SF - Praktisk (P) eksamen

Fylkeskommunen sine retningslinjer må sjåast på som tillegg til forskrifta og rundskrivet til Udir.

§3-24 Melding til eksamen (lovdata.no)

Udir (rundskriv 2-2020)

Skulen har plikt til å melde opp eleven til eksamen. Det er fastsett i læreplanenen LK20 om faget avsluttast med eksamen eller ikkje, inkludert om eksamen er obligatorisk eller avgjerast etter trekk...

Vestland sine retningslinjer

Skulen må legge til rette for at melding om eksamen blir tilgjengeleg for elevane.

Elevane har ansvar for å skaffe seg den informasjonen dei treng og eventuelt lærestoff/ lærebøker.  

§3-26 Trekk til eksamen (lovdata.no)

Om elevar skal trekkjast til eksamen, eller om alle skal ha eksamen i faget, er fastsett i læreplanen.

Trekket skal vere kjent for elevane 48 timar før sjølve eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal skje på verkedagar.

Udir (Reglar for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

Trekkordninga for grunnskule og vidaregåande

§ 3-27 Førebuingsdel (lovdata.no)

Udir (rundskriv 2-2020)

...førebuingsdelen er ein del av opplæringa. Dette sjåast i samanheng med at førebuingsdelen skal avhaldast på verkedagar...

...Dette inneber at førebuingsdagen(e) er obligatorisk skuledag. Det betyr at elevane skal ha tilgang til skulen sine lokalar, kunne samarbeide med andre og ha tilgang til rettleiing frå ein faglærar...

...Det framgår av læreplanen om eksamen skal ha førebuingsdel. Dette er nytt med LK20...

...det er kompetansen som synast på eksamensdagen som skal vurderast og førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget.

Vestland sine retningslinjer

Endra 11.03.2022:

Dersom det framgår i læreplanar etter LK20 og LK20S at faget skal ha førebuingsdel, gjeld dette:

Utdanningsprogramma Kunst, design og arkitektur (KDA):

48 timar førebuing

Utdanningsprogram Medium og kommunikasjon (MK):

24 timar førebuing

Skulen vel korleis obligatorisk førebuingsdag(ar) skal organiserast. 

 

§ 3-22 Om eksamen

....Eksamen skal gi eleven eller privatisten høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Vestland sine retningslinjer

Sensorane skal lage rammer som gir eleven høve til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Sensorane skal leite etter kompetansen eleven har, ikkje etter det eleven ikkje kan.

3-25 Eksamensformer og varigheit (lovdata.no)

Udir (rundskriv 2-2020)

...Det er nytt at Utdanningsdirektoratet fastset tidsrammene for dei ulike eksamensformene. Tidligare har dette vore fastsett i forskrifta...

...Tidsrammene for praktisk eksamen er inntil 5 timar per kandidat...

Vestland sine retningslinjer

Endra 11.03.2022

Eleven skal vere i vurderingssituasjon i minimum ein time og inntil fem timar.

Eksamensforma er praktisk, og eksamen må gjennomførast med vurderingssituasjonar der eleven i stor grad får høve til å vise sin kompetanse i praksis. 

Bruk av hjelpemiddel

 Udir (Regler for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

...Tilgang til eller avgrensingar i digitale eller andre former for hjelpemiddel til eksamen, bør grunngjevast ut fra kompetansemåla i læreplanen, faga sin eigenart, faget sitt nivå og eventuelle nye digitale oppgåveformat.

Vestland sine retningslinjer

Alle hjelpemiddel utan kommunikasjon er tillate på praktisk eksamen.

Under sjølve eksamen kan kanditaten ta med seg notat, uavhengig av format, frå førebuingsdelen. Også bilete, grafar, lovverk og anna som kandidaten har vald ut for å vise kompetansen, kan reknast som notat.

Direkte opplesing frå notat, momentliste eller lysbildete-presentasjon er lite egna til å vise kompetanse i faget.   

§ 3-28 Sensur på lovdata.no

Udir (rundskriv 2-2020)

..Første ledd fastsett at det skal alltid vere to sensorar, både ved sentralt og lokalt gitt eksamen...

...Tredje ledd fastslår at ved lokale eksamenar skal minst ein av dei to sensorne vere ekstern. Faglærer skal være sensor dersom skoleeier ønsker det. Dersom sensorane ikkje er einige i vurderinga av ein kandidat, avgjer den eksterne sensoren. 

Vestland sine retningslinjer

Gjennom god dialog skal sensorane planlegge den praktiske gjennomføringa av eksamen. Sensor 1 har ansvar for å opprette kontakt med Sensor 2. Sensor 2 har ansvar for å skaffe seg tilstrekkeleg informasjon før eksamen.

Karakteren skal setjast på grunnlag av heile eksaminasjonen. Førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget.

Eleven har rett på munnleg grunngjeving. 

§ 5-10. Klage på karakter ved munnleg eksamen. Klageinstans og klagebehandling

Udir (Reglar for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

Eleven har rett til å klage på formelle feil som har hatt noko å seie for eksamensresultatet. Til munnleg eksamen er det ikkje høve til å klage på karakteren. Ved spørsmål om klage, har skulen ansvar for å rettleie eleven. 

Dersom eleven får medhald i ein klage, blir eksamenskarakteren annullert. Eleven kan velje om ho eller han vil gå opp til ny munnleg eksamen, med ny sensor. Viss eksamenen er trekkfag i vidaregåande, skal faget trekkast på nytt. 

Vestland sine retningslinjer

Informasjon om klage på eksamen finn du her.