Erasmus+ for elevar, lærlingar og lærarar

Erasmus+ er verdas største utdanningsprogram og legg til rette for praksisopphald, hospitering, kurs eller deltaking i samarbeidsprosjekt i Europa. Søk innan 22. januar!

Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett for perioden 2014–2020.

Kven kan søkje?

Vidaregåande skular, opplæringskontor og lærebedrifter kan søkje på vegne av elevar, lærarar, lærlingar og opplæringsansvarlege.

Kva kan du få støtte til?

  • Mobilitetsprosjekt:
    • praksisopphald i Europa for yrkesfagelevar (gjennom yrkesfagleg fordjupning)
    • lærlingar kan ta delar av læretida si i Europa
    • yrkesfaglærarar og opplæringsansvarlege kan hospitere i ulike skular eller bedrifter
    • Lærare kan undervise eller delta på kurs
  • Partnarskapsprosjekt (skuleutvikling):
    • samarbeid mellom skular/organisasjonar for å utvikle, utveksle og prøve ut fagleg samarbeid


For meir detaljert informasjon, sjå Diku sine nettsider 

Kvifor Erasmus+?

Gode grunnar til å delta i Erasmus+:

  • Du vil få arbeidserfaring i eit internasjonalt miljø
  • Du vil få utvida fagkunnskap
  • Du vil bli flinkare til å reflektere i faget ditt
  • Du vil få utvida kulturell erfaring
  • Du vil få utvida språkerfaring
  • Det kan bidra til å utvikle kvalitet i undervisning og opplæring
  • Det kan styrke koplinga mellom utdanning og arbeidsliv

Slik søkjer du

For praksisopphald innan yrkesfagopplæring tilbyr vi skular og opplæringskontor/lærebedrifter å vere med i ein fellessøknad med forenkla søknadsprosess.

Søknadsskjema

Vedlegg som må følgje med søknaden:

Letter of intent HFK - Senderorganisasjon

Letter of intent Sender - Mottakarorganisasjon

Signaturskjema

Fristar

Søknadsfrist er 22. januar 2020.

For andre prosjekt (mobilitet for fellesfaglærarar og partnarskapsprosjekt) må du sende søknad direkte til Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku)

Sender du søknad direkte til Diku er søknadsfristen 5. februar 2020 for mobilitetsprosjekt og 24. mars 2020 for søknad til partnarskapsprosjekt. 

Kva kan vi hjelpe med

  • Vi rettleiar i søknadsprosessar
  • Vi arrangerer informasjonsmøte
  • Vi bidreg med å finne europeiske partnarar
  • Vi held innlegg om program og prosjektmoglegheiter