Tilskot til skianlegg for langrenn og turlangrenn

Det er mogleg å søkje Vestland fylkeskommune om inntil 50 000 kroner i driftsstøtte til skianlegg som legg til rette for langrenn og turlangrenn.

Løypekøyringa i skianlegga har stor samfunnsmessig betydning. Det kan vere utfordrande for slike anlegg å sikre finansiering av kostnadane. Tilskotet skal stimulere til relativt hyppig løypekøyring i anlegg som fyller regional funksjon som utfartsåre for langrenn og turlangrenn.  I tillegg må anlegget ha kapasitet til å gjennomføre regionale konkurransar.  

Ordninga vert å sjå på som ei 3-årig prøveordning for 2022, 2023 og 2024. Aktuelle søkjarar må søkje årleg kvar haust for å kunne vere med i vurderinga. 

Vi legg vekt på desse kriteria i tildelinga 

  • Geografisk spreiing som utfartsåre for langrenn og turlangrenn
    • Regionale og større meisterskap siste 3 åra, samt framtidige fastsette meisterskap
  • Midlane skal nyttast til drift og/eller til innkjøp av driftsutstyr
  • Eigen kommune må gå inn med tilsvarande driftsstøtte eller meir
    • Anlegg som mottek fylkeskommunal driftsstøtte, til løypekøyring for undervisning på vidaregåande nivå, vert ikkje prioritert

Kven kan søkje? 

Skianlegg eigd av idrettslag, stiftingar og/eller kommunar i Vestland fylke kan sende inn søknad til sine anlegg på elektronisk søknadsskjema.  

Tildeling  

Vestland fylkeskommune får fagleg bistand frå ski- og skiskyttarkretsane med vurdering av søknadane. 

Fylkeskommunen tek atterhald i storleiken på tilskotet dersom det skulle vere få eller mange kvalifiserte søkjarar. 

Rapportering 

Idrettslag/stifting/kommune som mottek støtte skal innan påfølgjande år gje ein kort skriftleg rapport om korleis støtta har vore nytta, samt leggje ved ein årsrapport for anlegget. 

Søknadsfrist

22. mars

Sakshandsaming og vedtak

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova (fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter fvl. Avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Vestland fylkeskommune. 

Vi gjer merksam på at søkjarar etter forvaltningslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.