Søk investeringstilskot til idrettsanlegg

Investeringstilskotet til Vestland fylkeskommune skal medverke til at regionen får fleire store idrettsanlegg som har regional og nasjonal verdi, der ein kan arrangere nasjonale og internasjonale meisterskap. Tilskotet skal òg stimulere til etablering av idrettshall og/eller symjehall i kommunar som ikkje har dette.

Retningsliner for ordninga investeringstilskot til idrettsanlegg:

  • Arena for større nasjonale og internasjonale meisterskap
  • Til kommunar som ikkje har idrettshall og/eller symjehall

Kven kan søkje

Kommunar og andre anleggseigarar.

Kva kan få støtte

Fylkeskommunalt investeringstilskot vert berre løyvd til faste bygg/anlegg. Anlegget det vert søkt om støtte til, skal vere forankra i ein vedteken kommunal plan som omfattar fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Vestland fylkeskommune kan gje inntil kr 2 mill. i støtte til kommunar som ikkje har symjebasseng og/eller idrettshall og som vil byggje denne type anlegg.

Vestland fylkeskommune kan gje støtte til kostnadskrevjande idrettsanlegg, der ein kan arrangere nasjonale og internasjonale meisterskap. Storleiken på tilskotet vert vurdert utifrå godkjent finansieringsplan, ev. godkjend kostnadssum på spelemiddelsøknaden og ev. tilskot frå andre fylkeskommunale støtteordningar.

Sakshandsaming og vedtak

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova (fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter fvl. Avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Søknad om investeringstilskot skal sendast via kommunen og innehalde skildring av anlegget med finansieringsplan og kostnadsoverslag. Vestland fylkeskommune føreset tidleg dialog om utvikling av anlegget. Søknaden knytt til meisterskapsanlegg skal innehalde ei vurdering frå respektivt særforbund om den nasjonale verdien til anlegget, og kva arrangement anlegget er planlagt å vere vertskap for. Om det vert søkt om investeringstilskot til eit anlegg innan same idrett som finst frå før i Vestland, er det opp til søkjar å skildre kva som skil anlegget frå det som allereie eksisterer.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans.

Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til klaga, og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klaga skal sendast til Vestland fylkeskommune.