Informasjon til minoritetsspråklege vaksne

Vi tilbyr gratis vidaregåande utdanning for vaksne. Utdanninga kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse.

Er du over 25 år og ønskjer å ta utdanning i Norge? Dette må du vite:

Norsk

Du bør kunne snakke, lese og skrive norsk for å ta vidaregåande utdanning. Det er fordi undervisninga og eksamen er på norsk.

Vi ønskjer at du skal klare å fullføre utdanninga di, og difor testar vi alle som søkjer opplæring for vaksen.

Testen vil fortelle oss om du kan norsk godt nok til å kunne følgje undervisninga. Dersom testen viser at du ikke kan nok norsk anbefaler vi deg å lære meir norsk før du går i gang med vidaregåande utdanning.

Treng du norskopplæring kan du ta kontakt med kommunen du bur i. 

Grunnskule

Du må ha fullført grunnskule for å kunne søkje vidaregåande utdanning.

Dersom du ikkje har fullført grunnskule, eller manglar papir på dette, kan du kontakte kommunen du bur i. Kommunen kan gi deg opplæring og dokumentasjon på fullført grunnskule. Dei kan også vurdere realkompetansen din.

Opphaldsløyve

Du må ha opphaldsløyve i Norge for å kunne søkje opplæring for vaksne. Med opphaldløyve har du den same retten til vidaregåande opplæring som norske statsborgarar.

Kva kan du søkje?

Dersom du ønsker ei praktisk utdanning kan du søkje om å ta yrkesfag. Utdanningen kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse.

Dersom du ønskjer å søkje høgare utdanning treng du generell studiekompetanse for å kunne studere vidare på høgskule/universitet. Då kan du søkje om å ta dei seks studiekompetansefaga.