Rett til gratis vidaregåande utdanning

Vaksne har rett til gratis vidaregåande utdanning, realkompetansevurdering og studierettleiing. Retten gjeld frå det året du fyller 25.

Du har vaksenrett dersom du

  • fyller 25 år eller meir det året du søkjer
  • ikkje har fullført vidaregåande utdanning tidlegare
  • eller har vidaregåande utdanning frå eit anna land som ikkje er godkjent i Noreg
  • har fullført grunnskule eller tilsvarande
  • søkjer i heimfylket ditt 
  • har gyldig opphaldsløyve (gjeld minoritetsspråklege)

Vi vurderer om du har vaksenrett når du søkjer. For dette skuleåret er vokseenretten knytt til ditt tidlegare heimfylke.

Bruk retten din til å fullføre vidaregåande opplæring gratis. Ta kontakt med rettleiingstenesta dersom du har spørsmål.

Alle har rett til å fullføre vidaregåande opplæring.

Er du under 25 år kan du søkje vanleg vidaregåande skule. Dette gjeld også dersom du har tatt utdanning i eit anna land og ikkje får den godkjent i Noreg.

Det er også mogeleg å søkje om vaksenopplæring og dermed endre ungdomsretten til vaksenrett etter § 4A-3 i opplæringslova.

Kontakt oss dersom du lurer på noko. Vi kan hjelpe deg å fullføre vidaregåande opplæring.

Vaksne som har fått fått plass på vidaregåande opplæring har rett til å fullføre opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om du ikkje har vaksenrett.

Når du søkjer utdanning hos oss får du eit enkeltvedtak på at du har vaksenrett.

Du får også informasjon om du kjem inn på utdanninga du har søkt på.

Du har rett til å klage på vedtaka.