Lærling

Som lærling skal du bli behandla like bra som andre tilsette i bedrifta. Du skal ha eit godt miljø på jobb, slik at du lærer det du skal og får utført arbeidet ditt. Truslar, trakassering og diskriminering er ikkje lov.

Dersom du blir dårleg behandla, kan du få psykiske problem og gjere ein dårlegare  jobb enn elles.

Dette er trakassering

  • Du opplever at nokon gjer noko du ikkje ønskjer for å krenke deg
  • Nokon fleiper med deg på ein måte som du du du ikkje likar, og dette skjer fleire gongar
  • Nokon snakkar nedlatande om kva du kan
  • Nokon kjem med seksuelle kommentarar eller snakkar om kroppen din
  • Nokon tar på deg utan at du vil det

Her kan du lese meir om trakassering

Dette er diskriminering

  • Du blir behandla ulikt andre på grunn av den du er eller det du står for.
  • Nokon kjem med nedlatande kommentarar om din seksuelle legning, kvar du kjem frå eller kva du trur på.
  • Du får færre moglegheiter enn andre grunna helseproblem eller graviditet.
  • Du mister læreplassen din grunna utfordringar med helsa, utan at sjefen har prøvd å legge til rette for deg.

På likestillings- og diskrimineringsombodet si nettside kan du lese meir om diskriminering

Slik kan du gå fram dersom du blir behandla dårleg på jobb

  • Snakk med sjefen. Det er sjefen sitt ansvar å stoppe åtferd som ikkje er akseptabel
  • Er lærebedrifta medlem av eit opplæringskontor? Opplæringskontoret skal hjelpe både deg og lærebedrifta. Snakk med opplæringskontoret
  • Dersom ikkje sjefen klarer å stoppe dårleg åtferd i bedrifta, kan du vurdere å byte læreplass.
  • Hjelper det ikkje å snakke med sjefen eller opplæringskontoret? Du kan alltid ta kontakt med fagopplæringskontoret
  • Fagopplæringskontoret skal følge opp både deg og lærebedrifta, og kan komme på bedriftsbesøk.

Ofte stilte spørsmål

"Kva kan eg gjere dersom sjefen behandlar meg på ein dårleg måte?"

Svar: Det beste er å ta ein prat med sjefen. Det er fint om du kan fortelje litt om korleis du opplever det som skjer på ein sakleg måte. Kan du også fortelje noko om kva du treng for å bli ein betre lærling? Du kan til dømes seie: «Det er viktig for meg at du fortel meg kva eg gjer bra, slik at eg veit kva eg skal fortsette med». Eller «Eg lærer best om du kan forklare det til meg på ein rolig måte».

"Eg våger ikkje fortelje til nokon at eg ikkje blir behandla bra på jobb. Kva gjer eg?"

Svar: Det er viktig at du har nokon å prate med. Du kan gjerne ringe meg (elev- og lærlingombodet) på 456 17 344. Du treng ikkje fortelje meg kva du heiter eller kor du jobbar. Eg har teieplikt.

"Eg har ein kollega som kallar meg stygge ting. Skal eg finne meg i dette?"

Svar: På arbeid skal ingen snakke nedlatande om kven du er, legningen din, kor du kjem frå eller kva du trur på. Dersom du opplever dette, bør du melde frå til sjefen. Sjefen pliktar å ta tak i slike problem og å setje i gong tiltak.

Dette seier lova

Dette står i opplæringslova:

Lærebedrifta skal møte lærlingane med tillit, respekt og krav, og gi lærlingane utfordringar som fremmar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast. Dette står i opplæringslova § 1-1

Lærebedrifta skal skape eit godt arbeids- og læremiljø. Dette står det om i opplæringslova § 4-4.

Dette står i arbeidsmiljøloven:

Arbeidstakarar skal ikkje bli utsatt for trakassering eller anna utilbørleg åtferd. Arbeidstakarar skal så langt det er mogleg blir beskytta mot vald, truslar og uheldige belastningar som følgje av kontakt med andre. Du kan lese meir i arbeidsmiljøloven  4-3.

Som lærling har du krav på den løna du har avtalt med din arbeidsgjevar. Det finst reglar for arbeidstid, overtid og ferie. Desse reglane er like for deg som for dei andre på jobben.

Har jobben din tariffavtale?

Tariffavtale er ein avtale mellom jobben og dei tilsette som seier noko om når de skal arbeide og kva de skal ha i løn. Nokre bedrifter har tariffavtale, andre har det ikkje. På denne måten finn du ut om bedrifta di har tariffavtale:

  • Sjå på arbeidsavtalen din. Dersom det står «Tariffløn» eller «Løn i høve til gjeldande tariff», har bedrifta tariffavtale
  • Spør tillitsvalt på jobb. Tillitsvalt er den personen på jobben som er kontaktperson opp mot fagforeininga
  • Spør sjefen din

Med tariffavtale

Arbeidstid: Det står i tariffavtalen kor mykje du skal arbeide og når. Arbeidstida kan nokre gongar variere.

Løn: I tariffavtalen står det kva du skal tene. Det står også kva tillegg du skal ha dersom du arbeider kveld, helg eller heilagdag.

Overtid: Dersom det skjer noko uventa på jobb, kan du bli bedt om å jobbe meir enn du skal, altså overtid. Du skal ha utbetalt minst 50 prosent overtidstillegg. Når du arbeider overtid som lærling, bør du regnast som ufaglært arbeidar, fordi alle opplæring skal skje innanfor normal arbeidstid. Du kan heller ikkje regne med å få rettleiing når du arbeider overtid. Det finnes maksimale grenser for kor mykje overtid du kan jobbe.

Les meir om dette på arbeidstilsynet sine nettsider.

Ferie: Som lærling har du rett på fem veker med ferie i året, på same måte som andre tilsette. Du må søke til sjefen om når du ønskjer ferie. Du kan søke om å ha tre veker samanhengande ferie mellom 1. juni – 30. september. Feriepengar du har tent opp året før, blir utbetalt i staden for løn i ferien. Det første året du jobbar er det ikkje sikkert at feriepengane vil dekke opp heile ferien. Du er ikkje pålagt å ta ut ferie når du ikkje har opparbeida deg tilstrekkeleg med feriepengar. Unntaket er når heile jobben stenger. Då må også du ta ferie.

På arbeidstilsynet sine nettsider kan du lese meir om ferie.

Utan tariffavtale

Arbeidstid: Det skal stå på arbeidsavtalen din når og kor mykje du skal arbeide. Det er lov å arbeide opp til 40 timar i veka.

Løn: Det er ingen reglar for kva ein lærling skal tene. Dei fleste lærlingar tener ei begynnarløn for ein faglært arbeidar, fordelt over to år. Det skal stå noko om di løn i arbeidsavtalen

Overtid: Dersom det skjer noko uventa på jobb, kan du bli bedt om å arbeide meir enn du skal, altså overtid. Du skal ha betalt minst 40 % overtidstillegg. Når du arbeider overtid som lærling, bør du regnast som ufaglært arbeidar, fordi alle opplæring skal skje innanfor normal arbeidstid. Du kan heller ikkje regne med å få rettleiing når du arbeider overtid. Det finnes maksimale grenser for kor mykje overtid du kan jobbe. Les meir om dette på arbeidstilsynet sine nettsider.

Ferie: Som lærling har du rett på ferie på same måte som andre tilsette. Du har rett på fire veker og ein dag med ferie i året. Du må søke til sjefen om når du ønskjer ferie. Du kan søke om å ha tre veker samanhengande ferie mellom 1. juni – 30. september. Feriepengar du har tent opp året før blir utbetalt i staden for løn i ferien. Det første året du jobbar er det ikkje sikkert at feriepengane vil dekke opp heile ferien. Du er ikkje pålagt å ta ut ferie når du ikkje har opparbeida deg tilstrekkeleg med feriepengar. Unntaket er når heile jobben stenger. Da må også du ta ferie. På arbeidstilsynet sine nettsider kan du lese meir om ferie.

Pause

Dersom vakta di er på minst fem og ein halv time, har du rett på minst ein pause. Dersom du må vere på jobb i pausen, skal du ha betalt pause. Dersom den daglege arbeidstida er åtte timar eller meir, skal pausen minimum vare i ein halv time. Les meir om reglar for pause på arbeidstilsynet sine nettsider.

Kom presis

Det er ditt ansvar å møte presis på jobb. Jobben må kunne stole på at du kjem på jobb til avtalt tid. Dersom du kjem for seint fleire gongar, kan dette føre til at du mister læreplassen din. Læreplassen må søke til fagopplæringskontoret om å få heve lærekontrakten med deg.

Ofte stilte spørsmål

Kva er vanleg løn for lærling?
Svar: Lærlingløn varierer frå fag til fag, og frå bedrift til bedrift. Dei fleste lærlingar får ei årsløn som ferdig utlært fagarbeidar fordelt på to år.

Kan eg tene meir som vaksen lærling?
Svar: Uavhengig av alder har du moglegheit til å forhandle om løn før du skriv under på arbeidsavtalen. Dersom du har hatt liknande arbeid før, eller har eit anna fagbrev kan det trekke opp løna.

Sjekk kva som står i din arbeidsavtale. Det er vanleg at lærlingløna vert fordelt som prosent av fagarbeidarløn: 30 % første halvår, 40 % andre halvår, 50% tredje halvår og 80 % siste halvår.

Kor mykje overtid kan sjefen pålegge meg som lærling?
Svar: Det er same grenser for overtid for lærlingar som for andre tilsette.

Kan eg få bestemme sjølv når eg skal ha ferie?
Svar: Du må søke til sjefen din om å få ferie. Det er sjefen som bestemmer kven som har ferie når.

Eg er under 18 år. Er det eigne reglar som gjeld for meg som lærling?
Svar: Som tilsett under 18 år har du krav på 30 min pause når arbeidsdagen er lengre enn 4,5 time. Er du under 18 år, skal du ikkje jobbe meir enn 8 timar i døgnet og over 40 timar i veka. Lærlingar under 18 år kan ikkje arbeide overtid. Du skal ha fri mellom kl. 23-06.

Du kan lese meir på arbeidstilsynet sine nettsider om kva som gjeld dersom du er under 18 år.

Kva er ei fagforeining?
Svar: Det er mange fagforeiningar i Noreg. Det er frivillig å melde seg inn i ei fagforeining, og det kostar noko å vera medlem. Dersom du er medlem i ei fagforeining kan du få hjelp til spørsmål knytt til løn og arbeidstid. Det kan vera lurt å vera medlem av ei fagforeining dersom det dukkar opp mange slike spørsmål. Du kan sjekke om det finnes ei fagforeining på jobben din. Fleire fagforeiningar har gode tilbod til lærlingar som vil melde seg inn.

Dette seier lova

Dette står det om i arbeidsmiljøloven:

Kva kan du gjere dersom bedrifta ikkje følgjer lova?

  • Snakk med fagleg leiar, instruktør eller sjefen
  • Snakk med opplæringskontoret dersom lærebedrifta di er medlem av eit opplæringskontor
  • Hjelper ikkje dette? Snakk med fagopplæringskontoret
  • Ved alvorlege brot på arbeidsmiljøloven kan du tipse arbeidstilsynet

Du har rett på god opplæring. Gjennom læretida skal du jobbe med alle måla i læreplanen i faget ditt. Då vil du vera godt førebudd på fag- eller sveineprøva.

Kva skal du lære?

Som lærling skal du lære alt som står i læreplanen i faget ditt. Sjekk lista over kompetansemål i ditt fag.

Her kan du søke opp læreplanen i ditt fag

Du skal ha eit godt læremiljø i lærebedrifta. Det vil seie at det er lett å lære og at du har tilgang på fagfolk som kan hjelpe deg.

Dette kan du forvente av opplæringa i bedrifta

  • Arbeidsoppgåver som passar til faget ditt
  • Intern opplæringsplan som viser kva du skal lære, når du skal lære det, og kven som skal hjelpe deg
  • Tilbakemelding undervegs på kva du gjer bra, og kva du bør gjere betre
  • Samtale kvart halvår om korleis du ligg an og kva de bør arbeide meir med framover.
  • Hjelp når du treng det
  • Tid til å skrive logg, notere eller løyse oppgåver i arbeidstida

Dette er forventa av deg som lærling

  • At du gjer jobben så godt du kan
  • At du stiller faglege spørsmål
  • At du gir tilbakemelding dersom du ikkje forstår ei oppgåve
  • At du skriv opp det du lærer eller med bildelogg

Kva skal du gjere om du ikkje lærer det du skal?

  • Snakk med instruktøren din, fagleg leiar eller sjefen
  • Dersom bedrifta di er medlem av eit opplæringskontor, bør du snakke med dei

Ofte stilte spørsmål

"Eg har dei same arbeidsoppgåvene heile tida. Korleis kan eg då lære det eg skal?"
Svar: Du må løyse mange ulike arbeidsoppgåver for å vere best mogleg førebudd til fagprøven. Kan du og din faglege leiar (den som har skrive under på lærekontrakten din) gå gjennom den interne planen din for opplæring? Er det interessante oppgåver i bedrifta som du kan tilby deg å løyse? Kan du arbeide saman med andre kollegaer for å lære meir? Dersom det ikkje blir betre etter at du har snakka med fagleg leiar kan du kontakte fagopplæringskontoret i Hordaland.

"Kor mykje rettleiing/hjelp kan eg få?"
Svar: Du har krav på jamleg tilbakemelding. Det er ingen reglar for kor ofte det kan skje. Nokre bedrifter set av ei tid kvar veke, andre gir tilbakemelding gjennom arbeidsdagane. Det er viktig at instruktøren din ser deg i arbeid og at du får anledning til å stille spørsmål. Kvart halve år skal du ha ein halvårssamtale.

"Bedrifta eg arbeider i har ikkje oppgåver som dekker heile faget mitt"
Svar: Det er eit krav for å bli godkjent lærebedrift at bedrifta kan gi deg opplæring i høve til alle måla i læreplanen. Dersom desse endrar seg medan du er lærling, er det bedrifta sitt ansvar å sørgje for at du lærer det du skal. Dersom bedrifta er medlem av eit opplæringskontor, kan du få hjelp der. Kanskje kan du få eit kurs eller bli utplassert i anna bedrift i ein periode.

"Eg arbeider på kvelden med å løyse arbeidsrelaterte oppgåver. Er det rett?"
Svar: All tida du bruker på å lære faget ditt skal ligge innanfor arbeidstida. Du bør få noko tid kvar veke til å ta notatar, løyse oppgåver og skrive logg. Be gjerne om ei fast tid til dette. Det er ingen reglar for kor mykje tid du har krav på. Det vil variere frå fag til fag. Det skal uansett ikkje vere nødvendig å løyse arbeidsoppgåver utanom arbeidstida.

"Eg tar opp fag. Har eg rett på fri frå jobben når eg har undervisning?"
Svar: Dersom det er fag du tidligare har fått stryk på, har du ikkje rett til å få fri. Forklar situasjonen for leiaren din, og spør etter ei løysing som kan fungere. Kan du til dømes arbeide ekstra ein annan dag og avspasere når du har undervisning?

"Har eg lov å arbeide åleine?"
Svar: Som lærling skal du få opplæring og lære om faget. I tillegg skal du produsere for bedrifta (bidra til verdiskapinga). Det er til dømes ok at du løyser oppgåver åleine eller arbeider med kundar/brukarar åleine dersom du har fått nødvendig opplæring. Dersom det oppstår problem bør du alltid ha nokon å spørje. Du bør også ha tid saman med instruktøren din slik at du får tilbakemeldingar på arbeidet ditt. Derfor bør du ikkje arbeide åleine heile tida.

"Eg har dysleksi. Har eg krav på ekstra oppfølging i læretida?"
Svar: Du har rett til å få hjelp frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)  også når du er lærling. PPT kan finne ut kva du slit med og gi både deg og lærebedrifta råd om korleis bedrifta kan hjelpe deg best mogleg.

Dette seier lova

  • Lærebedrifta pliktar å leggje til rette produksjonen og opplæringa slik at lærlingen kan nå måla i læreplanen
  • Lærebedrifta skal utvikle ein intern plan for opplæringa. Planen skal sikre at lærlingen får ei opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen
  • Lærebedrifta skal skape eit god arbeids- og læringsmiljø. Dette står i opplæringslova § 4-4
  • Lærlingen har minst ein gong i halvåret rett til ein samtale med instruktør om utviklinga si i samband med kompetansemåla i faget. Dette står i forskrifta til opplæringslova § 3-11 tredje ledd

Fleire ungdommar, også lærlingar, har problem med sjukdom, psykisk helse eller har lærevanskar. Har du problem er det viktig å ta tak i dei tidleg. Då aukar sjansane for at du står på fag- eller sveineprøven.

Kva gjer du dersom du blir sjuk

Dei fleste av oss blir sjuke av og til, og det er lov å vera sjuk. Sjefen har ansvar for å leggje til rette for deg om du treng det. Ta ein prat om kva som skal til for at du kan meistre jobben din. Kanskje har legen din nokre tips eller anbefalingar?

Dersom du blir sjuk, må du hugse dette

Eigenmelding: Gi beskjed til arbeidsplassen med ein gong du blir sjuk. Lever eigenmelding med ein gong du er tilbake på jobb. Spør sjefen om korleis og til kven du skal melde frå til dersom du blir sjuk, og kor mange dagar du kan bruke eigenmelding.

Sjukemelding: Dersom du er sjuk lenge eller ofte, må du til legen for å få sjukemelding. Lever den til sjefen din same dag som du vert sjukemeldt.

Læretida kan bli forlenga: Dersom du er sjuk meir enn ein månad av læretida si, kan læretida bli forlenga. Det kan skje dersom du og bedrifta er samd om at det må til for at du skal lære det du må. Det er fagopplæringskontoret som saksbehandlar søknad om forlenga læretid.  

Kva kan du gjere om du har psykiske utfordringar?

Vi har alle dårlege dagar eller periodar i livet som er vanskelegare enn andre. Dersom du har psykiske problem som går ut over jobben, kan det hende du treng hjelp.

Fastlegen din kan finne nokon som kan hjelpe deg. Som lærling har du også rett på tenester frå Oppfølgingstensta (OT)/Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) til å få gjennomført vidaregåande opplæring. Her arbeider det både rådgjevarar og psykologar.

Livskrisehjelpen i Bergen er eit tilbod til menneske i akutte livskriser.

Du kan få råd og tips på Hjelpetelefonen til Mental helse

Vanskar med å lære eller problem med konsentrasjonen?

Dersom du har vanskar med å lære eller problem med å konsentrere deg, kan det vera lurt å be om hjelp frå PPT  Dei kan beskrive problema du har, og gi råd til bedrifta om korleis dei kan hjelpe deg.

Dømer:

  • Faste rutinar
  • Skriftlege beskjedar
  • Sette opp delmål
  • Repetere nytt stoff
  • Jobbe ein stille stad
  • Få tilbakemeldingar ofte

Dersom du treng mykje ekstra rettleiing på grunn av vanskar med å lære, kan det hende bedrifta kan søke om ekstra tilskot frå fagopplæringskontoret.

Ofte stilte spørsmål

"Eg slit med depresjon og er usikker på om eg klarar å fullføre læretida mi."
Svar: Sjefen har plikt til å leggje til rette for at du får gjort jobben din. Du må forklare kva som er vanskeleg og kva som kan hjelpe. Du bør også ta kontakt med fastlegen, som kan vise deg vidare til rett plass for få hjelp. Du kan også diskutere med lærebedrifta om det kan vera mogleg å ha eit kortare avbrot i læretida for å følgje eventuell behandling.

"Bør eg gi beskjed til sjefen om at eg har dysleksi?"
Svar: Du bør gi beskjed om dette dersom du treng ekstra hjelp og tilrettelegging. Gi beskjed før du skriv under lærekontrakten slik at ingen blir overraska seinare.

"Kor mykje bør sjefen legge til rette for meg når eg er sjuk?"
Svar: Sjefen har ei plikt til å legge til rette slik at du kan halde fram i jobben, så lagt det er mogleg for bedrifta. Du kan til dømes har krav på meir tid til oppgåvene, hjelpemidlar eller andre oppgåver innanfor same fag/bedrift.

Dette seier lova

Dette står i opplæringslova

I opplæringslova § 1-3 første ledd står det at opplæringa skal vere tilpassa den enkelte sine evner og føresetnader.

Lærlingar skal ha same tilgang på pedagogisk- psykologisk teneste (PPT) som elevar i vidaregåande skule. Dette står i opplæringsloven § 4-2, fjerde ledd

Dette står i arbeidsmiljølova

Dersom ein arbeidstakar har redusert evne til å arbeide som følgje av ulykke, sjukdom, slitasje e.l., skal arbeidsgjevar, så langt som mogleg, setje inn nødvendige tiltak for at arbeidtakar skal kunne halda fram i arbeidet sitt. Dette står i arbeidsmiljøloven § 4-6, første punkt