Eksamen og standpunkt

Her har vi samla informasjon som du treng før, under og etter eksamen. Du vil også finne informasjon om klage på standpunkt.

Munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen

Eksamensdatoar for trekkeksamen blir tilgjengeleg i Visma InSchool 48 timar før eksamen.

Lokalt gitt skriftleg eksamen

Vigo IKS har ansvar for lokalt gitt skriftleg eksamen. Her er lenke til eksamensdatoane:

Datoar for lokalt skriftleg eksamen

Sentralt gitt eksamen

Utdanningsdirektoratet (Udir) har ansvar for sentralt gitt eksamen. Her er lenke til eksamensdatoane:

Datoar for sentralt gitt eksamen.

Dersom du har funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre særlege behov som gir deg vesentlege ulemper i forhold til andre på eksamen, kan du søkje om særskilt tilrettelegging. 

Du kan ikkje få tiltak som vil gi deg fordelar framfor andre elevar, eller tiltak som er så omfattande at du ikkje blir prøvd i kompetansemåla i faget. Det er heller ikkje mogleg å leggje til rette for å vege opp for manglande kompetanse eller norskkunnsskap.

Søknad må sendast til rektor ved Visma InSchool. Rektor avgjer om og korleis høva skal bli lagt til rette.

Lokalt gitt skriftleg eksamen

Vigo IKS har ansvaret for lokalt gitt skriftleg eksamen. Her er lenke til kor du finn tidlegare gitte eksamensoppgåver: 

Tidlegare gitte eksamensoppgåver - lokalt gitt

Sentralt gitt eksamen

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for sentralt gitt skriftleg eksamen. Her er lenke til kor du finn tidlegare gitte eksamensoppgåver:

Tidlegare gitte eksamensoppgåver - sentralt gitt

Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen, jf. § 3-3.

Eksamen skal deg høve til å vise din kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Her finn du lenke til kor du finn læreplan med kompetansemål:

Finne læreplan med kompetansemål.

 

Munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen

Alle hjelpemiddel utan kommunikasjon er tillate.

Under sjølve eksamen kan du ta med deg notat frå førebuingsdelen, uavhengig av format. Også bilete, grafar, lovverk og anna som du har vald ut for å vise kompetansen, er rekna som notat.

Direkte opplesing frå notat, momentliste eller lysbiletepresentasjon er lite eigna for å vise kompetanse i faget.

Lokalt gitt skriftleg eksamen

Vigo Iks har ansvar for lokalt gitt eksamen. Her finn du lenke til hjelpemiddel:

Tillate hjelpemidler på lokalt gitt eksamen.

Sentralt gitt skriftleg eksamen

Utdanningsdirektoratet (Udir) har ansvar for sentralt gitt skriftleg eksamen. Her finn du lenke til hjelpemiddel:

Tillate hjelpemidler på sentralt gitt eksamen.

Her finn du lenke til liste over tilgjengelege nettbaserte hjelpemiddel for prøver og skriftleg eksamen:

Nettbaserte hjelpemiddel til prøver og skriftleg eksamen

Lista er til ei kvar tid gjeldande og blir oppdatert kontinuerlig. 

Munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen

 Du får opplyst kva karakter du har fått når eksamen er ferdig.

Skriftleg eksamen

Om våren er karakterane frå skriftleg eksamen klare i siste del av juni, om hausten i starten av januar. 

Som elev i vidaregåande skule kan du klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd.

Du kan klage på alle standpunktkarakterar og ikkje-skriftleg eksamen dersom du meiner at reglane for å fastsette standpunkt ikkje er følgde.

For skriftleg eksamen har du også høve til å klage på eksamenskarakteren, og ikkje om reglar for fastsetting er følgde.

Du kan også klage på vedtak om å ikkje fastsette standpunktkarakter, såkalla Ikkje vurdering (IV) og karakter i orden og åtferd. Du kan ikkje klage på undervegsvurdering.

Resultatet av klagen kan bli ein dårlegare karakter enn den du hadde frå før. Difor bør du tenkje deg godt om før du klagar.

Klagefrist

Klagefristen er ti dagar frå du fekk vedtaket om standpunktkarakter.

Du har rett på grunngjeving før du klager

Vi tilrår at du ber om grunngjeving før du bestemmer deg for å klage. Ta kontakt med skulen din. Når du ber om grunngjeving, blir den nye klagefristen ti dagar etter at du fekk grunngjevinga.

Les meir her om korleis du sender inn klage:

Klage på eksamen og standpunkt

Ny eksamen

Dersom du får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har du rett til ny eksamen ved første ordinære eksamen (haust eller vår). Du vil få førespurnad frå skulen om å ta ny eksamen, og må godkjenne denne dersom du ønskjer å ta ny eksamen. 

Utsett eksamen

Dersom du på grunn av dokumentert fråvær ikkje kan møte til eksamen, har du rett til å gå opp til første påfølgande eksamen. Blir du sjuk under gjennomføringa av eksamen, må du melde frå til skulen om dette.

Ved utsett eksamen i trekkfag, skal trekking av fag skje på nytt. 

Særskilt eksamen

Dersom du får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har du rett til særskilt eksamen i faget. 

Dersom du ikkje går opp til første påfølgande eksamen, ved rett til ny, utsett eller særskilt eksamen, må du ta eksamen som privatist.

I snarvegar til høgre på sida finn du lenke til informasjon om privatisteksamen.