Open kontordag

I samband med reguleringsplanarbeid på fv. 611 Sæla-Liabø og Buanes - Hestvika inviterer Vestland fylkeskommune til open kontordag i gamle Naustdal kommunehus 22.-23. mars.

Vi har nokre tidleg teikningar på veg og tilkomstsløysingar på Sæla -Liabø og Buanes - Hestvika som vi gjerne vil ha kommentarar på før vi teiknar framlegg til detaljreguleringsplan.

Besøkstida på kontoret vert mellom kl. 14:00-18:00. Send melding, eller ta kontakt med planprosjektleiar Geir Lyngaas for å avtale møtetid. 

Bakgrunn for planarbeidet:

Vegen frå Sæla og vestover forbi Liabø skal utbetrast i full vegbreidde. Det vil påverke nokre eigedomar og tilkomstar langs eksisterande veg. Det vil bli eit overskot av massar ved utbetring av vegen. Planarbeidet vert difor utvida til også å gjelde del av Buanes og Hestvika.

På Buanes og Hestvika skal overskotsmassane nyttast til å rette ut vegen, gi to nye møteplassar og betre tryggleik for eksisterande tilkomst.