Oppstart av reguleringsplan
Vestland fylkeskommune skal i samarbeid med Sunnfjord kommune lage detaljreguleringsplan for utbetring av fv. 611 frå Buanes - Hestvika.

Vegen frå Sæla og vestover forbi Liabø skal utbetrast i full vegbreidde, og dette vil gje eit overskot av massar.
Planarbeidet vert difor utvida til to andre strekningar på fylkesvegen. På Buanes og i Hestvika skal overskotsmassane nyttast til å rette ut vegen, betre tryggleik i avkøyrsel og lage to møteplassar.