Tilskot til fagskular

Driftstilskotet til fagskular skal stimulere til god kvalitet og gjennomføring av høgare yrkesfagleg utdanning. Tilskotet skal samtidig bidra til å dekkje kompetansebehova i Vestland fylke og elles i eit nasjonalt perspektiv.

Alle fagskular i Vestland kan søkje om tilskot for høgare yrkesfaglege utdanningar som er godkjente av NOKUT, og som har godkjent studiestad i Vestland fylke. 

Frist for å søke midlar for tilbod med oppstart i 2027 er 1. november 2026 kl. 12.00. Fagskulen får svar på søknaden innan 10. januar 2027. Det er ikkje mogleg å sende inn søknad før 15. september 2026.

Det er den enkelte fylkeskommune som gjer vurderingar og tildeler midlane. Handsaming av søknadar er uavhengig av om eigar av skulen er offentleg eller privat. Tilskotet skal gje fagskulane eit driftsgrunnlag og ein stabil tilbodsstruktur. Tilskotet skal kome studentane til gode og det skal dekke driftsutgifter for fagskuleutdanning i Vestland.

Kunnskapsdepartementet har gitt nye retningslinjer for ordninga. Vi jobber med å oppdatere denne nettsida etter nye retningslinjer. De finn dei nye retningslinjane her

For å opne søknadsskjema må ein logge på med MinID.

Søknaden er ikkje opna for bruk enno. Den opnar 15.september 2026 for å søke midlar for tilbod med oppstart i 2027. Frist for å søkje er 1. november 2026 kl 12.00. 

Krav til søknaden

Søknaden må oppfylle følgjande minimumskrav:

  • Søknaden må vere levert innan søknadsfristen.
  • Søknaden må vere levert gjennom søknadsskjemaet for ordninga.
  • Søknaden må vere stadfesta av styreleiaren for fagskulen.

Søknader som ikkje oppfyller desse krava, kan bli avviste. Søkjar vil få ein kort tilleggsfrist for å rette mangelen der det er mogleg. I praksis gjeld dette berre stadfestinga frå styreleiaren ved fagskulen.

Merk at innhald i lenkjer i søknadene ikkje vil bli lese eller vurdert.

 

Tilskotsordninga skal bidra til å sikre høgare yrkesfaglege utdanningstilbod som møter både lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov. Ho skal og bidra til berekraft og det grøne skiftet, og til samfunnstryggleik og totalberedskap.

Basert på analysar av kompetansebehov har fylkeskommunen vedtatt at årets utlysing skal rette seg mot høgare yrkesfaglege utdanningar som dekkjer følgjande behov og prioriteringar:

  • Helse- og velferdsfag
  • Tekniske fag
  • Områder som er viktige for det grøne skiftet
  • Sikkerheit og beredskap
  • God tilgjengelegheit, slik som;

Tilpasse heiltid og deltid etter etterspørsel

Samlingsbaserte utdanningstilbod

Studiestad i ulike delar av fylket

  • Skular som etablerer seg i vestland og som samarbeider og støttar lokalt næringsliv med naudsynt kompetanse
  • Vi legg til grunn at eigenbetalinga ikkje hindrar deltaking i utdanningar. Obligatorisk semesteravgift til studentsamskipnaden er unnateke.

Vestland fylkeskommune jobbar med å utarbeide ei kompetansekartlegging som skal være førande for bruken av midlane i fylket. Denne vert lagt ut her når den er klar.   

Søknadene vil bli vurderte ut frå følgjande kriterium:

  • Relevans (opp mot føremålet for utlysinga): I kva grad dei delane av utdanningstilbodet som fagskulen søkjer om finansiering til bidreg til å oppnå føremålet med utlysinga slik det er oppgitt over (relevanskriterium).
  • Realisme: I kva grad fagskulen sine pågåande og/eller planlagde utdanningstilbod held høg kvalitet og er realistisk å gjennomføre (realismekriterium).

Fylkeskommunen vil prioritere å vidareføre eksisterande finansiering av fagskular, føresett at driftstilskotet har vore brukt i tråd med gjeldande vilkår og har gitt tilfredsstillande resultat, og at ein vurderer at vidareføring vil bidra til å oppnå føremålet med utlysinga.

I vurderinga av om desse føresetnadene er oppfylte, kan fylkeskommunen leggje vekt på evaluering av fagskulen si måloppnåing tidlegare år, dialog med fagskulen, årsrapportar og rekneskap frå fagskulen og andre rapportar og talmateriale som er eigna til å klargjere slike aspekt.

Vidareføringsprinsippet gir ikkje rett til tilskot for den einskilde fagskulen, men er eit verkemiddel for å bidra til solide fagskular med tilstrekkeleg sterke faglege og administrative miljø.

Tilskotet kan bli redusert dersom beløpet det er søkt om framstår urimeleg høgt eller urealistisk, eller dersom ein reduksjon blir vurdert nødvendig for å oppnå ei tilstrekkeleg breidde i fordelinga av midlane.

Ordninga er basert på satsar for stadbaserte og nettbaserte tilbod med fysiske samlingar og for reine nettbaserte tilbod.

Satsane i tilskotsordninga vert prisjustert i tråd med prisutviklinga i kommunal sektor (kommunal deflator), som vert lagt fram i statsbudsjettet for 2026.

Satsane følgjer ein norm tilrådd av det fylkeskommunale samarbeidet om høgare yrkesfagleg utdanning. Fylkeskommunen kan elles vurdere satsen individuelt for dei einskilde studietilboda. 

Tilskotet har like satsar for like tilbod uavhengig om fagskulen er offentleg eller privat.

Tilskotet bli fordelt i forholdet 80/20 som grunntilskot og resultatbasert tilskot. Meir om ordninga.

Fylkeskommunen skal sjå til at alle studieløp som det til ei kvar tid blir gitt tilskot for, kan vidareførast innan fylkeskommunen si budsjettramme for aktiviteten.

Sats per heitidsekvivalent student for 2026

Stadbaserte tilbod og nettbaserte tilbod med fysiske samlingar har ein sats på     85 500 kr. 

Reine nettbaserte tilbod (inkluderer digitale samlingar) har ein sats på 59 100 kr. 

Tekniske tilbod har ein sats på 87 713 kr. 

Det resultatbaserte tilskotet er på 23 000 kr.  

Med atterhald om endeleg vedtak av statsbudsjettet blir det lyst ut statlege midlar til nye studieplassar.

Opplysningane som fagskolane sender fylkeskommunen i samband med søknad om tilskot til drift vil bli delt med HK-dir, og vil kunne inngå i arbeidet med utvikling og dimensjonering av sektoren. 

Vestland fylkeskommune vil prioritere midlane til nye studieplassar etter same føringar på området som nasjonalt nivå.

Prioriterte områder er (ikkje i prioritert rekkefølgje): 

  • Helse og omsorgsfag 
  • Tekniske fag 
  • Områder som er viktige for det grøne skiftet  
  • Sikkerheit og beredskap

Studieplassane er foreslått som faste toårige studieplasser med full opptrapping, og midlane blir lagt inn med halvårseffekt hausten 2026.  

Midlar til nye studieplassar skal fordelast på bakgrunn av lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov i arbeidslivet, og kapasitet i fagskulane.

Fylkeskommunane søkjer HK-dir om midlar til nye studieplassar etter ein gjennomgang av kompetansebehov i arbeidsliv og kapasitet i fagskulane i eige fylke.

Prosessen skal sikre at veksten skjer på grunnlag av behov i arbeidslivet, og skal i tillegg bygge opp under fylkeskommunen som kompetansepolitisk aktør. 

Alle fagskular som tek i mot tilskot skal rapportera til DBH Fagskolestatistikk. Her finn de oversikt over rapporteringsdatoar.     

Når ein fagskole får tilskot til drift frå fylkeskommunen, godtek dei samtidig at fylkeskommunen får tilgang til fagskolen sine student-data i DBH-F. Fylkeskommunen har berre tilgang som er nødvendig for å forvalte tilskot til drift av fagskolar på ein god måte.