Vil hjelpe kulturlivet gjennom koronakrisa

Vestland fylkesutval har vedteke å hjelpe kulturlivet gjennom koronakrisa. Det medfører at kulturarrangement som blir avlyste, likevel får fylkeskommunal støtte.

FÅR PENGAR: Kulturen i Vestland skal få støtte sjølv om arrangement blir avlyst.
FÅR PENGAR: Kulturen i Vestland skal få støtte sjølv om arrangement blir avlyst.

Fylkesutvalet ønskjer å dempe dei økonomiske og driftsmessige konsekvensane koronautbrotet får for avlysing av kultur- og idrettsarrangement framover.

– For enkeltpersonar, institusjonar og arrangement på kulturfeltet er hovudregelen no at det er total stopp. Difor gjer vi det vi kan for å hjelpe til i denne krisa. Vedtaket om å oppretthalde støtte trass i avlysingar er eit strakstiltak for å dempe noko av effektane for dei som er råka. Vi skal og jobbe vidare med meir langsiktige tiltak for å støtte kultursektoren gjennom krisa, og for å få hjula i gang att når vi skal attende til normalen, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Stenging

Regjeringa har innført forbod mot og stenging av mellom anna kulturarrangement, idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs. Fylkesutvalet har vedteke å oppretthalde driftsmidlar løyvd til kultur og idrettslivet sjølv om aktiviteten i organisasjonen blir endra og avgrensa som følgje av koronautbrotet og førebyggande råd og pålegg frå styresmaktene.

Fylkesutvalet har og vedteke ikkje å krevje attende alt løyvde midlar til tiltak, arrangement og prosjekt som er planlagt i perioden fram til 1. september, sjølv om arrangementet blir endra eller avlyst som følgje av råd og pålegg frå styresmaktene. Det blir sett krav om at alle utgifter blir dokumentert i rekneskap og rapport som normalt.

Utsette prosjekt

Fylkesutvalet vil gi løyve til å utsette prosjekt, tiltak og arrangement som alt har motteke tilsegn om tilskot. Tilskotsmottakar må gjere skriftleg greie for dei nye planane, og føremålet må vere i samsvar med opphaveleg søknad.

Kunstnarar som har oppdrag for Den kulturelle skulesekken (DKS) som blir avlyst, får utbetalt honorar, med atterhald om at programmet eventuelt kan blir gjennomført på eit seinare tidspunkt. Likeeins blir inngåtte avtalar med kommunar og kulturaktørar om UKM-festivalane honorert etter nærare dialog. Fylkeskommunen tek sikte på å dekke alt utført arbeid og utgifter med bindande kontraktar med underleverandørar.

Fått hundrevis av søknader

Vestland fylkeskommune har, innan søknadsfristane, fått mange hundre søknader om støtte innan ulike kategoriar til prosjekt og tiltak, både til frivillig og profesjonell aktivitet, friluftsaktivitet og til lågterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom. Fylkesrådmannen vil kome attende med sak når fylkeskommunen har meir oversikt over søknadsmassen, behovet for støtte og nasjonale føringar.

Samla oversikt over tiltak frå fylkeskommunen

I vedlagde pdf er det eit oversyn over alle tiltak Vestland fylkeskommune gjennomfører som hjelp gjennom koronakrisa. Dette omfattar mellom anna raskare utbetaling av tilskot til kultur, både til ulike prosjekt og driftsstøtte, og ei rekke andre tiltak innan andre sektorar.

Tiltakspakke frå Vestland fylkeskommune (pdf)