Støtteordning for destinasjonsselskapa i reiselivet

Korona-pandemien har skapt store utfordringar for næringslivet i Vestland. No lanserer fylkeskommunen ei eiga tilskotsordning for destinasjonsselskapa i reiselivet.

Foto frå utkikkspunktet Stegastein i Aurland
REISELIV: Korona-pandemien får store konsekvensar for reiselivet i Vestland, og fylkeskommunen lanserer no difor ei tilskotsordning for destinasjonsselskapa i fylket.

– Reiselivet er ei av næringane som opplever dramatiske tider no. Vi set vår lit til at bankar, Innovasjon Norge og statlege tiltakspakkar kan tilby hjelp til den einskilde reiselivsbedrifta. Fylkeskommunen har derimot etablert ei tilskotsordning for destinasjonsselskapa innan reiselivet, slik at dei i ei pressa stund kan halde fram å gje råd og støtte til den einskilde reiselivsbedrifta, seier fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling, Bård Sandal.

Søknadsfrist 17. april

Destinasjonsselskapa kan søkje om midlar frå fylkeskommunen fram til 17. april, og Sandal lovar rask saksbehandling og svar i løpet av ei veke. Reiselivsnæringa er viktig for store delar av Vestland, og er ei av næringane som blir sterkt påverka av koronakrisa.

– Det kjem ein dag då vi må arbeide oppatt aktiviteten i reiselivsnæringa, og då har destinasjonsselskapa også ei viktig rolle, seier Sandal.

Del av større innsats

Tilskotsordninga for destinasjonsselskapa er eitt av tiltaka Vestland fylkeskommune jobbar med for å vere med og dempe verknaden av korona-epidemien for næringslivet i fylket. Andre tiltak rettar seg mot leverandørindustrien innan olje og gass, små og mellomstore bedrifter og bedrifter i ein oppstartsfase.

Fylkeskommunen har også tiltak for å støtte bedrifter elles, og då som ei støtte gjennom Innovasjon Norge. Og vi har m.a. tiltak innan bedriftsintern opplæring. 

Det er også utarbeidd ein tiltakspakke for samla fylkeskommunal innsats, som blir avstemt mot statlege tiltakspakkar og innsatsen til andre aktørar.