Føresette

Det kan vere vanskeleg å finne fram i jungelen av informasjon om søknad og inntak til vidaregåande opplæring. Vi har difor samla det viktigaste ein treng å vite på denne sida.

Det er i dag delt inn i 15 ulike utdanningsprogram og mange av desse er igjen delt inn i fleire programområde.

Eleven skal velje eit utdanningsprogram på Vg1. På Vg2 kan eleven, innan nokre utdanningsprogram, velje frå fleire programområde. T.d. kan eleven velje Bygg og anleggsteknikk på Vg1 og kan då blant anna velje mellom programområda Tømrar, Anleggsteknikk eller Betong og mur på Vg2.

Kvart programområde har ulike programfag. T.d. vil programområdet Tømrar ha programfag som Konstruksjonar og klimaskall, Materialeigenskapar, varmeisolering og tetting og Vinduer, dører og innvendig arbeid.

Du kan lese meir om dei ulike utdanningsprogramma og programområda på vilbli.no

Her finn du forklaring på dei vanlegaste omgrepa vi bruker:

  • Utdanningsprogram= det ein tidlegare kalla studieretning  
  • Programområde=eit fagområde som ein fordjupar seg i  innan eit utdanningsprogram.
  • Programfag= faga som er spesifikke for eit programområde. 
  • Vg1/Vg2/Vg3=Første/andre/tredje året på vidaregåande 
  • Ungdomsrett= Den retten ungdommen har til å kunne ta tre års vidaregåande opplæring etter fullført ungdomsskule. Ungdomsretten varer ut det skuleåret som startar det året ungdommen fyller 24 år. Dette er under føresetnad av at ungdomsretten ikkje er brukt opp tidlegare. 
  • Påbyggingsrett= Den retten ungdommen har til påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse eller fullført fag-/sveinebrev. Alle som får påbyggingsrett har brukt opp ungdomsretten sin. Påbyggingsretten gjeld ikkje påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2. 
  • Nedre poenggrense= poengsummen til den siste søkjaren som blei tatt inn.  

Desse tilboda kan alle i Vestland søkje på uavhengig av bustadkommune. Det blir ikkje gitt nærskulepoeng til desse tilboda sjølv om skulen ligg i nærskuleområdet til eleven

Studiespesialisering med førebuande IB (preIB) på Vg1

Dette er eit tilbod til elevar som vurderer å søkje om inntak til International Baccalaureate (IB) etter Vg1 Studiespesialisering. Førebuande IB er vanleg Vg1 Studiespesialisering der ein følgjer norske læreplanar og fagval. Det meste av undervisninga er på engelsk med erfarne IB-lærarar. Du kan lese meir om dette tilbodet på Bergen Katedralskole.

Treårig elektrofag med spesiell studiekompetanse

Dette er eit tilbod som er spesialtilpassa elevar frå ungdomsskulen som t.d. ønskjer å bli ingeniør, og der elevane alt frå første året i vidaregåande skule får opplæring som førebur dei på dette.

Tilbodet er fagleg krevjande. Søkjarar bør difor ha rimeleg gode karakterar frå ungdomsskulen og vere interesserte både i teoretiske og praktiske fag.

Les meir om tilbodet på Laksevåg og Bergen maritime videregående skole si nettside.

Treårig Helse og oppvekstfag med studiekompetanse

Dette er eit treårig tilbod for elevar frå ungdomsskulen som ynskjer eit praksisretta løp innan Helse og oppvekstfag. Opplæringa har same fag og tal timar som summen av eit ordinært toårig yrkesfagleg løp og Vg3 påbygg.

Meir om tilbodet finn du på nettsida til Nordahl Grieg videregående skole og Olsvikåsen videregående skole.

Studiespesialisering med teknologifag

Dette tilbodet kombinerer praktisk og teoretisk utdanning innanfor Studiespesialisering. Etter dei tre åra får elevane utdanning innanfor teknologiske fag som fører fram til at ein kan søkje høgskular og universitet som t.d. ingeniør, sivilingeniør eller andre tekniske-/naturvitenskaplege utdanningar.

Sotra vidaregåande skule si nettsida kan du lese meir om dette tilbodet.

4-årig yrkes- og studiekompetanse (YSK-modellen)

Denne utdanninga (tidlegare TAF) fører i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. Dei to første åra har ein status som elev og dei to siste åra har ein status som lærling med lærekontrakt. Ein vekslar mellom å gå på skule og arbeide i bedrift i vekene.

Følgjande skular i Vestland fylke har fylkesdekkande tilbod innan YSK-opplæring:

Knarvik vidaregåande skule har faga Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi og industrifag og Helse- og oppvekstfag

Fusa vidaregåande skule har faga Helse- og oppvekstfag, Naturbruk - marine fag, Restaurant- og matfag og Teknologi og industrifag

Måløy vidaregåande skule har faga Helse- og oppvekstfag, Naturbruk - marine fag og Teknologi og industrifag

Toppidrett

Frå og med skuleåret 2021/22 vil vurderinga av om eleven er kvalifisert som toppidrettsutøvar og inntaket til vidaregåande skule bli skilt.

Eleven søkjer ordinære utdanningsprogram og må i tillegg hake av under tilleggsopplysningar i søknaden i Vigo om at det blir søkt om spissa toppidrettstilbod gjennom Olympiatoppen Vest-Norge( OLTV).

Ungdommen må også fylle ut eit eige søknadskjema og sende til Olympiatoppen Vest innan søknadsfristen 1. mars. OLTV vil svare før 1. mai.

Dersom OLTV vurderer at eleven kvalifiserer som toppidrettsutøvar, men at søkjar ikkje har rett på nærskulepoeng til skulen ein søkjer toppidrett på, vil det bli tildelt nærskulepoeng til utdanningsprogrammet på skulen.

Eleven har rett til å halde fram på Vg2 og Vg3 ved same skule for alle studieførebuande utdanningsprogram , under føresetnad av at søkjaren er kvalifisert for inntak til neste nivå. Karakterinntaket gjeld derfor for inntak til Vg1.

Skular som har tilbod om spissa toppidrett i regi av OLTV:

Tertnes vgs og Amalie Skram vgs

For søkjarar som ønskjer idrettane symjing eller stuping kan det vere eit alternativ å søke Amalie Skram vgs på første ønskje og Tertnes vgs på andre ønskje.

Eleven skal søkje Vg1 studiespesialisering

Voss gymnas

Eleven skal søkje Vg1 idrettsfag. Meir informasjon ligg på skulen si nettside.

Sogndal vgs

For deg som ønsker å søke spissa toppidrett i fotball, må du søke ordinær Vg1 idrettsfag ved Sogndal vgs.

Det er inntil 5 plassar per årssteg som er sett av til deltaking i spissa toppidrettstilbod i fotball.

Hafstad vgs

For deg som ønsker å søke spissa toppidrett i volleyball ved Hafstad vgs, må du søke ordinær Vg1 studiespesialisering.

Det er inntil 5 plassar per årssteg som er sett av til deltaking i spissa toppidrettstilbod i volleyball.

Åsane vgs

For deg som ønskjer å søkje spissa toppidrettstilbod ved Åsane vgs, må du søkjer ordinær vg1 bygg- og anleggsteknikk.

Til Vg2 yrkesfag er det ikkje mogeleg å få rett til oppflytting til neste nivå, som i studieførebuande utdanningsprogram. Det er karakterbasert inntak til Vg2 og Vg3 yrkesfag, så her må du søkje på lik linje med dei andre søkarane til det programområdet du ønskjer.

Utveksling til utlandet

Elevane kan ta Vg2 i utlandet. Ein kan velje mellom Frankrike, Tyskland, USA og fleire andre land. Meir om dette tilbodet finn du på nettsidene våre.

Ungdomen kan søkje på alle skular i heile fylket, men det blir gitt tilleggspoeng dersom ungdommen vel skular som ligg i nærområdet sitt. Eleven høyrer til eit nærskuleområde utifrå kva kommune han/ho er folkeregistrert i.

Sjå kva skular som ligg i dei ulike områda

Kven gjeld det for?

Nærskuleprinsippet gjeld inntak til Vg1 frå skuleåret 2021/2022.
Dersom søkjar har føresette i to nærskuleområde vil det bli gitt nærskulepoeng i begge områda under føresetnad av at eleven fyller ut eit skjema for dette.

Kor mange poeng får søkjaren?

Søkjaren får 100 poeng som blir lagt til karakterpoenga frå grunnskulen.

Korleis får ein nærskulepoeng?

Dersom eleven vel å søkje på skulane i nærområdet sitt blir det gitt nærskulepoeng.

Dersom nærskulen(-ane) ikkje har utdanningsprogrammet eleven søkjer på, blir det gitt nærskulepoeng til alle skulane som har det tilbodet. Eleven kan då fritt velje kva skule han/ho ønskjer å søkje på.

Korleis skjer inntaket?

Dersom det er fleire søkjarar med nærskulepoeng enn plassar ved eit tilbod, konkurrerer søkjarane på karakterpoeng. Dei som ikkje kjem inn, får eit anna tilbod eller tilbod ved ein anna skule.

Dei som søkjer skular i nærskuleområdet sitt vil bli prioritert. Søkjer eleven på skular som ikkje gir nærskulepoeng konkurrerer eleven om ledige plassar når alle søkjarane med nærskulepoeng er tatt inn.

Unntak frå nærskuleprinsippet

Enkelte tilbod i dei vidaregåande skulane er såpass spesielle at dei ikkje har inntak etter nærskuleområde. Til desse tilboda konkurrerer søkjarane på karakterpoenga frå grunnskulen. Dette gjeld:

  • yrkes- og studiekompetanse (YSK)
  • Studiespesialisering med førebuande IB (Pre IB)
  • utdanningsprogrammet naturbruk
  • yrkesfaglege løp med studiekompetanse (elektrofag og helse- og oppvekstfag)

Det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal hjelpe ungdommen med å velje utdanning.

Utdanning.no kan du lese meir om kva du som føresett kan gjere.

Eleven søkjer til vidaregåande skule for kvart av dei tre åra. Det er på vigo.no søkjar legg inn søknaden. Eleven treng MinID for å logge på vigo.no.

Dersom eleven har problem med innlogginga kan ein ta kontakt med MinID-brukarstøtte på e-post brukerstotte@digdir.no eller telefon 800 30 300 (frå utlandet: +47 24 05 56 03). Meir om MinID

I søknaden legg eleven inn ønskjer i prioritert rekkjefølgje. Vi anbefaler at eleven søkjer på minst tre ulike skular på kvart utdanningsprogram/ programområde, gjerne fleire.

Søknadsfristen

Fristen for å søkje er 1. mars for ordinære elevar og 1. februar for dei som skal søkje fortrinnsrett, individuell behandling eller er minoritetsspråkleg søkjar.

Eleven kan søkje om å få omprioritert søknaden etter at søknadsfristen er gått ut, men det må då vere særlege grunnar som har oppstått etter søknadsfristen som gjer at søkjar vil/må endre søknaden.

Fristen for å søkje omprioritering er 1. juni og vi legg ut søknadsskjemaet på nettsidene våre i april/mai.

Vi har tre inntaksomgangar før skulestart i august. Dato for desse varierer litt frå år til år, men første inntak plar vere i starten på juli med svarfrist i slutten av juli. Dei to neste inntaka er i slutten av juli/starten av august. Vi legg ut informasjon på nettsidene våre om desse datoane i løpet av våren.

Grunnlaget for inntaket

Inntaket blir gjort på grunnlag av karakterpoeng. Det er standpunkt og eksamenskarakterane på vitnemålet frå 10. klasse, eller kompetansebeviset frå vidaregåande skular, som er poenggjevande.

Søkjarar til Vg1 kan i tillegg få nærskulepoeng dersom skulen ligg i nærskuleområdet til søkjaren. Meir om nærskuleprinsippet

Registrering av svar før inntaket (førehandsvar)

I perioden 1. mai til 30. juni kan søkjaren gå inn på vigo. no og registrere svaret sitt. På dette tidspunktet veit ein ikkje kva tilbod ein får, men det er likevel betre å svare Ja til plass og Ja til venteliste enn å miste plassen på grunn av manglande svar.

I den ordinære svarperioden i juli kan eleven likevel gå inn og endre svaret sitt dersom ein ønskjer det.

Beskjed om inntaksresultatet

Ved 1. inntaksomgang får alle søkjarar melding om at inntaksresultatet er klart, på sms eller i brev. Alle som har opplyst mobilnummer får sms medan dei som ikkje har opplyst mobilnummer får skriftleg melding.

Ved 2. og 3. inntak er det berre dei som får nye tilbod om plass (ikkje ved endring i ventelisteplass) som får sms/brev.

Når inntaket er klart loggar søkjaren seg inn på vigo.no for å sjå resultatet. Det er også på vigo.no søkjaren skal svare på tilbod om plass/ventelisteplass.

Merk at søkjaren kan logge seg inn på vigo.no og sjå resultatet sjølv om det ikkje er mottatt sms.

Dersom søkjar har fått nytt mobilnummer etter at søknaden blei registrert, må nytt mobilnummer leggast inn på vigo.no. Ta også kontakt med MinID slik at passord til vigo.no blir sendt til det nye nummeret.

Dei som ikkje har opplyst mobilnummer vil få skriftleg melding om inntaksresultatet. Dei skal svare på tilbodet på vigo.no

Korleis svare på inntaket

Dersom søkjar har fått plass på første ønskje må ein svare Ja eller Nei til om ein tar imot plassen.

Merk at søkjaren då ikkje kan stå på venteliste til lågare ønskjer.

Svarar søkjar Nei til plassen som er på ønskje 1, står han/ho utan plass i offentleg vidaregåande skule. Lågare ønskjer er då uaktuelle sidan søkjar fekk tilbod om plass på første ønskje sitt.

Dersom søkjar ikkje har fått plass på første ønskje, men på eit lågare prioritert ønskje, skal ein svare Ja eller Nei til om ein tar imot denne plassen. Dessutan skal søkjar svare Ja eller Nei til om ein framleis ønskjer å stå på venteliste.

Merk at ein sjølvsagt kan svare Ja til plass og Ja til venteliste.

Dersom søkjar ikkje har fått plass, må ein svare Ja eller Nei til om ein framleis vil stå på venteliste. Svaret ein gir gjeld for alle ønskja der søkjar står på venteliste.

Søkjaren kan endre svaret sitt så mange gongar han/ho ønskjer heilt fram til svarfristen går ut.

Utan svar etter 1. inntaksomgang blir søknaden ikkje med i 2. og 3. inntaksomgang.

Ved 3. inntaket treng ein berre registrere NEI-svar. Dersom søkjar tar imot plassen kan ein gjerne svare JA, men det viktigaste er at eleven møter på skulen første skuledag til oppgitt tidspunkt.

Svarfristar

Det er svarfristar på dei tre inntaksomgangane. Desse datoane vil vi legge ut på nettsidene våre i løpet av våren. Du kan også finne dei på vigo.no.

Vi anbefaler at søkjar registrerer svaret sitt på vigo.no så snart inntaksresultatet er klart. Skiftar søkjar meining kan svaret endrast før svarfristen går ut.

Merk at dersom ikkje svarfristen blir halden vil søknaden bli stoppa, og søkjar mister tilbod om plass eller venteliste.

Fleire søkjarar med same poengsum

Dersom fleire søkjarar står likt i konkurransen om den/dei siste plassane, blir det brukt maskinell loddtrekning for å avgjere kven som får tilbod om plass og kven som blir første på ventelista.

Endring i ventelisteplassering

Vi gjer merksame på at opplyst ventelisteplassering kan bli endra til høgare nummer ved ein seinare inntaksomgang.

Hovudgrunnane til dette er at søkjarar har fått medhald i klagebehandling av karakterar, eller at nye søkjarar har flytta til Vestland saman med føresette i inntaksperioden.

Endring i ventelisteplassering «feil veg» skjer sjeldan, og som oftast til utdanningsprogram/programråde med høg nedre poenggrense og få plassar.

Stryke ønskjer på venteliste

Dersom søkjar ønskjer å stryke eitt eller fleire ønskje frå ventelista, kan ein ta kontakt med Inntak på e-post. Vi kan ikkje registrere slike ønskje over telefon, og ønskje kan berre strykast dersom søkjar har fått eit skuletilbod etter 1. inntaksomgang.

Ikkje fått skuleplass etter 2. inntaket

Alle søkjarar med ungdomsrett vil få eit tilbod om plass før skulestart.

Venteliste og inntak etter skulestart

Etter skulestart står søkjarane framleis på venteliste og vil bli tatt inn dersom det blir ledige plassar. Blir det ledig plass tar skulen som eleven får plass ved kontakt med eleven.

Den vanlegaste grunnen til at det blir ledige plassar er at elevar ikkje møter til skulestart.

Frå 1. september er inntaket formelt avslutta, og ventelisteplassering vil ikkje lenger gjelde. Skulen kan då ta inn elevar uavhengig av tidlegare venteliste.

Det har inga hensikt å møte direkte på skulen for å få plass ved skulestart. Skulane skal følgje ventelista heilt fram til 1. september.

Poenggrense

Nedre poenggrense viser kva poengsum du må ha for å komme inn på dei ulike skulane og utdanningsprogram.

Poenggrensene endrar seg mellom inntaksomgangane. Når vi har utarbeidd ei oversikt over nedre poenggrense i pågåande inntak, vil den bli lagt ut på nettsida vår.

På nettsidene våre finn du også oversikt over nedre karaktergrense for tidlegare år.

Alle vidaregåande skular i Vestland har skulestart i midten av august, men frammøtetida kan variere frå skule til skule.

På vigo.no eller på heimesida til skulen eleven har fått plass ved finn ein meir informasjon om dette.

Førebuing til skulestart

Før ein skal starte på skulen må ein førebu seg når det gjeld:

  • Elev-PC - Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Eleven kan få ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune ved kjøp av datamaskin eller bruke eigen pc. Meir om elev-pc.
  • Lånekassen – Eleven kan søkje om utstyrstipend. Les meir om dette på Lånekassen.no
  • Skuleskyss – Både Skyss og Kringom har tilbod til elevane. Meir informasjon på Skyss og Kringom

Obligatorisk oppmøte første skuledag

Tilbodet om elevplass gjeld berre for den dagen skulen startar. Dersom eleven ikkje møter første skuledag blir ein stroken som elev, og kan ikkje krevje å få tilbake plassen seinare.

Har eleven gyldig fråværsgrunn (sjukdom eller annan sosial grunn, dokumentert av lege eller offentleg instans) må skulen varslast seinast første skuledag. Melding om fråvær gir ein til skulen over telefon eller e-post, og dokumentasjon må leverast første frammøtedag. Utan dokumentasjon kan ein ikkje rekne med å få behalde tildelt plass.

Eleven kan ikkje rekne med å få fri til feriereiser ved skulestart. Det er den einskilde skule som vurderer søknad om ev. permisjon ved skulestart. Inntak behandlar ikkje desse søknadane, så ta kontakt med skulen dersom de har spørsmål.

Kriteria for permisjon er strenge. Utan skriftleg permisjon frå skulen mistar eleven tildelt plass dersom ein ikkje møter første skuledag.

Dersom eleven møter til skulestart, men deretter ikkje møter dei to følgjande skuledagane utan å melde frå, vil ein også miste plassen utan nærare varsel. Same reglar som ovanfor om manglande frammøte første skuledag vil gjelde dersom ein seinare møter fram på skulen.

Vi har ei samordna skulerute som er rettleiande for alle skulane våre. Denne ligg på nettsida vår.

Men skulane følgjer i hovudsak kommunane si skulerute, så nokre av ferie- og fridagane kan variere frå skule til skule. Gå difor inn på skulen si nettside for å finne oversikt over ferie- og fridagar.

Du finn lenke til skuleoversikten på høgre side.