Utbygging av veg frå Sæla
Ut frå tilgjengelege midlar kan ein bygge ein til to kilometer ny veg. I samarbeid med Sunnfjord kommune vil vi starte planarbeid på strekninga Sæla – Liabø. Det er planlagt bygging av ein 6,5 m brei veg. Vidare planarbeid vil avgjere kor langt ein kan byggje ny veg.

Riggområde
I samband med utarbeiding av detaljreguleringsplan for utbetring av fv. 611 Sæla-Liabø er det behov for å sette av areal til riggområde. Det vert difor varsla bandlegging av BBB3 til mellombels byggje- og anleggsområde.
Utviding av vegen ved Buanes og Hestvika
Utbetringa av vegen frå Sæla og vestover vil truleg gje eit masseoverskot. Overskotsmassene skal brukast til utviding av fylkesvegen ved Buanes og Hestvika.
Bygging av møteplassar
Ut frå tidlegare vurderingar reknar ein med at det er midlar til å byggje om lag åtte enkle møteplassar.

Skredsikring
Tilgjengelege midlar vil bli nytta til reinsk og sikring av skjeringar, fangnett og isnett på dei to strekningane Redalslia I og Redalslia II.
