Mindre reguleringsendring ved Sæla

I samband med detaljreguleringsplan for utbetring av fv. 611 Sæla-Liabø er det behov for riggområde. Det vert difor varsla ei mindre vesentleg reguleringsendring etter plan og bygningslova § 12-14.

Endringa gjeld eksisterande bustadområde BB3, som får tidsavgrensa føresegnsområde mellombels byggje- og anleggsområde.

RIGGOMRÅDE: Området markert som BBB3 blir bandlagt til mellombels byggje-og anleggsområde.
RIGGOMRÅDE: Området markert som BBB3 blir bandlagt til mellombels byggje-og anleggsområde.

Skildring av tiltaket

Riggområdet vil i anleggsperioden nyttast til bustadrigg, kontorbrakker, anleggsmaskiner og truleg mellombels masselager. Bustadrigg plasserast utanfor faresoner. Området vil etter bruk som riggområde gå attende til bustadføremål.

Innspel til arbeidet

Vi ber om synspunkt og innspel innan 5. desember 2022. Send det skriftleg til post@vlfk.no eller til Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen. Ved spørsmål, ta kontakt med Geir Lyngaas på telefon 91 83 32 09 eller e-post geir.lyngaas@vlfk.no