Koronasituasjonen inn i utviklingsplanen for Vestland

Planutvalet vedtok sist veke strategiar for korleis vi skal nå måla i utviklingsplanen for Vestland. Ein av strategiane er at Vestland fylkeskommune skal medverke til å minimere skadeverknadane etter korona – både på kort og lang sikt.

foto av snølagt gangsti i Sogndal
UTVIKLINGSPLAN FOR VESTLAND: Planen skal seie noko om kva utvikling politikarane ønskjer for fylket dei neste fire åra. Etterarbeid etter koronasituasjonen er no teke inn som ein eigen strategi i det førebelse planutkastet.

Fylkestinget skal vedta utviklingsplanen for Vestland til hausten. Det er ein regional planstrategi, som skal seie noko om kva utvikling politikarane ønskjer for Vestland dei neste fire åra – og ikkje minst korleis vi skal få det til i fellesskap.

Ikkje gløyme andre kriser

Den politiske diskusjonen i planutvalet 26. mars handla naturleg nok om koronasituasjonen, korleis dette har vist kor sårbare vi er, og korleis inngrepa vil prege tida framover. Politikarane var opptekne av at Vestland fylkeskommune gjennom utviklingsplanen må ta aktiv rolle i både førebygging og etterarbeid dei neste fire åra.

Men planutvalet var også bevisst på å ikkje gløyme andre kriser vi står overfor i samfunnet, som klimakrisa. Berekraftmåla til FN er noko som går att gjennom heile utviklingsplanen, og som skal syne att i alt fylkeskommunen gjer.

Under kvart av dei fire overordna måla vedtok planutvalet 3–4 strategiar, som konkretiserer både måla og ønska utvikling. Utviklingsplanen skal følgjast opp i alt vi gjer i Vestland.

Høyring til sommaren

Administrasjonen i fylkeskommunen jobbar no vidare med utviklingsplanen fram til fylkesutvalet får han på bordet i slutten av april. Fylkesutvalet skal då vedta eit høyringsutkast, som blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Då får næringsliv, kommunar, lag, organisasjonar, statlege etatar og alle som ønskjer moglegheit til å seie meininga si om utviklingsplanen og retninga han set for fylket. Fylkestinget vedtek den endelege planen i september.

Mål og strategiar

Planutvalet vedtok desse strategiane under dei overordna måla:

Mål 1 Vestland som leiande verdiskapingsfylke og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg

  1. Vestland fylke skal medverke til å minimere skadeverknadane, både på kort og lang sikt, som følgje av pålagde tiltak knytt til handtering av korona.
  2. Vestland skal medverke til at det vert skapt nye arbeidsplassar gjennom omstilling, grøn konkurransekraft og entreprenørskap.
  3. Vestland skal utvikle eit framtidsretta og inkluderande arbeids- og næringsliv basert på regional fortrinn, forsking og innovasjon.
  4. Vestland fylke skal aktivt søke dei moglegheitene som ligg i regionreforma, og også styrke det regionale folkestyret.

Mål 2 Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling

  1. Vestland skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp.
  2. Vestland skal forvalte og sikre infrastruktur og viktige natur-, landskaps- og kulturverdiar.
  3. Vestland skal bidra til å nå klima- og miljømåla gjennom offentlege innkjøp.

Mål 3 Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland

  1. Vestland skal utvikle menneskevenlege og levande lokalsamfunn basert på stadeigne ressursar og kvalitetar.
  2. Bergen og dei regionale sentra skal utviklast til attraktive sentra, og fungere som ei drivkraft for utvikling i heile fylket.
  3. Vestland skal utvikle fysisk og digital infrastruktur som sikrar mobilitet og digitale tenester.

Mål 4 Like moglegheiter til å delta i verdiskaping

  1. Vestland skal fremje opne og inkluderande arenaer for deltaking i kultur, frivillig arbeid og sivilsamfunn.
  2. Vestland skal utvikle eit meir inkluderande og aldersvenleg samfunn som grunnlag for verdiskaping.
  3. Vestland skal sikre deltaking gjennom trygg oppvekst, utdanning og livslang læring.