Retningslinjer for ikkje-skriftleg eksamen

NB! Fylkeskommunen sine lokale retningslinjer må sjåast på som tillegg til forskrifta og regelverkstolkingane til Utdanningsdirektoratet.

Forskrift til opplæringslova
Forskrift til opplæringslova regulerer alle lokalt gitte eksamenar. Forskrifta er revidert og forenkla i lys av endringane i nytt læreplanverk (LK20 og LK20S), og gjelder frå 1. august 2020.

Regelverkstolkingar av Utdanningsdirektoratet (Udir)
Rundskriv Udir 2-2020 beskriv og utdjupar forskrift til opplæringslova kapittel 3 om individuell vurdering. I del V Eksamen er alle utdjupingar om eksamenar.

Retningslinjer for Vestland fylkeskommune
Vestland fylkeskommune vil i lokale retningslinjer presisere enkelte område av reglementet som krev felles forståing og rammer.

Rektor må sikre at alle lærarar og elevar vert informert om gjeldande retningslinjer.