Bli lærling eller lærekandidat
Alle kan bli lærling eller lærekandidat, men du må sjølv skaffe deg ein læreplass.
Å vere lærling betyr at du får opplæring i ei godkjent bedrift i eit fag som fører fram til eit bestemt yrke. Opplæringa blir avslutta med ei fag- eller sveineprøve.
Som lærekandidat får du opplæring etter ein tilpassa lærekandidatplan (TLKP), med eit utval av kompetansemål frå læreplanen i faget som er tilpassa dine behov og føresetnader. Målet med opplæringa er at du skal få tilknyting til ordinært arbeidsliv.
Korleis søkjer du læreplass?
Dersom du ønskjer ein læreplass må du søkje om dette i Vigo. Vigo opnar 10. januar. Fristen er 1. mars dersom du vil bli lærling og 1. februar desom du vil bli lærekandidat. For å søke må du ha BankId eller MinID.
Tips for å få læreplass
Sjølv om du har søkt om læreplass i Vigo er det lurt å bør du også sende søknad og cv direkte til lærebedrifter du ønskjer jobb i.
Det er lurt å søkje tidleg, læreplassar forsvinn raskt.
Det er viktig at du er tilgjengeleg på e-post og telefon og at du møter på intervju dersom lærebedrifta ønskjer det.
Du finn oversikt over aktuelle bedrifter i Vestland på vilbli.no.
Hugs at du må registerere søknad på Vigo sjølv om du allereie har avtale med ei lærebedrift.
Lærekontrakt
Når du har fått ei lærebedrift skal lærebedrifta tilsette deg. Det betyr at du får ein arbeidsavtale med bedrifta. Du skal også teikne ei lærekontrakt med bedrifta.
Fylkeskommunen må godkjenne lærekontrakten din. Du må signere lærekontrakten digitalt gjennom Posten si signeringsteneste. Du vil få ei tekstmelding eller e-post frå Posten, og må bruke MinID til å signere kontrakten. Har du probem med å signere digitalt, må du ta kontakt med oss på e-post.
Lærekandidat
Ønskjer du opplæring i ei bedrift, men usikker på om du vil klare krava til fag- eller sveineprøve. Då kan lærekandidatordinga vere akkurat det du treng.
Som lærekandidat har du dei same rettane og pliktene som lærlingar. Du er tilsett i ei lærebedrift og får løn under opplæringa. Du får opplæring som er tilpassa deg og dine føresetnader. Du treng ikkje oppfylle teori og du får ein tilpassa opplæringsplan. Ordninga er laga for at du skal lukkast på dine eigne premissar, og opplæringsplanen kan justerast undervegs slik at du alltid jobbar mot mål som er realistike og meiningsfulle. Målet er at du skal få tilknyting til areidslivet.
Dersom du ikkje har utbyte av opplæringa, kan du har rett på individuelt tilrettelagt opplæring (ITO). Om dette er aktuelt for deg, må du få ei sakkunning vurdering frå PPT. Her finn du informasjon om korleis du kontaktar PPT.
Meir informasjon om lærekandidatordninga finn du i Handbok for lærekandidatar (pdf).
Har du ikkje fått læreplass
Ikkje gi opp, men hald fram med å søke aktivt om læreplass! Kontakt bedrifter, og send opne søknadar for eventuelle moglegheiter om læreplass.
Ta kontakt med den gamle skulen din eller Rettleiingstenesta. Dei kan gi deg råd og rettleiing om vegen vidare.
Opplæringstilbod for dei som ikkje har fått læreplass
Om du oppfyllar vilkåra for å bli formidla til læretid i bedrift, har du rett til læreplass.
Dersom fylkeskommunen ikkje greier å gi deg læreplass, vil du få eit anna opplæringstilbod. Opplæringstilbodet vil bygge på vg2 programområde du har fullført. Tilbodet vil i houvdsak vere på ein skule og varar i 18-24 månadar. Målet er likevel at du så raskt som mogleg skal få teikne lærekontrakt med ei ordinær lærebedrift.
Fylkeskommunen vil sende deg ei melding omtrent 15. august for å høyre om du framleis ønskjer læreplass. Det er viktig at du svarar på melding om du ønskjer læreplass. Om du ikkje svarar, får du ingen tilbod frå fylkeskommunen.
Du har rett til opplæringstilbod for dei som ikkje får læreplass dersom du har
- bestått alle fag på Vg1 og Vg2
- rett til å fullføre sluttkompetanse
Dersom du har fått tilbod om ein læreplass og takka nei, vil du ikkje få fleire tilbod.
Meir opplæring i fag du ikkje har bestått
Dersom du ikkje har bestått alle fag, er du ikkje kvalifisert til å få læreplass. Du har rett på opplæring i faga du manglar. Du finn informasjon om meir opplæring her.