Detaljregulering er ute på høyring

Detaljregulering Fylkesveg 611 Sæla – Liabø, Hestvika er lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Vi ynskjer innspel frå deg! Høyringsperioden er 30. juni 2023 – 8.september 2023.

Sjå viktige dokument i saka.

Klikk på firkanten for å få opp ein informasjonsboks om prosjektet. Zoom deg inn på kartet for å sjå planområdet: 

Ut frå tidlegare avtalar mellom Naustdal kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Nordic Mining skal utbetringa vere tredelt:

  • Utbygging av veg til full standard på ein strekning frå Sæla og vestover
  • Bygging av møteplassar
  • Andre mindre tiltak. Dette vil bli skredsikring.