22 millionar i akutt-tiltak til næringslivet

– Dette er eit akutt-tiltak for å hjelpe der det trengst mest, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at eit samrøystes Vestland fylkesutval har vedteke å bruke 22,1 millionar kroner til å hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa.

HEIMEKONTOR: For første gong møttest fylkespolitikarane via PC frå heimekontor og gjorde vedtak.
HEIMEKONTOR: For første gong møttest fylkespolitikarane via PC frå heimekontor og gjorde vedtak.

Fylkeskommunen ønskjer å dempe konsekvensane av koronaepidemien med eit sett av tiltak for reiseliv og beslekta næringar, leverandørindustrien innan olje og gass, små- og mellomstore bedrifter, bedrifter i startfase og tiltak retta direkte mot bedrifter gjennom avtale med Innovasjon Norge.

– Midlane som vi no har vedteke å sette inn, er eit akutt-tiltak for å hjelpe der det trengst mest. No er jobben vår å sikre at vi får mest mogleg effekt ut av kvar krone, samstundes som vi legg planar for korleis vi skal jobba på lengre sikt, seier fylkesordføraren.

Fylkesutvaleet har vedteke at fylkesrådmannen skal gjennomføre tiltaka. Fylkesutvalet skal ha ansvar for det vidare arbeidet. Fylkesordførar og fylkesrådmann skal halde fylkesutvalet løpande orientert og kallar om nødvendig raskt inn til nytt møte.

Dramatisk situasjon

Fylkesordføraren understrekar den dramatiske situasjonen.

– Dei siste vekene har effektane av den globale pandemien for alvor skylt innover fylket vårt. Effektane for enkeltpersonar og bedrifter er alt dramatiske. Fylkeskommunen vil først og fremst ha ei viktig koordinerande rolle i gjenreisingsarbeidet i fylket. Fylkesordførar har derfor iverksett eit hurtigarbeidande treparts koordineringsutval mellom NHO, LO og Nav. I tillegg samarbeider fylket tett med kommunane og mange organisasjonar. Fylket er også i tett kontakt med stortingsrepresentantane i fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Samarbeid

Det er elles føresett at fylkeskommunen spelar ei aktiv rolle saman med Innovasjon Norge, KS og alle samarbeidspartar, som kan bidra til å handtera krisa framover. Vidare oppmodar fylkesutvalet regjeringa om å setje inn tiltak som tek omsyn til at regionane er ulikt råka av verknadene av koronaviruset.

Pengane til hjelpetiltaka kjem frå restmidlar frå kompensasjonsordninga for differensiert arbeidsgjevaravgift. Denne ordninga vart avvikla i 2016, men fylkeskommunen får no høve til å disponere pengane uavhengig av kva kommunar som var med i ordninga. Totalt gjenstår 25,8 millionar kroner, inkludert renter, av dette tiltaket. Fylkesutvalet har vedteke å bruke dei siste 3,7 millionar kronene til oppfølging av prosjekt i kommunane Bømlo, Etne, Kvam og Modalen.

Samla oversikt over tiltak frå fylkeskommunen

I vedlagde pdf er det eit oversyn over alle tiltak Vestland fylkeskommune gjennomfører som hjelp gjennom koronakrisa. Dette omfattar mellom anna 4,4 millionar kroner til enkeltbedrifter gjennom Innovasjon Norge, tiltak til reiseliv, støtte til næringshagar og inkubatorar, auka tilskot til etter- og vidareutdanning og midlar til bedriftsintern opplæring (BIO) med 11,4 millionar kroner.

Tiltakspakke frå Vestland fylkeskommune (pdf)