Studiekompetanse

Skal du studere ved universitet eller høgskule? Då må du ha studiekompetanse.

Vi tilbyr gratis opplæring i faga som gir generell studiekompetanse som vaksen etter 23/5-regelen.

  • Norsk
  • Engelsk
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Samfunnsfag
  • Historie

Søk opplæring for skuleåret 2020/21

  • Du kan søke om å ta eitt eller fleire fag
  • Søknadsfrist er 1. april 2020
  • Søkarar med vaksenrett blir prioriterte ved inntak, men alle kan søke.

Kontakt oss dersom du har spørsmål om vidaregåande for vaksne.

Vaksne kan søke om å ta studiekompetansefaga over eitt eller fleire år. Til Sotra vgs, Stord vgs og Voss gymnas kan du søke gjennom vigo. Bruk søknadsskjema på denne nettsida for å søke til Bergen Katedralskole.

Bergen

Bergen Katedralskole, tilbyr studiekompetanse over eitt år

Sotra

Sotra vgs tilbyr studiekompetanse over to år

Stord

Stord vgs tilbyr studiekompetanse over to år

Voss

Voss gymnas tilbyr studiekompetanse over to år