Nettverk og samlingar
Gjennom planfaglege nettverk og konferansar bidrar Vestland fylkeskommune til å auke plankompetansen i fylket.
Plannettverket er ein møteplass for alle som er involvert i kommuneplanlegging, med kommuneplanar, reguleringsplanar eller relevant sakshandsaming. Planseksjonen er sekretariat og inviterer til nettverksamlingar innanfor ulike tema.
Den årlege plan-, klima- og folkehelsekonferansen er ein viktig møteplass for fagfolk og politikarar frå heile fylket. Konferansen vart i 2020 arrangert 27. oktober.
Plan-, klima- og folkehelsekonferansen 2021
Årets plan-, klima- og folkehelsekonferanse blir arrangert på Voss 3. og 4. november. Konferansen har fått namnet "Globale spørsmål – lokale svar".
Meir informasjon og lenke til påmeldingsskjema finn du på denne sida.
Fristen for å melde seg på er 22. oktober.