BIO-midlane er utlyst

For å imøtekome dei akutte behova for hjelp i næringslivet, utlyser fylkeskommunen 11,4 millionar kroner til bedriftsintern opplæring.

BedriftN1000.jpg
MILLIONAR I STØTTE: Bedrifter kan no søkje fylkeskommunen om midlar til bedriftsintern opplæring. (illustrasjonsbilete)

Tilskotet skal gå til bedrifter med låg aktivitet som følgje av Covid-19 viruset og oljeprisfallet.

Midlane skal nyttast til opplæringstiltak i samband med omstillingsprosessar eller tilpassing til nye marknadssituasjonar.

Det blir løpande vurdering av søknadane.

Meir informasjon og søknadsskjema