Oppfølgingstenesta (OT)
Oppfølgingstenesta (OT) arbeider for at ungdom skal få tilbod om opplæring, arbeid eller anna sysselsetting. Vi gir derfor utdannings- og yrkesrettleiing. OT er ein del av Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.
For å har rett til våre tenester, må du ha rett til vidaregåande opplæring og vere mellom 16 og 21 år. I tillegg må eit av desse punkta passe for deg inneverande skuleår:
- Du har takka nei til offentleg skuletilbod
- Du tar ut eit venteår eller eit friår
- Du har ikkje søkt/fått skule- eller læreplass
- Du har avbrote vidaregåande opplæring
Dersom eit av desse 4 punkta gjeld for deg, vil vi gjerne at du tar kontakt.
Kontaktinformasjon og meir om rettleiingstenesta.