Søk inntak til vidaregåande
Fristen for å søkje inntak til vidaregåande opplæring er no ute. Les meir om inntaket i Vestland.
Inntak 2022
Søknadsfristen for ordinære søkjarar var 1. mars.
Søknad om fortrinnsrett, individuell behandling eller for minoritetsspråkleg søkjarar hadde søknadsfrist 1. februar. Meir om inntaket 1. februar
Søkje etter fristen
Ordinære søkjarar med ungdomsrett som ikkje har søkt innan fristen 1. mars, vil få 5 minuspoeng.
Du kan ta kontakt med oss på telefon 51 20 71 17 eller e-post: inntak@vlfk.no for å få tilsendt søknadsskjema.
Dersom det er tungtvegande grunnar for at søknaden blir sendt inn etter fristen, må du dokumentere dette.
Søkjarar utan ungdomsrett kan ikkje sende inn søknad etter fristen.
Dei tre inntaka med svarfristar
- Første inntak er 8. juli med svarfrist 15. juli.
- Andre inntak er 22. juli med svarfrist 29. juli
- Tredje inntak er 9. august og du takkar ja til ein ev. plass ved å møte opp på skulen første skuledag.
Meir informasjon
Informasjon om inntaket, spesielle skuletilbod og mykje meir finn du i Søkjarhandboka for skuleåret 2022/2023
Første skuledag
Første skuledag er 15. august for dei fleste skulane våre. Gå inn på skulen si nettside når det nærmar seg skulestart for å finne informasjon om tidspunktet du skal møte på skulen.
Ver merksam på at du mistar skuleplassen din dersom du ikkje møter første skuledag og ikkje har fått permisjon frå skulen.
Kven kan søke?
Dersom du er busett i Vestland fylkeskommune kan du søke om vidaregåande opplæring hos oss.
Du må ha fullført norsk grunnskule eller tilsvarande for å kunne søke plass i Vg1 (første året i vidaregåande opplæring). Søkjer du Vg2 eller Vg3 må du ha bestått Vg1 eller Vg2.
Oversikt over skuletilboda i Vestland fylke
Her finn du oversikt over kva skular som har kva utdanningsprogram:
Studieførebuande utdanningsprogram
Nedre poenggrense
Nedre poenggrense er poengsummen til den siste søkjaren som blei tatt inn.
Tidlegare skuleår
Nedre poenggrense etter 1. inntaket til skuleåret 2021/2022
Nedre poenggrense skuleåret 2020/2021 etter tredje inntaksrunde
Nedre poenggrense for skuleåret 2020/2021 etter første inntaksrunde
Nedre poenggrense Vg1 i tidlegare Sogn og Fjordane, skuleåra 2018/2019 og 2019/2020
Nedre poenggrense Vg1, Vg2 og Vg3 i tidlegare Hordaland, skuleåra 2017/2018, 2018/2019 og 2019/2020
Skjema
Ettersending av eventuelt manglande dokumentasjon
Bruk skjemaet under dersom du skal ettersende manglande dokumentasjon.
Kombinasjonsklasse
Vi tilbyr grunnskuleopplæring gjennom kombinasjonsklasse. Kombinasjonsklassane skal førebu og kvalifisere elevane til å starte i vg1.
Dette er eit frivillig tilbod som kommunar i Vestland, som har samarbeidsavtale med fylkeskommunen, kan la aktuelle deltakarar søkje på.
Les meir om kombinasjonsklasse på sida vår for minoritetsspråklege
Søk kombinasjonsklasse
Kommunar som har samarbeidsavtale med fylkeskommunen kan søkje inn elevar på dette tilbodet.
Søkt både kombinasjonsklasse og ordinær vg1/innføringsklasse
Dei som har søkt både kombinasjonsklasse og ordinær vg1/innføringsklasse må gi oss ei melding om kva dei prioriterer. Dette gjer du i skjemaet under. Frist for å svare er seinast 25. mars.
Minoritetsspråkleg søknad til vidaregåande opplæring – etter søknadsfrist
Inntak i anna region/melding om flytting
Dersom du skal flytte til eit anna inntaksområde eller flyttar til/med føresette til fylket vårt og skal søkje vidaregåande opplæring hos oss må du fylle ut skjemaet under.
Meldeskjema 1.oktober
Meldinga frå kommunane til fylkeskommunen om elevar som søkjer fortrinnsrett etter §§ 6-15, 6-17 og 6-18 i forskrift til opplæringslova må vere sendt til oss innan 1. oktober. Kommunen må sørgje for samtykke frå elev/føresette før informasjonen blir sendt.
Spørsmål kan rettast til Petter Tønjum tlf. 97585981, Kjersti Monstad Vea tlf
48998073 og Laila Ulvestad tlf 96942964
Søknad om utvida rett
Du kan søkje om:
- utvida tid etter § 3-1, 5.ledd
- utvida rett grunna t.d. sjukdom
- kurs over to år
Hugs å legge ved dokumentasjon.
Informasjonsskjema (meldeskjema)
Skjemaet kan brukast i samband med overgang frå ein skule til ein annan. Frist for innsending er 1. juni.
Omprioritering av søknad
Dersom du er ukvalifisert til inntak på høgare nivå kan du endre søknaden din her innan 1. juli.
Landslinje
Vedleggsskjema til landslinja skiskyting på Stryn vgs
Lånekontrakt for elevar i vidaregåande opplæring
Butilbod for døve elevar
Elektronisk søknad finn du når du sender vedleggsskjema om inntak etter § 6-18. Her kryssar du av for søknad om butilbod.
Spørsmål om butilbodet kan rettast til Laila Ulvestad på telefon 96942964 eller Laila.Ulvestad@vlfk.no
Opplæringsrett
Ungdomsrett
Ungdom som har gått på grunnskule eller tilsvarande opplæring, har lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Ungdomsretten gjeld ut det skuleåret som begynner det året du fyller 24 år.
Fullføringsrett
Dette gjeld alle som ikkje lenger har ungdomsrett eller vaksenrett, men som har begynt på ei ny vidaregåande utdanning. Retten er ikkje tidsavgrensa.
Denne gruppa blir prioritert etter søkjarar med Ungdomsrett og Vaksenrett (det vil sei prioritet 3 i inntaket).
Rett til vidaregåande opplæring i inntil to år ekstra
Elevar som har rett til spesialundervisning har rett til inntil to år ekstra i vidaregåande opplæring når eleven treng dette for å kunne nå opplæringsmåla for den einskilde. Det er krav om sakkunnig vurdering frå OT/PPT før vi kan gjere vedtak om utvida tid.
Retten gjeld også for elevar som har rett til opplæring i og på teiknspråk, for elevar som har rett til opplæring i punktskrift, og for elevar med rett til særskild språkopplæring. For desse elevgruppene gjeld ikkje kravet om å oppfylle vilkåra for spesialundervisning.