Om fagskuleutdanning

Fagskuleutdanning skil seg frå anna høgare utdanning mellom anna ved at du kan søke opptak på grunnlag av fullført fagbrev, og at det ikkje er krav om at undervisinga i fagskulane skal vere forskingsbasert. Men det er eit krav at utdanningane skal ha yrkesrelevans.

Ei fagskuleutdanning skal altså i større grad vere direkte kopla til arbeidslivet sitt behov.

Styret for fagskulen blir valt av fylkestinget.

Samanslåing

1. januar 2022 blei Fagskulen i Sogn og Fjordane og Fagskolen i Hordaland slått saman til Fagskulen i Vestland.