde og setje i verk planlagde anbod og innkjøp.
  4. Invitere næringslivet til samarbeid om å levere tenester og gje innspel til planlagt arbeid i fylkeskommunal regi.
  5. Sørgje for at pågåande offentlege anbod og drift må gå som normalt for å halde på arbeidsplassar og tenestetilbodet til innbyggjarane.
  6. Utsetje heller enn å avlyse planlagde kurs og konferansar. Leggje haustens planlagde aktivitetar og samlingar på hotell eller konferansesenter for å styrkje hotell- og konferansemarknaden.
  7. Leggje til rette for at lærlingar som ikkje kan halde fram i eiga lærebedrift, kan halde fram læretida si i samarbeid med og tett oppfølging frå fylkeskommunen, så langt det er mogleg innanfor flest mogleg fagområde.
  8. Fylkeskommunen, saman med yrkesopplæringsnemnda og lokalt næringsliv, må samarbeide om å forhindre opphoping av fag- eller sveineprøvar, og arbeide aktivt med å leggje til rette for fleksible løysingar for avvikling av fag- og sveineprøvar.
  9. Gjere kjent aktuelle omskuleringstiltak/bedriftsintern opplæring/etter- og vidareutdanningstilbod i og for næringslivet. På den måten kan vi forskyve planlagde permitteringar i tid.
  10. Ta partane i arbeidslivet med på råd om iverksetjing av ytterlegare regionale tiltak og koordinere innsatsen i regionen.

Sjå tiltak som er iverksett av fylkeskommunen ovenfor nærings-, kultur, og organisasjonsliv: