Elev-PC

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune.

Elev-PC for skuleåret 2021/2022

Datamaskina er eit nødvendig verktøy for deg så lenge du er elev ved ein vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune. Du vil bruke maskina både i undervisninga og til andre gjeremål. Du har sjølv ansvar for å stille med berbar datamaskin til skulestart.

Du kan velje:

  • å bruke eiga maskin eller kjøpe i butikk
  • kjøpe subsidiert elev-pc gjennom leverandøren til Vestland fylkeskommune

Programvare, brukar og systemtilgang

Som elev i Vestland fylkeskommune får du oppretta brukar i VLFK sitt nettverk. Du får tilgang til Microsoft Office 365, G-suite for Education og andre program som du treng i undervisninga så lenge du bruker Microsoft Windows eller macOS som operativsystem. Du får informasjon om korleis du lastar ned programvara på skulen. Maskina må oppdaterast jamleg.

Brukarnamn og passord blir sendt på SMS rett før skulestart. Vi bruker mobilnummeret du registrerte då du søkte skuleplass.

Ver merksam på at det i enkelte utdanningsprogram (t.d. teknikk og industriell produksjon, bygg- og anleggsteknikk og elektrofag) kan vere ein fordel å ha kraftigare maskin eller eit anna operativsystem enn det standardmodellen har. Ta gjerne kontakt med skulen din for å sjekke kva dei tilrår til ditt utdanningsprogram.

Du er berre kvalifisert til å nytte deg av ordninga dersom du er:

  • ny Vg1 elev i den offentlege vidaregåande skulen med ungdomsrett
  • elev som deltar i Innføringskurs for minoritetsspråklige
  • kursdeltakar i vaksenopplæring

Du får tilbodet om å kjøpe pc gjennom den fylkeskommunale ordninga berre éin gong, og du kan berre kjøpe éi maskin. Årsaka til det er at maskinane er subsidiert og derfor er rimelegare enn tilsvarande maskin kjøpt i butikk.

Dersom du tidlegare har starta på Vg1 vil du ikkje lenger vere kvalifisert til å nytte deg av ordninga, uavhengig av om du ikkje har nytta deg av tilbodet tidlegare.

Vaksenopplæring: Godkjenning av bestilling forutset at skulen har meldt deg inn som deltakar på vaksenopplæring. Ta kontakt med skulen du har søkt på dersom du meiner at du skal ha rett til å kjøpe maskin.

Om du er usikker på om du skal starte på ein offentleg vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune, må du vente til du har bestemt deg før du eventuelt kjøper ei maskin gjennom PC-ordninga. Ombestemmer du deg etter at du har bestilt, kan du angre kjøpet innan 14 dagar. Det er berre maskinar som ikkje er opna som blir tatt i retur. Om du ikkje følgjer desse retningslinjene vil du bli fakturert for subsidiebeløpet.

Merk at tilbodet må nyttast innan utgangen av desember 2021.

Grunnmodellen er i prinsippet kostnadsfri for alle elevar, fordi utstyrsstipendet frå Lånekassen dekker det du som elev skal betale. Den reelle kostnaden for maskina er høgare enn dette, men fylkeskommunen dekker resten.

Utstyrsstipendet må du søke om sjølv. Dette gjer du kvart skuleår på nettsidene til Lånekassen.


Spørsmål og svar:

"Eg har skifta studieprogram og startar på nytt i vg1. Kvifor blir bestillinga avvist?"
Ordninga gjeld berre nye vg1-elevar. Om du har gått vg1 før har du fått tilbod om å kjøpe før, og då får du ikkje tilbodet ein gong til.

Du kan bruke ei maskin du allereie eig eller kjøpe maskin i butikk. Krav til maskina:

  • Ho bør minst tilsvare standardmodellen som blir tilbydd av Vestland fylkeskommune. For enkelte utdanningsprogram (t.d. teknikk og industriell produksjon; bygg- og anleggsteknikk; elektrofag) kan det vere ein fordel å ha kraftigare maskin eller eit anna operativsystem enn det som finst i standardmodellen.
  • Maskina må anten ha operativsystem Windows (PC) eller OSX (Apple Mac).
  • Maskina må ha antivirus-program og den må oppdaterast jamleg.
  • Du må bruke ei datamaskin som fungerer utan internett.
  • Vel du å bruke Mac i eit utdanningsprogram som krev Microsoft Windows, vil du sjølv vere ansvarleg for å skaffa deg ein Mac som har Intel CPU, og du må skaffe deg ein Windows-lisens i tillegg slik at du kan kjøre programma i Windows på Mac-en..

Maskina di må vere god nok til læringsarbeidet på skulen. Den må ha Windows eller Mac OS, samt antivirus installert. Maskiner med «Windows S» kan ikkje brukast då dei ikkje kan installere dei programma du skal bruke.

Alle elevar får bruke MS Office 365 og digitale ordbøker gjennom avtalane våre. Som elev må du oppdatere maskina di jamleg og passe på å halde den i stand til å køyre desse programma. Du er sjølv ansvarleg for lagring og sikring av data (backup) samt generelt vedlikehald av maskina.


Spørsmål og svar:

"Kan eg kjøpe maskin hos ein annan leverandør og levere rekninga til fylkeskommunen?"
Nei, for å få subsidiert maskin må du bruke avtalen vår med Komplett, og deira nettbutikk.

"Kan eg kjøpe maskin ein annan stad og få utbetalt pengane?"
Beklagar, det kan du ikkje. For å få subsidiert (delvis betalt av fylkeskommunen) datamaskin må du bruke avtalen med leverandøren vår Komplett. 

"Kan eg bestille ei anna maskin hos Komplett?"
Nei, for å få subsidiert maskin kan du berre velje mellom dei modellane som står i tilbodet og i nettbutikken. 

Ulike utdanningsprogram bruker ulik programvare. Det er lurt å vurdere valet av datamaskin mot programvaren som du skal bruke.

Grunnmodellen

Denne maskina er av god kvalitet og vil passe til dei fleste utdanningsprogramma. Grunnmodellen er i prinsippet gratis fordi den blir dekt fullt ut av utstyrsstipendet frå Statens lånekasse over to år.

PC eller Mac?

For mange elevar vil PC vere det beste alternativet. På fleire av utdanningsprogramma blir det brukt programvare som berre fungerer på Windows. Dersom du likevel kjøper ein Mac må den ha Intel CPU, og du må skaffe deg ein Windows-lisens i tillegg slik at du kan kjøre programma i Windows på Mac-en. Ta kontakt med skulen for meir informasjon om dette.

Chromebook

Dersom du har ein chromebook vil du mellom anna få problem med å gjennomføre nettbaserte prøvar og eksamenar. Då må du bruke ein annan maskin - anten ein Windows-basert PC, eller ein Mac. Vi kan derfor ikkje tilrå chromebook til bruk i undervisninga.

Utdanningsprogram som krev meir yting

Nokre utdanningsprogram krev maskiner med større yting fordi ein bruker spesielle program, for eksempel Medium og kommunikasjonsfag (MK) eller Musikk, dans og drama (MDD). Du kan oppleve at grunnmodellen ikkje har tilstrekkeleg yting eller dei tekniske spesifikasjonane som blir kravd. Om du skal delta på eit av desse utdanningsprogramma bør du vurdere ei kraftig Windows maskin eller ein Mac.

Utdanningsprogram der Windows er naudsynt: 
I studieretningane TIP, Byggfag og Elektro blir det brukt programvare som berre fungerer på Windows. Dette gjeld for eksempel programvare for dataassistert konstruksjon (SolidEdge, DDS, MECA).

Medium og kommunikasjon: 
Skal du gå medium og kommunikasjon bør du kontakte skulen du har søkt på før du bestiller. Skulen kan gi deg råd om kva for modell som er best eigna for elevar ved medium og kommunikasjon.

Dersom du er usikker på om du kjem inn på dette tilbodet kan du bestille elev-pc, og heller avbestille undervegs. Betalinga blir då refundert til kontoen som blei brukt ved kjøpet.

Er du usikker, kan du sjå om skulen har tilrådingar på  heimesida si, eller ta kontakt med skulen.

iPad som alternativ til PC/MAC – Særskilt tilbod for elevar til tilrettelagte grupper

Elevar som går i tilrettelagte grupper (HTA/HTH) kan frå og med hausten 2021 bestille fylkessubsidiert iPad gjennom elev-PC-ordninga.
Den subsidierte iPaden fylket tilbyr kostar 2000,-

Du kan lese meir om ordninga og framgangsmåte for bestilling

Dell Latitude 3310

CPU: Intel Core i3-8145U
RAM: 8GB DDR4
HDD: 128GB M.2 PCIe NVMe SSD
Skjerm: 13,3" LCD FHD embedded touch
Vekt: 1,56kg
OS: Windows 10

Pris: 2000,-

Dell Latitude 3510


CPU: Intel Core i5-8265U
RAM: 16GB DDR4
HDD: 256GB M.2 PCIe NVMe SSD
GFX: Nvidia GeForce MX130
Skjerm: 15,6" FHD
Vekt: 1,98kg
OS: Windows 10

Pris: 4786,-

Macbook Air 13

Skjerm: 13,3’’ Retina skjerm med True Tone
Kamera på skjerm: 720p FaceTime HD camera
RAM: 8 GB
HDD: 256 GB SSD
Batteribrukstid: Opptil 18 timer
Vekt: 1,29 kg

Pris: 7545,-

 


Spørsmål og svar


Kan eg kjøpe maskin hos ein annan leverandør og levere rekninga til fylkeskommunen?"

Nei, for å få subsidiert maskin må du nytte vår avtale med Komplett, og deira nettbutikk.

"Kan eg kjøpe maskin ein annan stad og få utbetalt pengane?"
Beklagar, det kan du ikkje. For å få subsidiert (delvis betalt av fylkeskommunen) datamaskin må du nytte deg av avtalen med vår leverandør Komplett. 

"Kan eg bestille ei anna maskin hos Komplett?"
Nei, for å få subsidiert maskin kan du berre velgje mellom dei modellane som står i tilbodet og i nettbutikken. 

Maskina kjøper du direkte frå leverandøren vår gjennom bestillingsportalen:

Bestilling

For elevar i vidaregåande skule opna bestillingsportalen 9. juli. For deltakarar i vaksenopplæring opna den i midten av august.

For å garantere at maskina di blir levert før skulestart må du bestille før 2. august 2021. Utsendinga startar 2. august for dei som har bestilt før denne datoen, og deretter fortløpande.

Du kan bruke datamaskin, mobiltelefon eller nettbrett til bestilling. 

Logg deg inn på https://www.komplett.no/elev-pc/vestland for å komme til bestillingsportalen.

Siste frist for å bestille maskin for skuleåret 2021/2022:

  • For elevar i vidaregåande skule: 31. desember 2021
  • For deltakarar i vaksenopplæringa: 31. mars 2022

Tryggleiksavtale

Standardmodellen og den kraftige modellen har tryggleiksavtale (inkludert i Pro Support Plus – sjå forklaring på portalen ved bestilling), inkludert i prisen. Dersom du vel MacBook Air kan du sjølv velje om du ønskjer å kjøpe med Tryggleiksavtale særskilt i portalen.

Betaling

Betal bestillinga di med bankkort eller Vipps.

Du får kvittering sendt til den registrerte e-postadressa di. Ta godt vare på den då det er den einaste kvitteringa du får.

Informasjon om kjøpet ditt finn du på «Din side» i elev-PC portalen https://www.komplett.no/elev-pc/vestland

Gjeld berre elevar i VG1

Vel du avbetaling, må ein person over 18 år fylle ut eit tilleggsskjema før kjøpet blir godkjent. For å fylle ut skjemaet, må du bruke MinID eller BankID.

Vaksenopplæring

Dersom du er VO-elev vil bestillinga di først bli godkjent etter at du har fått skuleplass og skulen din har sendt inn klargjorte klasselister til registrering i systema våre.

Har du spørsmål kan du kontakte skulen din.

Utlevering

Maskina blir sendt til næraste Post i butikk.

Prisar

  Standardmodell Kraftig Windows PC Mac
Eigenbetaling elev 2000,- 4786,- 7545,-

 

Før ein eventuell reparasjon utanfor garanti eller som ikkje blir omfatta av tryggleiksavtale, vil det bli sendt eit kostnadsoverslag som må godkjennast. Dersom du er under 18 år, må reparasjonen godkjennast av føresette.

Apple garanti (PDF)
Dell Pro Support Plus (PDF)

For alle førespurnader rundt kjøp av Elev-PC og spørsmål knytt til dette, kan du kontakte Komplett Bedrift som er ansvarleg for avtalen.

Blir bestillinga avvist eller lurer du på om du har rett til å kjøpe PC, send skriftleg melding med fornamn og etternamn til Elevpc@vlfk.no